Hopp til hovedinnhold

Hovedmeny

Historisk arkiv Dette innholdet er arkivert og vil ikke bli oppdatert.

Samandrag

Fylkesmannen i Hordaland førte tilsyn med Voss kommune 21.-22. oktober 2014. Tilsynet er del av det første landsomfattande tilsynet med kommunens folkehelsearbeid og blir gjennomført hausten 2014 etter oppdrag frå Statens helsetilsyn.

Tema for tilsynet (lovlegkontrollen) er om kommunen har kome i gang med å ha jamleg oversikt over helsetilstanden til innbyggjarane og dei positive og negative faktorane som kan påverke denne. Fylkesmannen finn ikkje at kommunens arbeid er i strid med krav i folkehelselova og oversiktsforskrifta

Statens helsetilsyn har i tillegg gitt oppdrag om å kartleggje og gje ei vurdering av status i arbeidet med jamleg oversikt over helsetilstand og påverknadsfaktorar. Kommunen står fritt i å bruke denne vurderinga, sjå kapittel 6.

Vår dato 14.11.2014

Anne Grete Robøle
Seksjonsleiar

Grete Riise
Seniorrådgjevar

 

1. Innleiing

Fylkesmennene skal føre tilsyn med om kommunen oppfyller lovpålagte plikter i eller i medhald av §§ 4-9 og §§ 27 og 30 i lov om folkehelsearbeid (folkehelselova).

Fylkesmannens ansvar og mynde til å føre tilsyn følgjer av folkehelselova § 31, jamfør kommunelova kapittel 10A.

Tilsynet med Voss kommune 21.-22. oktober 2014 er del av eit landsomfattande tilsyn med kommunens folkehelsearbeid som fylkesmennene gjennomfører etter oppdrag frå Statens helsetilsyn.

Tema for tilsynet (lovlegkontrollen) er om kommunen er komen i gang med å ha jamleg oversikt over helsetilstanden til innbyggjarane og dei positive og negative faktorane som kan påverke denne.

Dersom det blir avdekt at kommunen ikkje har lagt til rette for og er i gang med oversiktsarbeidet, er dette brot på føresegn i folkehelselova. Kommunen blir då følgd opp inntil tilhøva er retta.

Dersom det kjem fram at kommunen har begynt arbeidet med jamleg oversikt, har Statens helsetilsyn gitt fylkesmennene i oppdrag å kartleggje og vurdere status i arbeidet. Kommunen står fritt i å bruke denne vurderinga.

Denne rapporten omtaler funn ved tilsynet, kva som kom fram i kartlegginga og vår vurdering.

2. Voss kommune

1. januar 2014 hadde Voss kommune 14168 innbyggjarar.

Voss kommune er organisert i fire kommunalavdelingar, teknisk, oppvekst, kultur og fritid og helse- og omsorg og funksjonar som er lagt til rådmannens stab . Kommunalsjefane er rådmannen si leiargruppe.

Her er lenkje til organisasjonskartet til Voss kommune.

Stilling for kommuneoverlege/interkommunal legevaktsjef er ledig og utlyst. Kommunen har søkt etter lege som er spesialist i samfunnsmedisin. Søknadsfristen var 12. oktober 2014.

Frå 13. oktober er det engasjert vikar for kommuneoverlege/legevaktsjef i 50 % stilling i tre- seks månader.  I tillegg til funksjonen som legevaktsjef er vikaren smittevernlege og skal vareta oppgåver innan miljøretta helsevern.

2.1 Organisering av folkehelsearbeidet

Voss kommune har gitt mandat til prosjekt «Helseoversikt» den 24. august 2014 og nedsett ei arbeidsgruppe som skal utarbeide oversiktsdokument, jamfør folkehelselova § 5.

Medlemmene i arbeidsgruppa er plan- og miljøvernsjef og spesialrådgjevar i staben til rådmannen, kommuneoverlege og idretts-/folkehelsekoordinator er. Rådmannen er prosjekteigar og leiargruppa er styringsgruppe. Prosjektperioden er fram til august 2015. Oversiktsdokumentet skal oppdaterast kvart år.

Dokumentet «Oversikt over helsetilstand og påverknadsfaktorar Voss kommune oktober 2014» omfattar påverknadsfaktorar, jamfør oversiktsforskrifta § 3, og byggjer på opplysningar frå Folkehelseinstituttet, Statistisk Sentralbyrå, Utdanningsdirektoratet, Nav og Hordaland fylkeskommune.

Vi fekk opplyst at oversiktsdokumentet no blir sendt til styringsgruppa og deretter ut til dei forskjellige einingane i kommunen for å få kommentarar og supplere kunnskapsgrunnlaget med opplysningar og vurderingar frå tenestene. Vi fekk og opplyst at når prosjektperioden er ute (august 2015), så skal arbeidet med oversikt over helsetilstanden og påverknadsfaktorar vere ei av dei faste oppgåvene for medlemmene i arbeidsgruppa og einingar i kommunalavdelingane.

2.2. Planprogram, planstrategi, planar og oversiktsdokument

Ved tilsynet og kartlegginga har Voss kommune vist til:

  • Kommuneplan for Voss 2011-2022, vedteken av kommunestyret 16. juni 2011.
  • Planstrategi for Voss kommune 2012-2015, vedteken av kommunestyret 6. september 2012.
  • Planprogram for rullering av kommuneplan for Voss 2015-2026, vedteken av kommunestyret 20. juni 2013.
  • Plan for idretts- og friluftsliv 2014-2017, vedteken av kommunestyret 10. april 2014. Føremålet med planen er å sikra at innbyggjarane i kommunen får eit godt tilbod om å kunne utøve friluftsliv og idrett i nærleiken av der dei bur.

    Kommuneplan 2015-2026 er lagt ut til høyring.
  • Kommuneplan for Voss 2015-2026 Arealdelen, planframlegg per 22. september 2014
  • Kommuneplan for Voss 2015-2026 Samfunnsdelen, planframlegg per 22. september 2014

Vi fekk opplyst at arealdelen er rullert og at i samfunnsdelen er handlingsprogrammet rullert og statusdelen oppdatert.

Temaplanar under arbeid:

  • Temaplan for oppvekst
  • Temaplan for kultur og fritid

3. Gjennomføring

  • Melding om tilsyn og kartlegging blei sendt 22. juli 2014.
  • Brev med vedlegg 10. september 2014 frå Voss kommune
  • Innleiande møte blei halde 21. oktober.
  • Samtalar med 16 tilsette i kommunen blei gjennomført i gruppe og enkeltvis.
  • Sluttmøte blei halde 22. oktober.
  • Skriftlege dokument som er tilsendt, lasta ned frå kommunens nettside, frå nettsida til Folkehelseinstituttet og dokument som blei overlevert 21. oktober, er oppført i kapittel 8.

4. Tilsyn, kartlegging og vurdering

4.1 Bakgrunn for val av tema for tilsynet

Oversikt over helsetilstanden og faktorar som kan påverke denne er ein nødvendig føresetnad for at kommunane skal ha eit kunnskapsbasert grunnlag for planlegging og tiltak. Kravet til kommunen om å ha slik oversikt var difor eit naturleg tema ved det første landsomfattande tilsynet med kommunens folkehelsearbeid.

Kommunane skal både ha jamleg oversikt og utarbeide eit samla oversiktsdokument kvart fjerde år som del av grunnlaget for planstrategien sin. Tilsyn med kommunens folkehelsearbeid skal vere tilpassa den fireårige plansyklusen. Ettersom dette tilsynet blir gjort hausten 2014, er det retta mot kommunens jamlege oversiktsarbeid.

Tilsynet (lovlegkontrollen) er avgrensa til å undersøkje om kommunen har kome i gang med eit systematisk  oversiktsarbeid.

Å ha kome i gang inneber at kommunen har lagt til rette for at dette arbeidet blir gjennomført slik folkehelselova og oversiktsforskrifta legg opp til, og at det er aktivitet på området.

Vi har undersøkt:

  • Om arbeidet har tilstrekkeleg forankring i kommuneleiinga.
  • Om det er avklart kva forhold kommunen har behov for å ha jamleg oppdaterte opplysningar om.
  • Om kommunen har lagt til rette for å kunne nytte aktuelle sentrale og lokale kunnskapskjelder.
  • Om kommunen har lagt opp til at arbeidet med å innhente, gjennomgå og vurdere opplysningane blir gjort tverrsektorielt.
  • Om oppgåvefordelinga er avklart og kjent for involverte einingar og sektorar.
  • Om kommunen sørgjer for at medarbeidarar har tilstrekkeleg kunnskap til å utføre oppgåvene sine, her også om kommunen sørgjer for å ha nødvendig samfunnsmedisinsk kompetanse.
  • Om leiinga i kommunen følgjer med på at det jamlege oversiktarbeidet har kome i gang og at det er aktivitet på området.

4.2 Kartlegging og vurdering av oversiktsarbeidet

I tillegg til lovlegkontrollen i det landsomfattande tilsynet er det ei målsetjing å medverke til at kommunane som er i gang, vidareutviklar arbeidet med å ha jamleg oversikt over helsetilstanden til innbyggjarane og positive og negative faktorar som kan verke inn på folkehelsa.

Folkehelselova og oversiktsforskrifta legg i stor grad opp til at kommunen ut frå lokale tilhøve og prioriteringar, sjølv vurderer kva som er nødvendig innhald, omfang av opplysningar og vurderingar for å ha jamleg oversikt.

På grunnlag av kartlegginga gir vi ei rettleiande vurdering av status i det jamlege oversiktsarbeidet.

Vi har mellom anna kartlagt:

  • Kommunens styring (internkontroll)
  • Kva folkehelseutfordringar kommunen har identifisert, og kva tilhøve kommunen har bestemt å ha ei jamleg oppfølging av.
  • Om kommunen har teke stilling til kva informasjonskjelder dei skal bruke og i kva grad opplysningar blir innhenta.
  • Om det blir gjort faglege vurderingar av dei innhenta opplysningane.
  • I kva grad opplysningar og vurderingar er skriftleg dokumenterte og tilgjengelege.

5. Fylkesmannens konklusjon ved lovlegkontrollen

Tilsynet (lovlegkontrollen) er avgrensa til å undersøkje om kommunen har kome i gang med eit systematisk oversiktsarbeid.

Fylkesmannen finn ikkje at kommunens arbeid på dette feltet er i strid med krav i folkehelselova og oversiktsforskrifta.

Vi har i dette tilfellet teke omsyn til at kommunen inntil nyleg har hatt lege med samfunns- medisinsk kompetanse med i oversiktsarbeidet. Då tilsynet blei gjennomført hadde vikar nyleg byrja i 50 % stilling og var førebels ikkje trekt inn i oversiktsarbeidet. Dersom det tek tid før lege med nødvendig kompetanse blir tilsett, må kommunen på annan måte sørgje for nødvendig samfunnsmedisinsk kompetanse til å vareta oppgåvene etter folkehelselova, jamfør folkehelselova § 27.

På grunn av at vikar for kommuneoverlege nyleg hadde begynt og førebels ikkje hadde oversikt over oppgåvene, har vi og sparsamt med opplysningar om miljøretta helsevern.

6. Fylkesmannens kartlegging og vurdering av status i det jamlege oversiktsarbeidet til kommunen

Kartlegginga har vi gjort ved å gjennomgå dokumenta som er lista i kapittel 8. Opplysningar om helsetilstand, påverknadsfaktorar og tiltak som er omtalte i dokumenta, har vi sett i samband med  opplysningar som vi fekk i samtalane med leiarar og tilsette 21. og 22. oktober.

God styring med folkehelsearbeidet føreset at ansvar og mynde er definert, at dei som skal utføre oppgåvene har nødvendig fagleg kompetanse, at det er klart kva område kommunen bør følgje med på, kva opplysningar som skal brukast og analyserast, at rutinane for arbeidet er kjende og at leiinga følgjer med.

Arbeidet med oversikt over helsetilstanden og påverknadsfaktorar er forankra hos rådmannen.

I samtalane fekk vi opplysningar som viser samanheng mellom planar og iverksette tiltak for å verne, førebyggje og fremje helse og trivsel og medverke til utjamning av sosiale skilnader. Oversikt over påverknadsfaktorar og vurderingar av dei blir nytta i planarbeid, t.d. ved rullering av kommuneplanen 2015-2026 og arbeid med  reguleringsplanar.

Opplysningar i samtalane vi hadde, tilseier at dei forskjellige einingane/sektorane er merksame på påverknadsfaktorar, om iverksette tiltak fungerer og behov for endring. Det var i stor grad også samanfallande vurderingar av kva utfordringar kommunen har i folkehelsearbeidet. Det er mangfald og breidde i  dei tiltaka som kommunen nyttar.

For å vidareutvikle oversiktarbeidet vil det etter vår vurdering vere nyttig om leiinga

  • tek stilling til og gjer det føreseieleg for leiarar og tilsette kva kunnskap frå dei kommunale helse- og omsorgstenestene som skal inngå, kven som har ansvaret for å formidle opplysningane og kva rutinar som gjeld, jamfør folkehelselova § 5 b.
  • tek stilling til og gjer det føreseieleg kva opplysningar om miljø og lokalsamfunn som skal inngå, kven som har ansvaret for å formidle opplysningane og kva rutinar som gjeld, jamfør folkehelselova § 5 c.
  • sørgjer for nødvendig samfunnsmedisinsk kompetanse.

7. Regelverk

Lov av 24. juni 2011 nr. 20 om folkehelsearbeid
Forskrift av 28. juni 2012 nr. 692 om oversikt over folkehelsen (oversiktsforskrifta)

8. Gjennomføring

Korrespondanse mellom Voss kommune  og Fylkesmannen i Hordaland.

  • Melding om tilsyn og kartlegging, brev av 22. juli 2014 frå Fylkesmannen i Hordaland
  • Brev av 10. september 2014 med vedlegg frå Voss kommune
  • Program 21.-22. oktober, brev av 3. oktober 2014 frå Fylkesmannen i Hordaland
  • Korrigering av program, e-brev 16. oktober 2014

Dokument som er tilsendt frå Voss kommune.

  • Brev av 10. september 2014 frå Voss kommune
  • Mandat for arbeidet med oversikt over helsetilstand og påverknadsfaktorar i kommunen, datert 28. august 2014
  • Oversikt over helsetilstand og påvirkningsfaktorar Voss kommune, august 2014
  • Planstrategi for Voss kommune 2012-2015
  • Planprogram for rullering av kommuneplan Voss 2015-2026, vedteke 20. juni 2013
  • Ungdomsundersøking Voss november 2013
  • Ungdata-undersøkinga i Voss 2013, vidaregåande skule og ungdomsskule
  • Plan for idrett- og friluftsliv 2014-2017

Dokument som er lasta ned frå kommunens nettside, frå Folkehelseinstituttet og Hordaland fylkeskommune:

  • Organisasjonskart Voss kommune
  • Saksframlegg, rullering av kommuneplanen 2015-2026 – offentleg ettersyn
  • Kommuneplan for Voss 2015-2026 samfunnsdelen, planframlegg 22. september 2014
  • Kommuneplan for Voss 2011-2022, vedteken av kommunestyret 16. juni 2011
  • Dokument til møte i kommunestyret 23. oktober 2014
    - Sak 84/14 Tilstandsrapport for grunnskule 2013
    - Sak 85/14 Tenesteanalyse for barnehageområdet i Voss kommune
  • Voss kommune, folkehelseprofil 2014
  • Dokument som blei overlevert 21. oktober:
  • Oversikt over helsetilstand og påverknadsfaktorar, Voss kommune, oktober 2014

9. Deltakarar

Tabellen under gir ei oversikt kven vi samtalte med og kven som var til stades ved det innleiande møtet med informasjon om tilsynet og kartlegginga 21. oktober og ved vår tilbakemelding 22. oktober.

Ikke publisert her

Frå Fylkesmannen i Hordaland deltok:
Ass. fylkeslege Kristin Cotta Schønberg, helse- og sosialavdelinga Seniorrådgjevar Grete Riise, helse- og sosialavdelinga Seksjonsleiar Anne Grete Robøle, helse- og sosialavdelinga (leiar) Seniorrådgjevar Merete Steen, Statens helsetilsyn (observatør)

Forfall 21. og 22. oktober:

Rådgjevar Grete Kathrine Jacobsen, kommunal- og samfunnsplanavdelinga

 


Alle tilsynsrapportene fra det landsomfattende tilsynet

2014 Kommuners folkehelsearbeid

Søk