Helsetilsynet

Kor har det svikta? Kor alvorleg er det? Kven har ansvaret for å rette opp feila? No kan du få svaret i Tilsynsmelding 2017.

I år kan de mellom anna lese om dette:

  • Bufetat har god akuttberedskap, men stemma til barnet blir ofte borte
  • Kommunikasjon på sosiale medium – rolleforståinga til helsepersonell og kravet til teieplikt
  • Pasientar med blodforgifting måtte vente lenge på antibiotikabehandling
  • Forsvaret har mangelfull dokumentasjon av helsehjelp i samband med oppdrag i utlandet
  • Er innførsel av celler og vev frå andre land farleg for pasientane?

I tillegg er det eit oversyn over tal og fakta frå ulike sider ved tilsynsverksemda.

Tilsynsmelding 2017

Inneheld også alle artiklane frå tilsynsmeldinga enkeltvis
forsidebilde Tilsynsmelding 2017