Helsetilsynet

Fra: Statens helsetilsyn
Til: Arbeids- og sosialdepartementet
Dato: 10.09.2015
Vår ref.: 2015/1421 1 SNE

Statens helsetilsyn er i utgangspunktet positive til å etablere og forbetre tiltaka som kan fremme overgangen til arbeid, sosial inkludering og aktiv deltaking i samfunnet. Slike tiltak er i tråd med føremålsfråsegna i sosialtenestelova og kjerneoppgåva i Nav fleire i arbeid og færre på trygd.

Siktemålet med dei føreslegne endringane i arbeidsmarknadstiltaka er å forenkle tiltaka og regelverket som regulerer dei. Statens helsetilsyn har ikkje tilsyn med nokon av dei aktuelle arbeidsmarknadstiltaka. Likevel kan dei vere aktuelle som tiltak for brukarar av dei kommunale sosialtenestene som eit alternativ, eller som supplement til desse.

Fleire av ordningane har stor likskap med Kvalifiseringsprogrammet og det er skildra i høyringsnotatet at eit nytt arbeidsforbetrande tiltak også kan vere aktuelt for deltakarar i KVP.

Å finne rett tiltak for den einskilde brukar og å tilpasse dette til brukaren sine føresetnader og behov er sentralt for ein skal lykkast med tiltaket.

Erfaringane frå det landsdekkjande tilsynet med Kvalifiseringsprogrammet i 2013 og 2014 viste manglar på områda kartlegging og brukarmedverking. I dette tilsynet blei det også konstatert svikt i gjennomføringa av arbeidsevnevurderingane ved fleire Navkontor. AEV vart gjennomførte på feil tidspunkt eller ikkje gjennomført i det heile. Dette til trass for at arbeidsevnevurdering er eit inngangsvilkår for deltaking i KVP, og resultatet av AEV er ein viktig del av grunnlaget for å gjere individuelle vurderingar og tilpassing av programmet.

Ein av konklusjonane i Vågengutvalgets innstilling er at Arbeidsevnevurdering er eit godt verkty for avklåring, men så vanskeleg å nytte at risiko for svikt og feil på grunn av manglande kompetanse er stor. I rapporten er det gjort framlegg om å utvikle ein ny og enklare metodikk.

På grunnlag av dette meiner vi at den føreslegne forenklinga av arbeidsmarknadstiltak og dei føreslegne endringane i regelverket må fylgjast av tilstrekkelege opplæringstiltak. Det bør òg presiserast at det er eit leiingsansvar å sikre dette og jamleg følgje med på at praktiseringa av ordningane er forsvarleg.

Med helsing

Jo Kittelsen etter fullmakt
assisterende direktør

Sverre Nesheim
seniorrådgiver

 

Brevet er godkjent elektronisk og blir derfor sendt utan underskrift

Saksbehandlar: Sverre Nesheim, tlf. 21 52 99 71