Hopp til hovedinnhold

Vi har allereie sendt brev til Voksne for barn, Landsforeningen for barnevernsbarn, Forandringsfabrikken, NOBO Norsk Barnevernlederforening, Velferdsalliansen, Funksjonshemmedes fellesorganisasjon, Samarbeidsforumet for funksjonshemmedes organisasjoner (SAFO), Unge funksjonshemmede, Norsk forbund for utviklingshemmede, Mental Helse, Rådet for psykisk helse, Fagrådet – Rusfeltets hovedorganisasjon, Rusmisbrukernes interesseorganisasjon, Kreftforeningen og Pårørendealliansen.

Vi ønskjer også å gje andre brukar- og pårørandeorganisasjonar høve til å kome med forslag. Forslaga skal vere basert på informasjon og erfaringar frå organisasjonen sitt eige arbeid. Vi vil gjerne ha temaforslag på områda nedanfor:

  • Barnevern
  • Sosiale tenester
  • Kommunale helse- og omsorgstenester

Kor er det størst fare for svikt i tenestetilbodet og kva konsekvensar har det for dei som har tenester?

Forslaga bør vere prioritert slik at det som er viktigast for brukarane av tenestene, kjem først. Vi ber om at de grunngjev forslaga:

  • Kva byggjer de forslaget på? (til dømes namn på rapport, referer til statistikk eller liknande).
  • Kor alvorleg er faren for svikt for brukarane av tenestene (barnevernsbarn, pasientar, andre brukarar) og kva konsekvensar har det om det sviktar?
  • Kor ofte skjer slik svikt?

Kva er landsomfattande tilsyn?

Tilsynet si oppgåve er å undersøkje om lover og reglar blir følgde. Som tilsynsmyndigheit skal vi prioritere område

  • av stor betyding for enkeltmenneske sin rettstryggleik
  • der risikoen for svikt er stor
  • der konsekvensane av svikt for barn og deira familie og andre tenestemottakarar er alvorlege
  • der dei som trenger tenestene, ikkje sjølv kan forventast å ivareta eigne interesser

Ved landsomfattande tilsyn gjennomfører alle fylkesmenn tilsyn på same tenesteområde, med same tema og metode. Tema for slike tilsyn blir avgjort av Statens helsetilsyn etter ei brei innsamling av grunngjevne forslag frå fylkesmenn, direktorat, departement, ombod og andre fagmiljø, og Helsetilsynet sine eigne avdelingar. Nettstaden til Statens helsetilsyn, www.helsetilsynet.no, vil gje informasjon om kva for landsomfattande tilsyn som vert gjennomført.

Her finn de lenke til oversikt over landsomfattande tilsyn som er gjennomført tidligare år eller som allereie er bestemt skal gjennomførast.

Landsomfattende tilsyn. Alle landsomfattende tilsyn i de siste ti år

Landsomfattande tilsyn – historisk arkiv

Send oss eventuelle forslag innan 15. juni 2018 til .