Hopp til hovedinnhold

Hovedmeny

Historisk arkiv Dette innholdet er arkivert og vil ikke bli oppdatert.

Bilde av forsiden

Korleis tek fødeinstitusjonen og kommunen vare på behova til barselkvinna og det nyfødde barnet i barseltida? Rapport frå tilsyn med barselomsorga

Rapport fra Helsetilsynet 3/2011
PDF

Dagens barselomsorg – stykkevis og delt

Artikkel fra Tilsynsmelding 2010
PDF

Denne rapporten viser resultata av det tilsynet Statens helsetilsyn gjennomførte med barselomsorga i 2010. Rapporten gir ei oversikt over korleis helseføretaka og kommunane definerer, legg til rette og gjennomfører barselomsorga.

Dette tilsynet undersøkte organisatoriske sider ved virksomhetenes generelle Dette tilsynet undersøkte organisatoriske sider ved korleis verksemdene generelt styrer barselomsorga, det vil seie planar og rutinar ved alle fødeinstitusjonar og ved helsestasjonar i 50 av kommunane i landet, medrekna seks bydelar i Oslo. Dette og skildringane av pasientforløpa frå fødsel til to–tre veker inn i barselperioden til 100 barselkvinner og dei nyfødde barna deira i pasientjournalane og helsekorta deira, er grunnlaget for funna og vurderingane i tilsynet.

Tilsynet viser at det på landsbasis er store variasjonar både når det gjeld innhald i og kvalitet på barselomsorga. Pasientforløpa avdekkjer eit betydeleg gap frå tidspunktet da barselkvinna og barnet blir skrivne ut frå fødeinstitusjonen og fram til helsestasjonen er sett i beredskap for å kunne gi ei tilpassa oppfølging av familien og det nyfødde barnet. Brot i tenestetilbodet så kort tid etter ein fødsel trugar pasienttryggleiken. Fødeinstitusjonane og helsestasjonane har ikkje tilpassa helsetilboda sine i barseltida til den korte liggjetida på fødeinstitusjonane etter fødsel, og dei individuelle behova til barselkvinna blir ikkje identifiserte og tekne hand om. Det er dessutan ikkje inngått forpliktande samhandlingsavtalar mellom helsetenestenivåa.

Statens helsetilsyn meiner fødeinstitusjonane og helsestasjonane må vurdere om risikoen for svikt i tenestene er akseptabel, og i fellesskap sørgje for ei samanhengande barselomsorg.

Barselomsorga bør betrast gjennom:

  • klare faglege krav til barselomsorga frå styresmaktene
  • tydeleg fordeling av oppgåver og ansvar som helsetenesta skal ha i barselomsorga
  • forpliktande samhandling mellom tenestenivåa
  • individtilpassa barselomsorg ved fødeinstitusjonen
  • individtilpassa barselomsorg ved helsestasjonen

Resultatet av tilsynet bør brukast til systematisere og betre kvaliteten på barselomsorga ved fødeinstitusjonane (spesialisthelsetenesta) og ved helsestasjonane (kommunehelsetenesta) og styrkje samhandlinga mellom dei.