Hopp til hovedinnhold

Hovedmeny

Historisk arkiv Dette innholdet er arkivert og vil ikke bli oppdatert.

Samandrag

Denne rapporten gjer greie for avvik og merknader som blei påpeikte innanfor dei områda som blei reviderte. Systemrevisjonen gjaldt følgjande område:

Fylkesmannen i Oppland har ført tilsyn med tenestene Vestre Slidre kommune tilbyr personar med psykisk utviklingshemming. Tilsynet hadde fokus på følgjande område:

  • Korleis kommunen sikrar tildeling av tenester etter helse- og omsorgstenestelova § 3-2, pkt 6 bokstavane a og b
  • Korleis kommunen sikrar utføring av desse tenestene utan bruk av tvang og makt
  • Korleis kommunen sikrar gjennomføring av planlagte tiltak etter helse- og omsorgstenestelova § 9-5, tredje ledd

Vi undersøkte korleis kommunen sørgjer for at personar med psykisk utviklingshemning får forsvarleg hjelp i kvardagen og at hjelpa blir endra når behovet blir endra. Det vil si frå ei endring har blitt oppdaga og meldt, saksutreiing og vedtaksfatting og til hjelpa er gitt. For at hjelpa skal være forsvarleg, må den være i et tilstrekkeleg omfang, gis til rett tid og ha forsvarleg kvalitet for den einskilde. Vidare har Fylkesmannen sett på kva kommunen gjer for å førebygge og hindre bruk av tvang og makt overfor personar med psykisk utviklingshemming, og om dei tilsette i kommunen faktisk gjer nytte av tiltak med tvang i situasjonar der det er behov for dette.

Det blei ikkje avdekt avvik eller merknader under dette tilsynet.

Dato: Lillehammer 26.10.15

Randi Marthe Graedler
revisjonsleiar

Inger Berg
revisor

 

1. Innleiing

Rapporten er utarbeidd etter systemrevisjon i Vestre Slidre kommune i perioden 06.07.15 – 26.10.15. Revisjonen går inn som ein del av den planlagde tilsynsverksemda hos Fylkesmannen i dette året.

Fylkesmannen har fullmakt til å føre tilsyn med sosialtenesta etter lov om sosiale tenester § 2-6.

Formålet med systemrevisjonen er å vurdere om verksemda tek hand om ulike krav i lovgivinga gjennom internkontrollen sin. Revisjonen omfatta å undersøkje om:

  • kva tiltak verksemda har for å avdekkje, rette opp og førebyggje brot på lovgivinga innanfor de tema tilsynet omfattar
  • tiltaka blir følgde opp i praksis og om nødvendig korrigerte
  • tiltaka er gode nok for å sikre at lovgivinga blir følgd

Ein systemrevisjon blir gjennomført ved å granske dokument, ved intervju og andre undersøkingar.

2. Omtale av verksemda – spesielle forhold

Vestre Slidre kommune har om lag 2.200 innbyggjarar. Miljøarbeidartenesta i kommunen har eigen avdelingsleiar som og er overordna ansvarleg for området helse- og omsorgstenestelova kap 9. Avdelingsleiar rapporterer til helse- og velferdssjef. Det er ein barnebustad i kommunen og i tillegg fire personar med psykisk utviklingshemming som bur i eigen bustad med heildøgns tenester. Det er fagansvarleg i kvar bustad.

3. Gjennomføring

Systemrevisjonen omfatta følgjande aktivitetar:

Revisjonsvarsel blei sendt ut 06.07.15. Oversikt over dokument som verksemda har sendt over i samband med tilsynet, er gitt i kapitlet Dokumentunderlag.

Formøte blei ikkje halde. 

Opningsmøte blei halde 25. august 2015.

Intervjuer

12 personar blei intervjua, kommunalsjefen på telefon uka før tilsynet.

Oversikt over dokumentasjon som blei gjennomgått under revisjonsbesøket, er gitt i kapitlet Dokumentunderlag.

Det blei gjennomført synfaring er i bustadane under dette tilsynet.

Sluttmøte blei halde 26. mai 2015.

4. Kva tilsynet omfatta

Tilsynet hadde fokus på følgjande område:

  • Korleis kommunen sikrar tildeling av tenester etter helse- og omsorgstenestelova § 3-2, pkt 6 bokstavane a og b
  • Korleis kommunen sikrar utføring av disse tenestene utan bruk av tvang og makt
  • Korleis kommunen sikrar gjennomføring av planlagte tiltak etter helse- og omsorgstenestelova § 9-5, tredje ledd

Vi undersøkte korleis kommunen sørgjer for at personar med psykisk utviklingshemming får forsvarleg hjelp i kvardagen og at hjelpa blir endra ved endra behov. Det vil seie frå ei endring har blitt oppdaga og meldt, saksutreiing og vedtaksfatting, og til hjelpa er gitt. For at hjelpa skal være forsvarleg, må den være i tilstrekkeleg omfang, bli gitt til rett tid og ha forsvarleg kvalitet for den einskilde. Vidare har Fylkesmannen sett på kva kommunen gjer for å førebyggje og hindre bruk av tvang og makt overfor personar med utviklingshemming, og om dei tilsette i kommunen faktisk nytter tiltak med tvang i situasjonar der det er behov for dette. Korleis kommunen sikrar opplæring og rettleiing av tilsette som utfører tenester til personar med psykisk utviklingshemming har vore eit viktig tema under tilsynet.

Under tilsynet undersøkte vi om det er utarbeidd rutinar på områda tilsynet omfatta, herunder om det er utarbeidd mål og tiltak for miljøarbeidet. Vi sjekka og om tiltaka er tilgjengelege og kjente for dei tilsette. Vi vurderte og om tiltaka er i samsvar med regelverket. Vi kontrollerte om praksisen er i samsvar med interne rutinar, samt om praksis er godt nok dokumentert i det materialet som blei lagt fram.

5. Funn

Det blei ikkje gjort funn som ga grunnlag for å gje avvik eller merknader under dette tilsynet.

Tilsynsorganet har elles merka seg:

  • Kommunen har lagt til rette for ein dag til administrasjon i veka for vernepleierane. Desse har og vernepleiarforum kvar veke.
  • Det er gode, gjennomarbeidde fagpermar.
  • Det blir gjennomført basismøter regelmessig.
  • Tenesta bær preg av at det blir lagt til rette for individuelt tilpassa tenester.
  • Miljøarbeidartenesta har ein leiar som er tydeleg, sett klåre krav og følgjer opp gjennomføringa.
  • Kommunen har tilsett personer med naudsynte kvalifikasjonar.

6. Regelverk

  • Lov om kommunale helse- og omsorgstjenester.
  • Lov om behandlingsmåten i forvaltningssaker.
  • Forskrift om internkontroll i sosial- og helsetjenesten.

7. Dokumentunderlag

Dokumentasjon frå verksemda knytt til den daglege drifta og andre viktige forhold som blei send over da revisjonen blei førebudd:

  • Delegasjonsreglement for Vestre Slidre kommune
  • Pleie- og omsorg – kompetanseplan for 2015
  • Opplæringsperm for miljøarbeidartenesta
  • Oversikt over tilsette i bustad; utdanning, stillingsstorleik og turnus
  • Prosedyre for uro på skulen
  • Prosedyre skadeavvergande tiltak i bustad
  • Systematisk skadeavvergande prosedyre

Dokumentasjon som blei gjennomgått under revisjonsbesøket:

  • Fagpermar for fem brukarar
  • Møtereferat

Korrespondanse mellom verksemda og Fylkesmannen:

  • Varsel om tilsyn 06.07.15
  • E-post frå kontaktperson 10.08.15
  • Oversending av dokumentasjon 13.08.15

8. Deltakarar ved tilsynet

Tabellen under gir ei oversikt over deltakarane på opningsmøte og sluttmøte, og over kva personar som blei intervjua.

Ikke publisert her

Frå tilsynsorganet deltok:
Randi Marthe Graedler, revisjonsleiar
Inger Berg, revisor