Helsetilsynet

Fra: Statens helsetilsyn
Til: Fylkesmannen i Rogaland
Dato: 14.11.2011
Vår ref.: 2008/659 L GSB

Dette brevet gjeld delegering av myndigheit etter § 67 i forskrift av 12. februar 2010 om helse-, miljø og sikkerhet i petroleumsvirksomheten og på enkelte landanlegg (rammeforskrifta). Statens helsetilsyn viser til brev av 20. desember 2010 til Helsetilynet i Rogaland. Den delegeringa som blei gitt i det brevet opphøyrer 31. desember 2011. Tilsvarande ny delegering blir gjennom dette brevet gitt til Fylkesmannen i Rogaland med verknad frå 1.januar 2012.

Statens helsetilsyn er gjennom ovarnemnde forskrift gitt myndigheit til å føre tilsyn på installasjonar og anlegg som er omfatta av petroleumsloven med forskrifter.

Statens helsetilsyn kan delegere denne myndigheita til andre. Statens helsetilsyn har frå 1. januar 2012 også heimel i § 1 i lov av 30. mars 1984 nr. 15 om statlig tilsyn med helse- og omsorgstjenesten til å avgjerde at Fylkesmannen i eitt fylke skal ha større tenestekrins enn sitt eige fylke.

Med grunnlag i heimlane som er nemnde ovanfor fastset Statens helsetilsyn med verknad frå 1. januar 2012 og inntil vidare at Fylkesmannen i Rogaland skal ha myndigheit til å føre tilsyn som fastsett i § 67 i forskrift av 12. februar 2010 om helse-, miljø og sikkerhet i petroleumsvirksomheten og på enkelte landanlegg (rammeforskrifta).

Tilsynsmyndigheita omfattar både installasjonar til havs og dei landanlegga som til ei kvar tid er definerte i § 6 e i rammeforskrifta. Tilsynsmyndigheita omfattar vidare også dei forskriftene og andre vedtak og avgjerder som fell inn under rammeforskrifta sitt verkeområde.

Statens helsetilsyn legg til grunn at tilsynet ved landanlegga skal skje i samarbeid med Fylkesmannen i det fylket der landanlegget ligg, og eventuelt også i samarbeid med den aktuelle kommunen når det gjeld forhold som kjem inn under reglane om miljøretta helsevern der kommunen er tilsynsmyndigheit.

Tilsynet skal gjennomførast i samsvar med dei avtalar om samarbeid som til ei kvar tid er gjeldande mellom Petroleumstilsynet og Statens helsetilsyn, for tida avtale datert 3. november 2011 med vedlegg.

Med helsing

Lars E. Hanssen

Geir Sverre Braut
assisterande direktør

 

 

Kopi til:
Helse- og
omsorgsdepartementet
Helsedirektoratet
Nasjonalt folkehelseinstitutt
Statens legemiddelverk
Statens strålevern
Landets fylkesmenn
Hovudredningssentralane

Saksbehandlar: Geir Sverre Braut, tlf. 21 52 98 02