Hopp til hovedinnhold

Hovedmeny

Historisk arkiv Dette innholdet er arkivert og vil ikke bli oppdatert.

Statens helsetilsyn viser til brev av 3. september 2009 med utkast til forskrift om nasjonalt vaksinasjonsprogram og endringar SYSVAK-registerforskrifta.

Vi er samde med departementet i at det er rett og viktig å forskriftsfeste dei aktuelle normene som skal gjelde den aktuelle populasjonsretta vaksineringa. Dette sikrar føreseielege tilhøve for folk og for kommunane, og det forankrar eit mogeleg erstatningsansvar overfor den einskilde vaksinerte på ein truverdig og ikkje tvilsam måte i lovgjevinga. Etter vår vurdering er dessutan den epidemiologisk usikre stoda medio september 2009 slik at det er rimeleg å fremje eit slik utkast no.

Vi merker oss at departementet legg til grunn at ekstrakostnadene skal dekkjast ved ei eigenbetaling på 50 kroner. Grunnlagsmaterialet for dette overslaget er ikkje vedlagt, så difor er det vanskeleg å ta stilling til om det er eit rimeleg kostnadsnivå. Reint umiddelbart verkar det noko lågt, særleg om vaksinasjonsoppslutninga skrantar og få møter fram. Då bli det færre personar å fordele dei faste kostnadene på. Det er ikkje opplyst om grunnlagsdata frå barnevaksinasjonsprogrammet byggjer på marginalkostnadsoverslag eller gjennomsnittskostnader. Men det verkar som kostnadsoverslaget byggjer på nær full oppslutnad om vaksinasjonen. I samband med dette kan det også vere verdt å merke seg at barnevaksinasjonane for ein stor del blir gjevne saman med andre tenester på helsestasjonane, medan det for influensavaksinasjonen vil innebere etablering av ein ny temporær organisasjon.

I utgangspunktet er vi samde med departementet i at registrering i SYSVAK er viktig for å evaluere vaksinasjonen. Vi kan også slutte oss til vurderinga av at dette jamt over vil bli sett på som eit lite inngrep i forhold til integriteten til einskildmenneske. Likevel skal det ikkje undervurderast at nett dette kan bli eit konfliktpunkt i det vidare arbeidet. Særleg kan dette bli problematisert i samband med introduksjonen av ei ny web-løysing.

For tilliten både til vaksinasjonsordninga og til smittevernstyremaktene er det ekstremt viktig at den valde løysinga har stor teknisk integritet og i praksis ikkje kan svikte. Den oversende dokumentasjonen inneheld ikkje opplysningar om vurderingar av risiko og sårbarheit ved den aktuelle løysinga. Vi har difor ikkje grunnlag for å vurdere eller kommentere dette nærare.

Statens helsetilsyn er nøgd med at det blir presisert at vaksinasjon etter forskrifta skal vere omfatta av det allmenne kravet til eit internkontrollsystem for yting av sosial- og helsetenester. Sjølve formuleringa av § 8 i utkastet kunne kanskje vore noko meir presist, til dømes slik: Kommunens vaksinasjonstilbud etter denne forskriften skal omfattes av internkontrollsystemet etter lov om statlig tilsyn med helsetjenesten § 3 og forskrift om internkontroll i sosial- og helsetjenesten.

Vi merker oss at forskrifta blir fremja som vanleg, varig forskrift. Men både på grunn av den raske framgangen i arbeidet, og den manglande underlagsdokumentasjonen som vist til ovanfor, ser vi gjerne at ein alt no legg opp til ei grundig evaluering av forskrifta i løpet av sommaren 2010 slik at ein eventuelt kan justere forskrifta før sesongen 2010-2011.

Med hilsen


Lars E. Hanssen Geir Sverre Braut
ass. direktør

 

 

Saksbehandlar:  Geir Sverre Braut, tlf. 21 52 98 00

Kopi 
Helsedirektoratet
Nasjonalt folkehelseinstitutt
Fylkesmennene   
Helsetilsynet i fylket