Helsetilsynet

Fra: Statens helsetilsyn
Til: Helsetilsynet i Rogaland
Dato: 20.12.2010
Vår ref.: 2008/659 L GSB

Dette brevet gjeld delegasjon av myndigheit etter § 67 i forskrift av 12. februar 2010 om helse-, miljø og sikkerhet i petroleumsvirksomheten og på enkelte landanlegg (rammeforskrifta).

Statens helsetilsyn blir gjennom ovannemnde forskrift, som blir sett i kraft 1. januar 2011, gitt myndigheit til å føre tilsyn på installasjonar og anlegg som er omfatta av petroleumsloven med forskrifter. Dette er ei vidareføring av gjeldande rett.

Statens helsetilsyn kan delegere denne myndigheita til andre. Statens helsetilsyn har vidare heirnel i § 1 i lov av 30. mars 1984 nr. 15 om statlig tilsyn med helsetjenesten til å avgjerde at fylkeslegen i eitt fylke (Helsetilsynet i fylket) skal ha større tenestekrins enn eige fylke.

Med grunnlag i heimlane som er nemnde ovanfor fastset Statens helsetilsyn med verknad frå 1. januar 2011 og inntil vidare at Helsetilsynet i Rogaland skal ha myndigheit til å føre tilsyn som fastsett i § 67 i forskrift av 12. februar 2010 om helse-, miljø og sikkerhet i petroleumsvirksomheten og på enkelte landanlegg (rammeforskrifta).
Tilsynsmyndigheita omfattar både installasjonar til havs og dei landanlegga som til ei kvar tid er definerte i § 6 e i rammeforskrifta. Tilsynsmyndigheita omfattar vidare også dei forskriftene og andre vedtak og avgjerder som fell inn under rammeforskrifta sitt verkeområde.

Statens helsetilsyn legg til grunn at tilsynet ved landanlegga skal skje i samarbeid med Helsetilsynet i det fylket der landanlegget ligg, og eventuelt også i samarbeid med kommunen når det gjeld forhold som kjem inn under reglane om miljøretta helsevem der kommunen er tilsynsmyndigheit.

Tilsynet skal gjennomførast i samsvar med dei avtalar om samarbeid som til ei kvar tid er gjeldande mellom Petroleumstilsynet og Statens helsetilsyn.

Tidlegare gitte delegasjonar frå Statens helsetilsyn om tilsyn med helseteneste, hygiene og helsemessig beredskap i petroleumsverksemda opphøyrer 31. desember 2010.

Med helsing

Geir Sverre Braut etter fullmakt
assisterande direktør

Terje Jensen
avdelingsdirektør


 

 

Saksbehandlar: Geir Sverre Braut, tlf. 21 52 98 02

Kopi  Helse- og omsorgsdepartementet. Petroleumstilsynet. Helsedirektoratet. Nasjonalt folkehelseinstitutt. Statens legemiddelverk. Statens strålevern. Fylkesmannen i Rogaland. Helsetilsynet i fylket (alle fylke). Hovudredningssentralane.