Helsetilsynet

Fra: Statens helsetilsyn
Til: Helse- og omsorgsdepartementet
Dato: 30.09.2009
Vår ref.: 2009/911 L GSB
Deres ref.: 200903315-/KL

Statens helsetilsyn viser til oversending motteken her 24. september 2009. Vi orsakar at vi på grunn av den korte tidsfristen ikkje har hatt høve til å lage eit så utfyllande høyringssvar som saka kunne ha fortent. I det følgjande skal vi kort prøve å gje tilkjenne vårt syn på dei spørsmåla som er stilte til høyringsinstansane i oversendingsbrevet.

Vi merker oss at rapporten er avgrensa til å omhandle sekretariatsordninga for dei nasjonale forskingsetiske komiteane, dei regionale komiteane for medisinsk og helsefagleg forskingsetikk og det nasjonale granskingsutvalet. Statens helsetilsyn har ikkje erfaringar frå tilsynsarbeidet som gir oss grunnlag for særlege synspunkt på dei spørsmåla som blir stilte i høyringsbrevet.

Statens helsetilsyn følgjer langt på veg grunngjevinga frå utvalet for å tilrå modell II. Den tek også etter vår vurdering høveleg omsyn til dei omsyna som er omtala i punk 3 i høyringsnotatet. Særleg merker vi oss at den føreslegne ordninga tydeleggjer at det handlar om eit to-nivå-system.

Vidare meiner vi at det enno kan vere ein føremon å halde på dei regional organisering av det praktiske arbeidet på førstenivå, sjølv om den føreslege organiseringa med ein sentralt plassert direktør i praksis lett kan bli utfordrande. Vi vil her dessutan tilrå at ein vurderer om denne direktøren kan plasserast ein annan stad enn i Oslo.

Sekretariatet for granskingsutvalet er føreslege lagt saman med sekretariatet for dei nasjonale komiteane. Dette bør etter vårt syn vurderast nøye. Det kan tenkjast situasjonar der granskingsutvalet vil måtte kome inn på forhold som tidlegare er vurdert av ein av dei nasjonale komiteane. Det bør såleis vurderast i det vidare arbeidet om sekretariatet for granskingsutvalet bør få ei eiga forankring. Eit alternativ å vurdere kan då vere Justissekretariata, sjølv om dei ligg under eit anna departement.

Vi har ikkje grunnlag for å kommentere dei økonomiske følgjene av den føreslegne ordninga.

Med hilsen


Geir Sverre Braut (etter fullmakt)
assisterande direktør
Terje Jensen
avdelingsdirektør

 

 

Saksbehandlar: Geir Sverre Braut, tlf. 21 52 98 02