Hopp til hovedinnhold

Hovedmeny

Historisk arkiv Dette innholdet er arkivert og vil ikke bli oppdatert.

Statens helsetilsyn viser til brev av 21. juni 2010 med utkast til ny forskrift om helsekrav for personar som arbeider i petroleumsverksemda til havs. Det er godt at dette arbeidet no er i ferd med å bli ferdigstilt. I det alt vesentlege tykkjer vi det er eit tilfredsstillande utkast som no er lagt fram.

Overordna merknader

Vi merker oss som positivt at forskrifta tek omsyn til behovet for internasjonalt (europeisk) samarbeid om det praktiske arbeidet på dette området.

Vi har ingen innvendingar til at ein no innfører ei ordning med særlege legar til å gjennomføre slike undersøkingar. Sjølv om dette bryt med tidlegare praksis, meiner Statens helsetilsyn at erfaringane frå dei seinare tiåra syner at det er naudsynt at ein har særleg røynsle frå slikt arbeid for å kunne gjere forsvarlege vurderingar av tryggleiken. Ordninga vil då også vere i samsvar med til dømes det som gjeld for sjøfolk og luftfartspersonell.

I det alt vesentlege verkar også ansvarsforholda å vere godt avklara.

Bruken av omgrepet risiko

Vi har ingen merknader til dei allmenne krava til helse (§ 11). Vi har ikkje vurdert grunnlaget for spesifiseringa av dei detaljerte krava i vedlegget, men reknar med at dei er utforma slik at norske attestar også vil bli godtekne i utlandet.

Vi ser at omgrepet risiko er nytta i teksten i vedlegget. I vedlegget § 3 punkt 3 er det ikkje urimeleg å tolke ”økt risiko” som identisk med ”økt sannsynlighet”. I same paragrafen punkt 4 er det ikkje urimeleg å tolke det på same viset. Dette er kanskje ei noko snevrare forståing av risiko enn det som elles blir lagt til grunn i petroleumslovgjevinga, jf. merknadene til § 11 i ny rammeforskrift.

Statens helsetilsyn tilrår at ein vurderer å omformulere forskrifta på desse punkta. Poenget er vel å hindre at ein får ut personar med auka sannsynlegheit for akutt sjukdom med følgjer som kan vere ein tryggleikstrussel, og såleis gjennom kombinasjonen av sannsynlegheit og mogeleg konsekvens påverkar risikobiletet.

Nokre detaljar

§ 2 andre ledd gjev operatøren høve til å unnta personar frå forskriftskrava i særlege tilfelle. Dette er etter vår vurdering ein klok regel. Vi vil tilrå at det kjem til uttrykk at  operatøren skal halde samla oversyn over slike unntak og grunnlaget for dei, om ikkje dette følgjer av andre, allmenne krav til styringssystemet hjå operatøren. I så fall bør det kort omtalast i rettleiinga til denne forskrifta.

§ 16 første ledd er noko upresist. Det bør vurderast å skrive kort om kva som karakteriserer ein funksjon som inneber strengare krav til helse. Eventuelt bør det gjevast døme på dette i ei rettleiing.

§ 20 første setning er også noko upresis. Til dømes helsekrav for førarkort klasse D er vel i realiteten strengare, men det er vel ikkje slik at det erstattar ei helseerklæring etter dette regelverket, sjølv om førarkortundersøkinga skulle vere gjennomført av godkjent lege? Vi tilrår at ein skriv til dømes: ”….og fått helseerklæring for arbeid i petroleumsvirksomheten til havs eller annen relevant virksomhet etter annet regelverk….” Så kunne ein i rettleiinga t.d. peike på luftfart (helikopterflygarar) og sjøfart (folk med maritime sertifikat) som relevante verksemder.

Vi legg også til grunn at det ikkje må bli slik at Fylkesmannen i Rogaland må ta stilling til kvar slik sak i form av einskildvedtak. Det kan fort bli ei stor saksmengd, og vil dessutan verke ansvarsskyvande i forhold til korleis ordninga elles er tenkt å fungere.

Med hilsen


Geir Sverre Braut
fung. direktør
Terje Jensen
avdelingsdirektør

 

Kopi til: Helsedirektoratet

Saksbehandlar: Geir Sverre Braut, tlf. 21 52 98 02