Hopp til hovedinnhold

Hovedmeny

Historisk arkiv Dette innholdet er arkivert og vil ikke bli oppdatert.

Frå 2001 til 2007 blei det registrert 13 136 meldingar om uønskte hendingar i spesialisthelsetenesta. Éi av ti meldingar (10 prosent) gjeld unaturleg dødsfall.

Desse meldingane har verksemder i spesialisthelsetenesta sendt til Helsetilsynet i fylket etter § 3–3 i spesialisthelsetenestelova.  Meldeplikta  blir utløyst når det blir ytt helsehjelp og det skjer hendingar som har ført til, eller kunne ha ført til, betydeleg skade på ein pasient.

I denne perioden er det stor variasjon i meldefrekvensen, målt etter talet på meldingar per 10 000 døgnopphald, både mellom dei regionale helseføretaka (RHF) og mellom helseføretaka (HF).

Helse Sør-Øst RHF har den høgste meldefrekvensen. Sykehuset Østfold HF, Sykehuset Asker og Bærum HF, og Blefjell sykehus HF er dei tre helseføretaka med dei høgste meldefrekvensane.

5 prosent av alle meldingane gjeld hendingar som er knytte til fødslar.

27 prosent av alle meldingane gjeld hendingar som har med lækjemiddel å gjere.

17 prosent av alle meldingane gjeld hendingar som har skjedd i samband med psykiatrisk behandling.

17 prosent av alle meldingane gjeld hendingar som har skjedd i samband med fall.

Funna tyder på at institusjonane i spesialisthelsetenesta oppfyller meldeplikta i svært ulik grad. –Det er ikkje nødvenigvis dei helseinstitusjonane som melder flest uønskte hendingar,  der det faktisk skjer flest hendingar. Mange meldingar kan vere eit uttrykk for ein god meldekultur og eit kvalitetsarbeid som fungerer, seier direktør Lars E. Hanssen i Statens helsetilsyn.

8.9.2008