Hopp til hovedinnhold

Hovedmeny

Historisk arkiv Dette innholdet er arkivert og vil ikke bli oppdatert.

Statens helsetilsyn viser til brev frå departementet dagsett 14. desember 2010 vedlagt utkast til ny forskrift om kommunal beredskapsplikt.

På dei mest vesentlege punkta har vi ingen merknader til utkastet. Vi merker oss som særs positivt krava i §§ 7 og 8 om øvingar, evaluering etter øvingar og ikkje minst evaluering etter uønskte hendingar.

I og med at omgrepa risiko og sårbarheit står ganske sentralt, meiner Statens helsetilsyn at desse omgrepa burde vore nærare omtala i sjølve forskrifta. Det er ikkje umiddelbart eintydig korleis desse omgrepa skal oppfattast. Dei er heller ikkje nærare definerte i heimelsloven. For å unngå for store ulikskapar i planlegginga i ulike kommunar, bør det vurderast om desse omgrepa anten direkte eller indirekte kan gjevast eit nærare innhald i sjølve forskrifta. Den noko utydelege avgrensinga som ein kan finne i § 2 første ledd ("herunder...") og i § 2 tredje ledd ("blant annet omfatte") gjev ikkje særleg tydeleg rettleiing for kommunane om kva nivå og innhald ein skal kunne vente seg av den heilskaplege risiko- og sårbarheitsanalysen. Kort sagt: Dersom ein skal kunne vente seg meir enn det som kjem eksplisitt til uttrykk i forskriftsteksten slik den er i § 2 første og tredje ledd, må eventuelt omgrepa risiko og sårbarheit definerast nærare.

I § 4 er det etter vår vurdering skissert fornuftige krav til ein beredskapsplan. I tillegg til dei krava som er nemnde i bokstavane a) til e) vil Statens helsetilsyn føreslå følgjande to punkt:

f.) omtale av kjente grenseflater mot andre offentlege og private verksemder med beredskapsansvar

Dette gjeld til dømes offentlege verksemder som helseføretak, Mattilsynet og Kystverket, og private industriverksemder irekna landanlegg som har beredskapsansvar etter petroleumslovgjevinga. Eit slik krav er etter vår vurdering naudsynt dersom planen skal kunne seiast å vere samordna med andre relevante offentlege og private planar, jf. § 4 første ledd, siste setning.

g) planar for omstilling av ordincere kommunale verksemder under kriser og tilbakefering til ordinær verksemd etter kortvarige og langvarige kriser

Dette meiner vi er vesentleg for å sikre at kommunen så langt råd er kan oppretthalde ordinære tenester sjølv når ekstraordinære tiltak er sette i verk. Vidare er det ei allmenn røynsle frå kriser at normaliseringsarbeidet bør starte lenge før den eigentlege krisa er over.

Etter vår vurdering er det ikkje noko i denne forskrifta som kjem i konflikt med lov om helsemessig og sosial beredskap med forskrift eller beredskapskrav i medhald av smittevernlovgjevinga.

Med helsing

Geir Sverre Braut etter fullmakt
assisterande direktør

Terje Jensen
avdelingsdirektør