Hopp til hovedinnhold

Hovedmeny

Historisk arkiv Dette innholdet er arkivert og vil ikke bli oppdatert.

Statens helsetilsyn viser til utsending av 10. mai 2010 vedlagt utkast til forskrift om informasjonstryggleik m.v. i behandlingsretta helseregistra. Innleiingsvis vi vil peike på at det er veldig bra at eit så pass kritisk regelverk som dette både har fått ei grundig førebuing og blir følgt av god skriftleg dokumentasjon.

Statens helsetilsyn viser dessutan til dei meir prinsipielle synspunkta som vi fremja i førre høyringsrunden gjennom brev herfrå av 13. januar 2009. I det alt vesentlege ser vi det slik at det føreliggjande utkastet til forskrift tek opp dei aktuelle forholda på tilfredsstillande vis. Det er såleis ikkje grunn for oss å kome med mange merknader i denne runden.

Det er bra at det føreliggjande utkastet er godt samstemt med krava ikkje berre i helseregisterloven, men også krava i helsepersonelloven. Ikkje minst med tanke på framtidig tilsynsarbeid vil det gjere fortolkingane i konkrete situasjonar lettare.

Vi merker oss som positivt at samtykke er den grunnleggjande mekanismen som utløyser vidare tilgang til registrerte (strukturerte) opplysningar. Vi har ingen motførestellingar til dei snevre rammene som er skisserte for å kunne fråvike kravet om samtykke, jf. § 27.

Vidare merker vi oss det som positivt at forskrifta klårt stadfester sambandet mellom tryggleiksordningane etter denne forskrifta og dei allmenne reglane om internkontrollsystem i tenesteytande verksemder, jf.  §§ 5 og 6.

Vi er også samde med departementet i at det er behov for å forskriftsfeste kravet om å sikre at dei som skal bruke systema har tilstrekkeleg opplæring, jf. § 12. Det handlar her om opplæring i verksemdsspesifikke system og prosedyrar som ein ikkje kan rekne at det einskilde helsepersonellet sjølv vil kunne halde seg oppdatert om berre ut frå sine profesjonelle plikter.

Til § 18 kunne vi tenkje oss ei lita tilleggsformulering i siste setning: Ingen kan gjøre bruk av en tildelt autorisasjon i videre omfang enn det som følger av reglene om taushetsplikt, eller i strid med forbudet mot urettmessig tilegnelse av opplysninger i helsepersonelloven § 21 a.

Med hilsen


Geir Sverre Braut
fungerande direktør
Terje Jensen
avdelingsdirektør

 

 

Saksbehandlar: Geir Sverre Braut, tlf. 21 52 98 02