Helsetilsynet

Bilde av rapportens forside

Det heng dårleg saman. Landsomfattande tilsyn i 2017–2018 med kommunale tenester til personar med samtidig rusmiddelproblem og psykisk liding – oppsummeringsrapport

PDF

Rapporten i epub-format

EPUB

2017–2018 Tjenester til pasienter med psykisk lidelse og mulig samtidig ruslidelse

Søk

Et stykke igjen til likeverdige tjenester. Oppsummering av landsomfattende tilsyn i 2017–2018 med spesialisthelsetjenester til pasienter med psykisk lidelse og mulig samtidig ruslidelse

Rapport fra Helsetilsynet 5/2019
Bilde av rapportens forside

Sammenfatning av funn fra to landsomfattende tilsyn i 2017-2018 med tjenester til personer med psykiske lidelser og samtidig rusmiddelproblem – eller mulig samtidig ruslidelse

Rapport fra Helsetilsynet 7/2019
Bilde av rapportens forside

Veileder for landsomfattende tilsyn 2017 og 2018 med kommunale tjenester til personer med samtidig rusmiddelproblem og psykisk lidelse

Internserien 2/2017
PDF

Kommunale tjenester til personer med samtidig rusmiddelproblem og psykisk lidelse

Artikkel fra Tilsynsmelding 2018
PDF

Bestilling av trykte eksemplarer

Denne publikasjonen kan bestilles

Statens helsetilsyn gjennomførte landsomfattande tilsyn med dette temaet i 2017 og 2018. Tilsynet skulle gjennomførast av alle fylkesmenn og omfatte både spesialisthelsetenester, kommunale helse- og omsorgstenester og sosiale tenester. Denne rapporten er ei oppsummering av tilsynet med kommunale tenester til vaksne personar med samtidig rusmiddelproblem og psykisk liding.

Fylkesmennene fant lovbrot i to tredelar av dei undersøkte kommunane.

Nokre av funna var at tenesteytinga var tilfeldig og lite planlagd, og at tenestene var lite samordna. I mange kommunar blei ikkje situasjonen til brukarane undersøkt for å få eit heilskapleg bilete på kva utfordringar og ressursar dei hadde. Tenestene blei fleire stader i tillegg ytt lite planmessig. Det blei ikkje sett mål eller sett i verk tiltak, og tiltaka blei sjeldan evaluerte. Det vart også funne for liten merksemd mot den somatiske helsesituasjonen til brukarane og svikt når det gjeld hjelp med å mestre å bo.

I ein tredel av kommunane blei det påvist mangelfull samordning av tenester. Faren for at noko skal svikte, aukar når personar har behov for tenester frå fleire einingar i og utanfor kommunen samtidig. Rusmiddelproblem og psykiske lidingar heng ofte tett saman. Personar som slit med begge problema, er derfor sårbare for manglande heilskap i tenestetilbodet. For brukaren kan resultatet av mangelen på heilskapleg kartlegging, lite planmessig tenesteyting og mangelfull samordning bidra til å forverre situasjonen snarare enn å betre han.