Hopp til hovedinnhold

Hovedmeny

Historisk arkiv Dette innholdet er arkivert og vil ikke bli oppdatert.

Eit landsomfattande tilsyn med habiliteringstenester til born i fjor avdekte at tenestene varierer til dels svært mykje og  er ikkje likeverdige for målgruppa som har behov for habilitering. - Det er for store forskjellar i tilboda i og mellom kommunar og spesialisthelsetenestene til at dette kan fortsetje, seier direktør Lars E. Hanssen i Statens helsetilsyn.

Fylkesmennene og Helsetilsynet i fylka gjennomførte tilsyn med kommunale sosial- og helsetenester og einingar for barnehabilitering i spesialisthelsetenesta i 2006. Det blei undersøkt om verksemdene sikra at barn i alderen 0 – 18 år med medfødde, tidleg manifesterte og tidleg erverva nevrologiske tilstandar eller skadar i nervesystemet, blei fanga opp og fekk individuelt tilrettelagde og koordinerte tenester. Tilsyna blei gjennomført i 40 kommunar og 21 einingar for barnehabilitering.

I nær tre fjerdedelar av kommunane blei det avdekt manglar i rutinar og tiltak som skal sikre koordinert planlegging og regelmessig oppfølging av habiliteringstenester i samarbeid med barn og foreldre. Samla oversikt over behov og tiltak var mangelfull, og i praksis hadde ofte foreldra den koordinerande rolla. Om fastlege blei involvert i planlegging og evaluering av habiliteringstiltak varierte. Nær halvparten av kommunane hadde ikkje koordinerande eining, eller det var uklart kva oppgåver eininga skulle ha. Avlastingstilboda var ikkje individuelt tilpassa og/eller marginale i vel ein tredjedel av kommunane.

Enkelte barnehabiliteringstenester kunne ikkje gje så mykje rettleiing som nødvendig, og to tredjedelar av dei sikra ikkje at arbeid med individuell plan blei sett i gang. Ein tredjedel heldt ikkje fristen for å vurdere tilvisingar innan 30 verkedagar og behandlingsfristar som var sett. Måten resultat og tilrådingar om vidare tiltak etter førstegongs utgreiing blei formidla tilbake til relevante kommunale deltenester varierte. Mange stader fekk fastlege berre unntaksvis rapportar frå barnehabiliteringstenesta når andre hadde tilvist barna. Nokre stader kunne spesialisthelsetenestene ikkje gje eit så omfattande tilbod som dei unge vaksne hadde behov for, og som dei tidlegare hadde fått frå barnehabiliteringstenesta.

Fylkesmennene og Helsetilsynet i fylka følgjer opp dei aktuelle verksemdene til feila som blei påpeika, er retta.


Kontaktperson: Direktør Lars E. Hanssen, Statens helsetilsyn.

Ikkje likeverdige habiliteringstenestar.  Oppsummering av landsomfattande tilsyn med habiliteringstenester til barn 2006.  Rapport fra Helsetilsynet 4/2007