Hopp til hovedinnhold

Hovedmeny

Historisk arkiv Dette innholdet er arkivert og vil ikke bli oppdatert.

Ole Mathis Hetta

Ole Mathis Hetta har vore ei tydeleg stemme for den samiske pasienten. Han har i mange år arbeidd med samfunnsmedisinske spørsmål, som distrikslege, kommuneoverlege, kvalitetsrådgjevar og fylkelege.

I heile sitt virke har han vore oppteken av at helsetenesta må kjenne godt til og vise omsyn for det samiske språket og kulturen. Han har ofte blitt kontakta av samiske pasientar som ikkje har kjend seg forstått i den norske helsetenesta.

Hetta har også internasjonal røynsle frå ulike helseprosjekt i Sør-Sudan og Tanzania.

I dag arbeider Ole Mathis Hetta som seniorrådgjevar i samisk samfunnsmedisin i Helsedirektoratet.

Tayyab M. Choudri

Tayyab M. Choudri er leiar av Internasjonal helse- og sosialgruppe (IHSG), som han starta på 1990-talet. I gruppa har han teke opp eit bredt spekter av folkehelseproblem, som mental helse, kosthold og mosjon. Han har også teke opp meir sensitive tema, og har vore tydelg på at organisasjonen byggjer på menneskerettar og likeverd.

Internasjonal helse- og sosialgruppe samarbeider tett med ei rekkje norske organisasjonar og myndigheiter, og har funget som ein god kulturoversetjar for innvandrarar som strevar med å finne seg til rette i det norske systemet.

Choudri er utdana som hjelpepleiar i Noreg, og har studert psykologi og folkehelse i England.

Karl Evang-prisen

Karl Evang-prisen  blir årleg delt ut til personar eller organisasjonar som har gjort ein særskild og framifrå innsats for å fremje anten folkehelsa og sosiale tilhøve knytta til denne, rettstryggleik og tryggleik i barnevernet, helse- og/eller sosialtenestene, eller opplysningsarbeid og deltaking i samfunnsdebatten om viktige spørsmål på desse områda. Det blir lagt vekt på at dei som får prisen har ytt ein innsats ut over det som er forventa.

Komiteen som deler ut prisen er oppnemnd av Statens helsetilsyn.  

Ole Mathis Hetta og Tayyab M Choudri. Artikkel fra Tilsynsmelding 2013