Helsetilsynet

Samandrag

Fylkesmannen i Hordaland førte tilsyn med Fusa kommune 13.-14. oktober 2014. Tilsynet er del av det første landsomfattande tilsynet med kommunens folkehelsearbeid og blir gjennomført hausten 2014 etter oppdrag frå Statens helsetilsyn.

Tema for tilsynet (lovlegkontrollen) er om kommunen har kome i gang med å ha jamleg oversikt over helsetilstanden til innbyggjarane og dei positive og negative faktorane som kan påverke denne. Fylkesmannen finn ikkje at kommunens arbeid er i strid med krav i folkehelselova og oversiktsforskrifta

Statens helsetilsyn har i tillegg gitt oppdrag om å kartleggje og gje ei vurdering av status i arbeidet med jamleg oversikt over helsetilstand og påverknadsfaktorar. Kommunen står fritt i å bruke denne vurderinga, sjå kapittel 6.

Vår dato 14.11.2014

Anne Grete Robøle
Seksjonsleiar

Grete Riise
Seniorrådgjevar

 

1. Innleiing

Fylkesmennene skal føre tilsyn med om kommunen oppfyller lovpålagte plikter i eller i medhald av §§ 4-9 og §§ 27 og 30 i lov om folkehelsearbeid (folkehelselova).

Fylkesmannens ansvar og mynde til å føre tilsyn følgjer av folkehelselova § 31, jamfør kommunelova kapittel 10A.

Tilsynet med Fusa kommune 13.-14. oktober 2014 er del av eit landsomfattande tilsyn med kommunens folkehelsearbeid som fylkesmennene gjennomfører etter oppdrag frå Statens helsetilsyn.

Tema for tilsynet (lovlegkontrollen) er om kommunen er komen i gang med å ha jamleg oversikt over helsetilstanden til innbyggjarane og dei positive og negative faktorane som kan påverke denne.

Dersom det blir avdekt at kommunen ikkje har lagt til rette for og er i gang med oversiktsarbeidet, er dette brot på føresegn i folkehelselova. Kommunen blir då følgd opp inntil tilhøva er retta.

Dersom det kjem fram at kommunen har begynt arbeidet med jamleg oversikt, har Statens helsetilsyn gitt fylkesmennene i oppdrag å kartleggje og vurdere status i arbeidet. Kommunen står fritt i å bruke denne vurderinga.

Denne rapporten omtaler funn ved tilsynet, kva som kom fram i kartlegginga og vår vurdering.

2. Fusa kommune

Fusa kommune organisert etter tonivåmodell. Leiargruppa er rådmann og ass. rådmann på nivå ein og åtte einingsleiarar på nivå to. Einingsleiarane har delegert mynde innan personal, fag, økonomi og administrasjon.

1.januar 2014 hadde Fusa kommune 3829 innbyggjarar.

Kommunen har seks kommunale og ein privat barneskule og ein ungdomsskule med til saman 554 elevar. Skuleåret 2014-2015 har Fusa vidaregåande skule om lag 230 elevar og 80 vaksne elevar/studentar.

Kommuneoverlege tok til i stillinga 1. desember 2012. Han har 30 % stilling som medisinsk fagleg rådgjevar og er medlem i folkehelsegruppa.

2.1 Organisering av folkehelsearbeidet

«Folkehelsegruppa 2014-2015» blei oppretta våren 2014. Mandatet, datert 1.september 2014, seier mellom anna at denne gruppa skal vere ein kunnskapsformidlar, pådrivar og koordinator i arbeidet med oversikt over folkehelsa. Arbeidsgruppa er forankra i og rapporterer til leiargruppa.

Frå 1.januar 2014 er folkehelsearbeidet forankra i leiargruppa. Det er ei uttalt målsetting at folkehelsearbeid skal vere integrert i arbeidet i alle einingane i kommunen.

Fusa kommune var den første kommunen i Hordaland som utarbeidde oversiktsdokument, jf. forskrift om oversikt over folkehelsen § 5.

2.2. Planar

Fusa kommune har lagt fram følgjande:

  • Kommunedelplan for idrett og friluftsliv 2005-2014
  • Oppvekstplan 2010-2020: Fusa for framtida – trygg, stolt og sterk
  • Oppvekstplan 2010-2020, del II – grunnlagsmateriale og analyse
  • Velferdsplan 2010-2020: Gode kår i alle år
  • Fusa – midt i blinken. Samfunnsdelen til kommuneplanen 2011-2023
    Satsingsområda er:
    - Berekraftige lokalsamfunn
    - Treffsikre kommunale tenester
    - Samhandling og samarbeid.

    Hovudtema for satsingsområdet berekraftige lokalsamfunn er Fusa som naturkommune, bukommune og arbeidskommune.
  • Folkehelse og levekår i Fusa 2012-2016. Ein oversiktsrapport om folkehelseutfordringar i kommunen, datert 19. juni 2012.

    Rapporten omfattar opplysningar om og vurderingar av påverknadsfaktorar i oversiktsforskrifta § 3. Opplysningane er henta frå Statistisk sentralbyrå, Skoleportalen, Nav, Statens vegvesen, fylkeskommunens tannhelseregister, lokale undersøkingar og informasjon frå samtalar med fagpersonar innan ulike tenesteområde i kommunen.
  • Vedteken handlingsplan Fusa kommune 2014-2017, inkl. økonomiplan, årsbudsjett 2014 og rådmannen sine premissar
  • Framlegg til kommunal planstrategi for Fusa kommune 2014-2016
    Framlegget blei lagt fram for politisk behandling i kommunestyremøtet 16. oktober 2014.

3. Gjennomføring

  • Melding om tilsyn og kartlegging blei sendt 22. juli 2014.
  • E-brev med vedlegg 18. august 2014 frå Fusa kommune
  • Innleiande møte blei halde 13. oktober.
  • Samtalar med 10 tilsette i kommunen blei gjennomført i gruppe og enkeltvis. Samtale med kommuneoverlege blei gjennomført 28. oktober.
  • Sluttmøte blei halde 14. oktober.
  • Skriftlege dokument som er tilsendt, lasta ned frå kommunens nettside, frå nettsida til Folkehelseinstituttet og dokument som blei overlevert 13. og 14. oktober, er oppført i kapittel 8.

4. Tilsyn, kartlegging og vurdering

4.1 Bakgrunn for val av tema for tilsynet

Oversikt over helsetilstanden og faktorar som kan påverke denne er ein nødvendig føresetnad for at kommunane skal ha eit kunnskapsbasert grunnlag for planlegging og tiltak. Kravet til kommunen om å ha slik oversikt var difor eit naturleg tema ved det første landsomfattande tilsynet med kommunens folkehelsearbeid.

Kommunane skal både ha jamleg oversikt og utarbeide eit samla oversiktsdokument kvart fjerde år som del av grunnlaget for planstrategien sin. Tilsyn med kommunens folkehelsearbeid skal vere tilpassa den fireårige plansyklusen. Ettersom dette tilsynet blir gjort hausten 2014, er det retta mot kommunens jamlege oversiktsarbeid.

Tilsynet (lovlegkontrollen) er avgrensa til å undersøkje om kommunen har kome i gang med eit systematisk  oversiktsarbeid.

Å ha kome i gang inneber at kommunen har lagt til rette for at dette arbeidet blir gjennomført slik folkehelselova og oversiktsforskrifta legg opp til, og at det er aktivitet på området.

Vi har undersøkt:

  • Om arbeidet har tilstrekkeleg forankring i kommuneleiinga.
  • Om det er avklart kva forhold kommunen har behov for å ha jamleg oppdaterte opplysningar om.
  • Om kommunen har lagt til rette for å kunne nytte aktuelle sentrale og lokale kunnskapskjelder.
  • Om kommunen har lagt opp til at arbeidet med å innhente, gjennomgå og vurdere opplysningane blir gjort tverrsektorielt.
  • Om oppgåvefordelinga er avklart og kjent for involverte einingar og sektorar.
  • Om kommunen sørgjer for at medarbeidarar har .tilstrekkeleg kunnskap til å utføre oppgåvene sine, her også om kommunen sørgjer for å ha nødvendig samfunnsmedisinsk kompetanse.
  • Om leiinga i kommunen følgjer med på at det jamlege oversiktarbeidet har kome i gang og at det er aktivitet på området.

4.2 Kartlegging og vurdering av oversiktsarbeidet

I tillegg til lovlegkontrollen i det landsomfattande tilsynet er det ei målsetjing å medverke til at kommunane som er i gang, vidareutviklar arbeidet med å ha jamleg oversikt over helsetilstanden til innbyggjarane og positive og negative faktorar som kan verke inn på folkehelsa.

Folkehelselova og oversiktsforskrifta legg i stor grad opp til at kommunen ut frå lokale tilhøve og prioriteringar, sjølv vurderer kva som er nødvendig innhald, omfang av opplysningar og vurderingar for å ha jamleg oversikt.

På grunnlag av kartlegginga gir vi ei rettleiande vurdering av status i det jamlege oversiktsarbeidet.

Vi har mellom anna kartlagt:

  • Kommunens styring (internkontroll)
  • Kva folkehelseutfordringar kommunen har identifisert, og kva tilhøve kommunen har bestemt å ha ei jamleg oppfølging av.
  • Om kommunen har teke stilling til kva informasjonskjelder dei skal bruke og i kva grad opplysningar blir innhenta.
  • Om det blir gjort faglege vurderingar av dei innhenta opplysningane.
  • I kva grad opplysningar og vurderingar er skriftleg dokumenterte og tilgjengelege.

5. Fylkesmannens konklusjon ved lovlegkontrollen

Tilsynet (lovlegkontrollen) er avgrensa til å undersøkje om kommunen har kome i gang med eit systematisk oversiktsarbeid.

Opplysningar som kom fram ved tilsynet, tilseier at Fusa kommune kan vidareutvikle styring (internkontroll) med og konkretisering av kva område som det er nødvendig å ha jamleg oversikt over.

Fylkesmannen finn likevel ikkje at kommunens arbeid på dette feltet er i strid med krav i folkehelselova og oversiktsforskrifta.

Fylkesmannen har teke omsyn til at framlagte planar og informasjon om iverksette tiltak viser at kommunen over tid har vore merksam på og lagt vekt på å styrkje positive påverknads- faktorar. Det ligg føre oversiktsdokument frå 2012, Folkehelse og levekår i Fusa 2012-2016.

6. Fylkesmannens kartlegging og vurdering av status i det jamlege oversiktsarbeidet til kommunen

Kartlegginga har vi gjort ved å gjennomgå dokumenta som er lista i kapittel 8. Opplysningar om helsetilstand, påverknadsfaktorar  og tiltak som er omtalte i dokumenta, har vi sett i samband med  opplysningar som vi fekk i samtalane med leiarar og tilsette 13. og 14. oktober.

God styring med folkehelsearbeidet føreset at ansvar og mynde er definert, at dei som skal utføre oppgåvene har nødvendig fagleg kompetanse, at det er klart kva område kommunen bør følgje med på, kva opplysningar som skal brukast og analyserast, at rutinane for arbeidet er kjende og at leiinga følgjer med.

Gjennom arbeidet med oversiktsdokumentet, Folkehelse og levekår i Fusa 2012-2016, identifiserte kommunen grupper og område og som det er grunn til å gje særskilt merksemd. Tiltak for trygg oppvekst, aktivitet og tilrettelegging for meistring og utvikling hos barn og unge er satsingsområde som kommunen særleg følgjer med på.

Folkehelselova og oversiktsforskrifta legg opp til at det skal vere samanheng mellom det jamlege oversiktsarbeidet og det meir omfattande skriftlege dokumentet om identifiserte folkehelseutfordringar, årsaker og konsekvensar som skal inngå i grunnlaget for arbeidet med planstrategi. Informasjon frå oversiktsdokumentet, Folkehelse og levekår i Fusa 2012-2016 er lagt til grunn i arbeidet med kommunal planstrategi 2014-2016. I samtalane fekk vi opplysningar som viser samanheng mellom planar og iverksette tiltak for å verne, førebyggje og fremje helse og trivsel og medverke til utjamning av sosiale skilnader.

Kommunen nyttar mange tiltak i folkehelsearbeidet og det er kopla til arbeid etter plan- og bygningslova.

Styring med oversiktsarbeidet og evaluering av tiltak som er sette i verk, kan likevel betrast. Informasjonen vi fekk, tyder på at kjennskapen til kommunens folkehelsearbeid varierer.

Ved endringar i organisering frå og med 1. januar 2014 blei det tilsett fire nye einingsleiarar og folkehelsearbeidet blei forankra i eining Helse, familie og velferd. Det ikkje ut til å vere tydeleg nok kommunisert om og kva som eventuelt er prioriterte område i arbeidet med oversikt over påverknadsfaktorar, og kva som er venta av dei enkelte einingane i denne samanheng. For å verkeleggjere målsettinga om at folkehelsearbeidet skal vere integrert alle einingar, vil det difor vere nyttig å informere, drøfte og ta stilling til kva det konkret inneber for kvar enkelt eining og avklare oppgåvefordelinga mellom einingsleiarane og arbeidsgruppa (folkehelsegruppa). For systematisk og effektiv innsamling og vurdering av data vil det og vere til hjelp å avklare kva som er eigna data, kva rutinar som trengst for å samle inn og oppdatere data og, ikkje minst, kva kompetanse som skal til for å analysere opplysningane. Samfunnsmedisk kompetanse er nødvendig i dette arbeidet. Vi har fått noko

ulike opplysningar om oppgåvene som ligg til medisinsk fagleg rådgjevar. Difor meiner vi det kan vere nyttig å gjennomgå oppgåvene som ligg til denne funksjonen og korleis medisinsk fagleg rådgjevar kan involverast i plansaker.

7. Regelverk

Lov av 24. juni 2011 nr. 20 om folkehelsearbeid.
Forskrift av 28. juni 2012 nr. 692 om oversikt over folkehelsen.

8. Gjennomføring

Korrespondanse mellom Fusa kommune og Fylkesmannen i Hordaland.

  • Melding om tilsyn og kartlegging, brev av 22. juli 2014 frå Fylkesmannen i Hordaland
  • E-brev 19. august 2014 frå Fusa kommune med informasjon om kven som er kommunens kontaktperson
  • Endring av dato for tilsyn og kartlegging, brev av 20. og 26. august 2014 frå Fylkesmannen i Hordaland
  • E-brev 18. september 2014 med vedlegg frå Fusa kommune
  • Program 1.-2. oktober, brev av 24. september 2014 frå Fylkesmannen i Hordaland
  • Korrigering av program, e-brev 3. og 10. oktober 2014 frå Fylkesmannen i Hordaland

Dokument som er tilsendt frå Fusa kommune.

  • E-brev av 18. august med kommunens utfyllande informasjon til oversende dokument:
  • Organisasjonskart frå og med 1.1. 2014
  • Mandat for folkehelsegruppa
  • Folkehelse og levekår i Fusa 2012-2016
  • Opplysningar om tilsette som deltek i oversiktsarbeidet
  • Fusa – midt i blinken, samfunnsdelen til kommuneplanen 2011-2023
  • Kommunal planstrategi Fusa kommune 2014-2016
  • Handlingsplan Fusa kommune 2014-2017 med økonomiplan 2014-2017, årsbudsjett 2014 og rådmannen sine premissar. Kommunestyrevedtak 17.12.2013
  • Gode kår i alle år – velferdsplan for Fusa kommune – helse, rehabilitering og omsorg 2010-2020
  • Fusa kommune. Helse, rehabilitering og omsorg. Analyse. Ressurssenter for omstilling i kommunene 2009

Dokument som er lasta ned frå kommunens nettside og frå Folkehelseinstituttet:

  • Fusa for framtida – trygg, stolt og sterk. Fusa kommune sin oppvekstplan 2010-2020, del I og del II
  • Vurdering av organiseringen av kommuneadministrasjonen, rapport frå Mercuri Urval juni 2014
  • Kommunal planstrategi 2014-2016, framlegg datert 10. september 2014
  • Fusa kommune, folkehelseprofil 2014

Dokument som blei overlevert 13. og 14. oktober:

  • Årsmelding helsestasjon 2013
  • Notat: Formidling av folkehelsekoordinator sitt arbeid i Fusa 2012
  • Referat frå møte i folkehelsegruppa 24. oktober 2012
  • Notat: Oppdatering folkehelsearbeidet i Fusa, hausten 2013

9. Deltakarar

Tabellen under gir ei oversikt kven vi samtalte med og kven som var til stades ved det innleiande møtet med informasjon om tilsynet og kartlegginga 13. oktober og ved vår tilbakemelding 14. oktober.

Ikkje publisert her

Frå Fylkesmannen i Hordaland deltok:
Rådgjevar Grete Kathrine Jacobsen, kommunal- og samfunnsplanavdelinga (14.oktober)
Seniorrådgjevar Hanne Melander, utdanningsavdelinga
Seniorrådgjevar Grete Riise, helse- og sosialavdelinga
Seksjonsleiar Anne Grete Robøle, helse- og sosialavdelinga (leiar)

 


Alle tilsynsrapportene fra det landsomfattende tilsynet

2014 Kommuners folkehelsearbeid

Søk