Hopp til hovedinnhold

Hovedmeny

Historisk arkiv Dette innholdet er arkivert og vil ikke bli oppdatert.

Helsetenestetilboda ved fødeinstitusjonar og helsestasjonar har ikkje teke tilstrekkeleg høgd for moglege konsekvensar av kort liggjetid ved fødeinstitusjonen i barseltida. På landsbasis er det store variasjonar både i innhald i og kvalitet på barselomsorga. Det viser rapporten frå tilsynet med barselomsorga i Noreg som Statens helsetilsyn gjennomførte i 2010.

Tilsynet har vore retta mot barselavdelingane i landet og knytt til liggjetid og samhandlingsavtalar med helsesystertenesta, med særleg merksemd retta mot «sårbare grupper».

Det blei henta inn opplysningar frå alle fødeinstitusjonane i landet og frå helsestasjonane i 50 av kommunane våre, medrekna seks bydelar i Oslo. For å få eit reelt bilete av korleis føde-/barselavdelingane og helsesystertenesta tek hand om helsetenestetilbodet til barselkvinner og det nyfødde barnet dei første vekene etter fødselen, undersøkte vi eit representativt utval pasientforløp ved å gå gjennom pasientjournalen til 100 barselkvinner og dei nyfødde barna deira.

Pasientforløpa avdekkjer eit betydeleg gap i barselomsorga frå tidspunktet da barselkvinna og barnet blir skrivne ut frå fødeinstitusjonen og fram til helsestasjonen er sett i beredskap for å kunne gi ei tilpassa oppfølging av familien og det nyfødde barnet. Brot i tenestetilbodet så kort tid etter ein fødsel trugar pasientryggleiken.

Statens helsetilsyn meiner fødeinstitusjonane og helsestasjonane må vurdere om risikoen for svikt i tenestene er akseptabel, og i fellesskap sjå til at dei gir ei samanhengande barselomsorg.

Barselomsorga bør betrast gjennom:

  • klare faglege krav til barselomsorgfrå styresmaktene
  • ei tydeleg fordeling av oppgåver og ansvar
  • forpliktande samhandling mellom tenestenivåa
  • individtilpassa barselomsorg ved fødeinstitusjonen
  • individtilpassa barselomsorg ved helsestasjonen.

-For alle kvinner og familiar er det viktig med ein trygg overgang frå sjukehuset til heimen. Barseltida må organiserast på ein måte som gjer at kvinner med helseproblem etter fødsel blir fanga opp og får tilbod om individuell oppfølging, seier direktør Lars E. Hanssen i Statens helsetilsyn.

Resultatet av dette tilsynet kan vere med på å systematisere og betre kvaliteten på barselomsorga ved fødeinstitusjonane (spesialisthelsetenesta) og ved helsestasjonane (kommunehelsetenesta) og styrkje samhandlinga mellom dei. Det står enno att mykje før målet om ei heilskapleg og samanhengande svangerskaps-, fødsels- og barselomsorg, er oppnådd.

Korleis tek fødeinstitusjonen og kommunen vare på behova til barselkvinna og det nyfødde barnet i barseltida? Rapport frå tilsyn med barselomsorga (pdf) Rapport fra Helsetilsynet 3/2011

Sammendrag av Rapport fra Helsetilsynet 3/2011 med lenke engelsk og samisk sammendrag