Hopp til hovedinnhold

Hovedmeny

Historisk arkiv Dette innholdet er arkivert og vil ikke bli oppdatert.

Fylkesmennene gjennomførte i 2015 og 2016 landsomfattande tilsyn med arbeidet kommunane gjer gjennom i Nav-kontoret med opplysning, råd og rettleiing og økonomisk stønad til ungdom i alderen 17–23 år.

Tilsynet avdekte manglar på fleire område innanfor dei sosiale tenestene til unge i ein sårbar situasjon. Helsetilsynet meiner at dette er alvorleg fordi det kan ha store konsekvensar for den enkelte og for samfunnet som heilskap. På den andre sida viser den relativt store delen tilsyn der det ikkje er funne lovbrot, at det er fullt ut mogleg å sikre forsvarleg tilgang til og tildeling av tenester til unge når kommunen og Nav innrettar tenestene med utgangspunkt i behova til dei unge. Dei kommunane som ikkje legg til rette for forsvarleg tilgjengelegheit og tildeling av tenester, kan finne døme på løysingar ved å gå gjennom tilsynsrapportane til fylkesmennene. 

Det blei gjennomført 71 tilsyn med til saman 73 kommunar og bydelar. I 30 av tilsyna fann fylkesmennene ingen lovbrot. I resten av tilsyna, som omfattar 43 kommunar, fann fylkesmennene svikt som har betydning for ei sårbar gruppe. I tillegg har fylkesmennene i landet samarbeidd med 150 kommunar som sjølve har gått gjennom sin eigen praksis på dei same områda som tilsynet omfatta. Det er i stor grad samanfall mellom det fylkesmennene har funne, og det kommunane sjølve har sett i sine eigne tenester.

Dei fleste norske ungdommar er under utdanning eller i arbeid, har god helse og går framtida trygt i møte. Dette tilsynet og denne rapporten ser på ein avgrensa del av velferdstenestene til den relativt vesle gruppa som av ulike grunnar ikkje er like trygge. Unge som treng sosiale tenester, har ulike og ofte samansette problem. Det kan dreie seg om utfordringar med å fullføre vidaregåande skole eller å skaffe seg inntekt gjennom lærlingplass eller jobb. Ganske mange har tilleggsbelastningar på grunn av familiesituasjon, einsemd, butilhøve, rusproblem eller dårleg psykisk eller fysisk helse. 

Formålet med sosialtenestelova er å «… fremme overgangen til arbeid, sosial inklu­dering og aktiv deltakelse i samfunnet» (sosialtenestelova §1). Opplysning, råd og rettleiing er – saman med eller utan økonomisk stønad – viktige verkemiddel for å bidra til å føre dei unge inn i aktiv samfunnsdeltaking. Unge som kan trenge denne typen hjelp, må få informasjon, og det må leggjast til rette slik at tenestene er reelt tilgjengelege.

«Med lua i handa?» Oppsummering av det landsomfattande tilsynet med kommunane sitt arbeid med sosiale tenester i Nav 2015 og 2016 – tenestene opplysning, råd og rettleiing og økonomisk stønad til personar mellom 17 og 23 år

Rapport fra Helsetilsynet 3/2017

Bilde av forsiden