Helsetilsynet

Samandrag

Fylkesmannen i Hordaland førte tilsyn med Radøy kommune 9.-10. september 2014. Tilsynet er del av det første landsomfattande tilsynet med kommunens folkehelsearbeid og blir gjennomført hausten 2014 etter oppdrag frå Statens helsetilsyn.

Tema for tilsynet (lovlegekontrollen) er om kommunen har kome i gang med å ha jamleg oversikt over helsetilstanden til innbyggjarane og dei positive og negative faktorane som kan påverke denne. Fylkesmannen finn ikkje at kommunens arbeid på dette feltet er i strid med krav i folkehelselova og oversiktsforskrifta

Statens helsetilsyn har i tillegg gitt oppdrag om å kartleggje og gje ei vurdering av status i arbeidet med jamleg oversikt over helsetilstand og påverknadsfaktorar. Kommunen står fritt i å bruke denne vurderinga.

Etter vår vurdering er kommunens arbeid med jamleg oversikt over helsetilstand og påverknadsfaktorar noko usystematisk. Fylkesmannen meiner at Radøy kommune kan forbetre styringa (internkontrollen) med oppgåvene etter folkehelselova og ved dette også styrkje og vidareutvikle det konkrete arbeidet med oversikt over helsetilstand og påverknadsfaktorar.

Anne Grete Robøle
Seksjonsleiar
Grete Riise
Seniorrådgjevar

 

1. Innleiing

Fylkesmennene skal føre tilsyn med om kommunen oppfyller lovpålagte plikter i eller i medhald av §§ 4-9 og §§ 27 og 30 i lov om folkehelsearbeid (folkehelselova).

Fylkesmannens ansvar og mynde til å føre tilsyn følgjer av folkehelselova § 31, jamfør kommunelova kapittel 10A.

Tilsynet med Radøy kommune 9.- 10. september 2014 er del av eit landsomfattande tilsyn med kommunens folkehelsearbeid som fylkesmennene gjennomfører etter oppdrag frå Statens helsetilsyn.

Tema for tilsynet (lovlegkontrollen) er om kommunen er komen i gang med å ha jamleg oversikt over helsetilstanden til innbyggjarane og dei positive og negative faktorane som kan påverke denne.

Dersom tilsynet viser at kommunen ikkje har lagt til rette for og er i gang med oversiktsarbeidet, er dette brot på føresegner i folkehelselova. Kommunen blir då følgd opp til tilhøva er retta.

Dersom det kjem fram at kommunen har begynt arbeidet med jamleg oversikt, har Statens helsetilsyn gitt fylkesmennene i oppdrag å kartleggje og vurdere status i arbeidet. Kommunen står fritt i å bruke denne vurderinga.

Denne rapporten omtaler funn ved tilsynet, kva som kom fram i kartlegginga og vår vurdering.

2. Radøy kommune

Radøy kommune er frå 1. januar 2014 organisert i tre sektorar under kvar sin kommunalsjef. Sektorane er: Drift og forvaltning, helse og omsorg og oppvekst. I tillegg kjem stabsfunksjonar som er direkte underlagt rådmannen.

Oppvekstsektoren omfattar barnehage, skule, musikk- og kulturskule, PPT og ungdomskoordinatoren i kommunen. I tillegg omfattar tenestene vaksenopplæring og særskild språkopplæring for elevar og vaksne frå språklege minoritetar. Det er kommunal barnehage og full grunnskule, 1.-10. klasse, fire stader i kommunen. Kommunen har ikkje vidaregåande skule.

Helse- og omsorgssektoren omfattar barnevern, heimetenester, helsehuset med legesenter, helsestasjon, fysioterapi og jordmor, NAV Radøy, omsorg, psykisk helse, interkommunalt busenter og velferdssenteret.

Drift- og forvaltningssektoren omfattar teknisk drift, teknisk forvaltning, brannvern, løn og rekneskap, kultur- og sørvistorget, frivilligsentralen og biblioteket.

Kommuneoverlegen er organisert i rådmannens stab. Vikar for kommuneoverlegen byrja i stillinga 1. mai 2014. Kommuneoverlegen har 40 prosent stilling, to dagar kvar veke, til oppgåver som medisinskfagleg rådgjevar.

1.1.2014 hadde kommunen 5039 innbyggjarar.

2.1 Organisering av folkehelsearbeidet

Frå juli 2014 er rådmannen og dei tre kommunalsjefane styringsgruppe og leier folkehelsearbeidet i kommunen. Arbeidsgruppe med kommuneoverlege, rådgjevar helse- og omsorg og rådgjevar oppvekst koordinerer arbeidet og rapporterer til styringsgruppa i møte ein gong kvar månad.

2.3. Planar og oversiktsdokument

I kommuneplan for Radøy 2011-2013, samfunnsdelen, står det i kapittel 6 (sitat):

«Radøy kommune skal arbeide fram ein konkret strategi for å nå nasjonale mål om betre folkehelse. ….. Det vil tidleg i perioden 2011-2015 bli utarbeida ein konkret strategi for folkehelse i kommunen. ….. Folkehelseperspektivet og førebyggingsperspektivet er viktig i all kommunal planlegging. Samordning og tverretatleg samarbeid innan dette feltet skal prioriterast.»

Dokumentet «Kartlegging av folkehelsa, helseoversikt Radøy kommune 2012/2013», datert 15. april 2013, byggjer på nasjonal statistikk og omtalar befolknings-samansetjing, oppvekst og levekår, fysisk, biologisk, kjemisk og sosialt miljø, skadar og ulykker, helserelatert åtferd og helsetilstand i tråd med forskrift om oversikt over folkehelsa (oversiktsforskrifta) § 3. I oppsummeringa er eit utval positive og negative påverknadsfaktorar omtalt. Dokumentet er utarbeidd av ei tverrsektoriell arbeidsgruppe.

3. Gjennomføring

  • Melding om tilsyn og kartlegging blei sendt 23. juni 2014.
  • Innleiande møte blei halde 9. september.
  • Samtalar med ni tilsette i kommunen blei gjennomført i gruppe og enkeltvis.
  • Sluttmøte blei halde 10. september.
  • Skriftlege dokument som er tilsendt, lasta ned frå kommunens nettside og nettsida Folkehelseinstituttet og dokument som overlevert 9. og 10. september, er lista i kapittel 8.

4. Tilsyn,  kartlegging og vurdering

Ved tilsynet har vi undersøkt om kommunen er komen i gang med å føre jamleg oversikt over helsetilstanden til innbyggjarane og positive og negative påverknadsfaktorar.

4.1 Bakgrunn for val av tema for tilsynet

Oversikt over helsetilstanden og faktorar som kan påverke denne er ein nødvendig føresetnad for at kommunane skal ha eit kunnskapsbasert grunnlag for planlegging og tiltak. Kravet til kommunen om å ha slik oversikt var difor eit naturleg tema ved det første landsomfattande tilsynet med kommunens folkehelsearbeid.

Kommunane skal både ha jamleg oversikt og utarbeide eit samla oversiktsdokument kvart fjerde år som del av grunnlaget for planstrategien sin. Tilsyn med kommunens folkehelsearbeid skal vere tilpassa den fireårige plansyklusen. Ettersom dette tilsynet blir gjort hausten 2014, er det retta mot kommunens jamlege oversiktsarbeid.

Tilsynet (lovlegkontrollen) er avgrensa til å undersøkje om kommunen har kome i gang med eit systematisk  oversiktsarbeid.

Å ha kome i gang inneber at kommunen har lagt til rette for at dette arbeidet blir gjennomført slik folkehelselova og oversiktsforskrifta legg opp til, og at det er aktivitet på området.

Vi har undersøkt:

  • Om arbeidet har tilstrekkeleg forankring i kommuneleiinga.
  • Om det er avklart kva forhold kommunen har behov for å ha jamleg oppdaterte opplysningar om.
  • Om kommunen har lagt til rette for å kunne nytte aktuelle sentrale og lokale kunnskapskjelder.
  • Om kommunen har lagt opp til at arbeidet med å innhente, gjennomgå og vurdere opplysningane blir gjort tverrsektorielt.
  • Om oppgåvefordelinga er avklart og kjent for involverte einingar og sektorar.
  • Om kommunen sørgjer for at medarbeidarar har .tilstrekkeleg kunnskap til å utføre oppgåvene sine, her også om kommunen sørgjer for å ha nødvendig samfunnsmedisinsk kompetanse.
  • Om leiinga i kommunen følgjer med på at det jamlege oversiktarbeidet har kome i gang og at det er aktivitet på området.

4.1 Kartlegging og vurdering av oversiktsarbeidet

I tillegg til lovlegkontrollen i det landsomfattande tilsynet er det ei målsetjing å medverke til at kommunane som er i gang, vidareutviklar arbeidet med å ha jamleg oversikt over helsetilstanden til innbyggjarane og positive og negative faktorar som kan verke inn på folkehelsa.

Folkehelselova og oversiktsforskrifta legg i stor grad opp til at kommunen ut frå lokale tilhøve og prioriteringar, sjølv vurderer kva som er nødvendig innhald, omfang av opplysningar og vurderingar som er nødvendig for å ha jamleg oversikt.

På grunnlag av kartlegginga gir vi ei rettleiande vurdering av status i det jamlege oversiktsarbeidet.

Vi har mellom anna kartlagt:

  • Kommunens styring (internkontroll)
  • Kva folkehelseutfordringar kommunen har identifisert, og kva tilhøve kommunen har bestemt å ha ei jamleg oppfølging av.
  • Om kommunen har teke stilling til kva informasjonskjelder dei skal bruke og i kva grad opplysningar blir innhenta.
  • Om det blir gjort faglege vurderingar av dei innhenta opplysningane.
  • I kva grad opplysningar og vurderingar er skriftleg dokumenterte og tilgjengelege.

5. Fylkesmannens konklusjon ved lovlegkontrollen

Tilsynet (lovlegkontrollen) er avgrensa til å undersøkje om kommunen har kome i gang med eit systematisk  oversiktsarbeid.

Opplysningar som kom fram ved tilsynet, tilseier at arbeidet med jamleg oversikt over helsetilstand og påverknadsfaktorar er kome kort.

Fylkesmannen finn likevel ikkje at kommunens arbeid på dette feltet er i strid med krav i folkehelselova og oversiktsforskrifta.

Fylkesmannen har i dette tilfellet teke omsyn til at det ligg føre oversiktsdokument frå 2013 1, at kommunen har sett i verk tiltak på utvalde område og følgjer med på utviklinga. Vi har også teke omsyn til at det har vore utskifting av tilsette som har vore sentrale i dette arbeidet og at ei tverrsektoriell arbeidsgruppe som skal ha ei sentral rolle i kommunens arbeid med oversikt over helsetilstand og påverknadsfaktorar blei oppretta i byrjinga av juli i år.

6. Fylkesmannens kartlegging og vurdering av status i det jamlege oversiktsarbeidet til kommunen

Kartlegginga har vi gjort ved å gjennomgå dokumenta som er lista i kapittel 8. Opplysningar om helsetilstand, påverknadsfaktorar og tiltak som er omtalte i dokumenta, har vi sett i samband med  opplysningar som vi fekk i samtalane med leiarar og tilsette 9. og 10. september. Eit utval positive og negative påverknadsfaktorar er omtalt i dokumentet

«Kartlegging av folkehelsa, helseoversikt Radøy kommune 2012/2013». I samtalane fekk vi opplysningar som tilseier at det er sett i verk tiltak og at det jamleg blir gjort vurderingar av utvikling og endring på enkelte område.

Informasjonskjelder som blir nytta i oversiktsarbeidet er nasjonal statistikk supplert med lokale data og lokal kunnskap og vurderingar. Vi fekk opplyst at kommunen i løpet av kort tid skal gjere ein analyse av folkehelsearbeidet sitt.

Etter omorganisering, sjå kapittel 2.1, er oversiktarbeidet tydeleg  forankra i den sentrale administrative leiinga i kommunen.

1 Kartlegging av folkehelsa. Helseoversikt Radøy kommune 2012/2013

For å styrkje det konkrete arbeidet med jamleg oversikt over helsetilstand og påverknadsfaktorar, kan det vere nyttig å konkretisere oppgåvene til arbeidsgruppa og informere og avklare samarbeidsrutinar med dei forskjellige etatane i kommunen. Analysen av folkehelsearbeidet kan bidra til nærare avklaring av kva tilhøve kommunen bestemmer seg for å ha ei jamleg oppfølging av i det vidare arbeidet og kva informasjonskjelder (nasjonal statistikk og eller lokale data) som skal liggje til grunn for dei faglege vurderingane.

Per september 2014 er arbeidet med jamleg oversikt over helsetilstand og påverknadsfaktorar noko usystematisk. Fylkesmannen meiner at Radøy kommune kan forbetre styringa (internkontrollen) med oppgåvene etter folkehelselova og ved dette også styrkje og vidareutvikle det konkrete arbeidet innan dette området.

7. Regelverk

Lov av 24. juni 2011 nr. 20 om folkehelsearbeid (folkehelselova)

Forskrift av 28. juni 2012 nr. 692 om oversikt over folkehelsen (oversiktsforskrifta)

8. Dokumentunderlag

Korrespondanse mellom Radøy kommune og Fylkesmannen i Hordaland:

  • Melding om tilsyn og kartlegging, brev av 23. juni 2014 frå Fylkesmannen i Hordaland
  • E-brev med vedlegg 15. juli 2014 frå Radøy kommune
  • E-brev med vedlegg 26. august 2014 frå Fylkesmannen i Hordaland
  • Program for 9.-10. september, brev av 25. august 2014 frå Fylkesmannen i Hordaland

Dokument som er tilsendt frå Radøy kommune:

  • Organisasjonskart
  • Kartlegging av folkehelsa. Helseoversikt Radøy kommune 2012/2013
  • Presentasjon av La Linea
  • La Linea – tilleggsopplysningar

Dokument som var tilsendt tidlegare, dokument som er lasta ned frå kommunens nettside og frå Folkehelseinstituttet:

  • Radøy kommune – budsjett 2014
  • Radøy kommune – årsmelding 2013
  • Kommunal planstrategi for Radøy 2012-2016
  • Kommuneplan for Radøy 2011-2023. Samfunnsdelen
  • Smittevernplan Radøy kommune 2012
  • Tenesteavtale 10 – Samarbeid om førebygging mellom Helse Bergen HF, Haraldsplass og dei 22 kommunane i sjukehusområdet
  • Radøy kommune, folkehelseprofil 2014

Relevante dokument mottekne frå andre

  • Startpakke for reguleringsplanar, rettleiar for dei som utarbeider reguleringsplanar i regionen, Regionrådet for Nordhordland IKS, tilsendt frå Lindås kommune
  • Vurdering av interkommunalt samarbeid om folkehelsearbeid i Nordhordland, rapport frå arbeidsgruppe januar 2014. Kommunane Austrheim, Fedje, Lindås, Masfjorden, Meland, Modalen, Osterøy og Radøy, tilsendt frå Lindås kommune

Dokument som blei overlevert:

  • Notat: Referat frå møte om folkehelse/tilsyn folkehelse 2. juli 2014.
  • Grunnlagsdokument Radøy kommune utarbeidd av alle leiarar i fellesskap.

9. Deltakarar

Tabellen under gir ei oversikt kven vi samtalte med og kven som var til stades ved det innleiande møtet med informasjon om tilsynet og kartlegginga 9. september og ved vår tilbakemelding 10. september

Deltakere ved tilsynet

Namn

Funksjon / Stilling

Til stades i innleiande møte

Samtale

Til stades i sluttmøte

Jarle Landås

Rådmann

X

Saman med kommunal- sjefar og enkeltvis

 

Lisbeth Toppe Alvær

Kommunalsjef drift og forvaltning

X

Saman med rådmann

og kommunal- sjef

 

Johan B. Sandal

Kommunalsjef helse og omsorg

X

Saman med rådmann

og kommunal- sjef og enkeltvis

X

Rolf Sandstad

Rektor

 

X

 

Bente Gunn Haatuft

Leiande helsesyster

 

X

X

Helge Vallestad

Rådgjevar, oppvekst

X

Felles samtale

X

Nina Marie Kvamme

Rådgjevar, helse og omsorg

X

X

Marit Johnsen

Kommuneoverlege, vikar

 

X

Kjersti Flatråker

Plankonsulent

 

X

X

Forfall: Jo Tømmerbakke, kommunalsjef oppvekst

Frå Fylkesmannen i Hordaland deltok:
Rådgjevar Grete Kathrine Jacobsen, kommunal- og samfunnsplanavdelinga Seniorrådgjevar Hanne Melander, utdanningsavdelinga
Seniorrådgjevar Grete Riise, helse- og sosialavdelinga Seksjonsleiar Anne Grete Robøle, helse- og sosialavdelinga, leiar

 


Alle tilsynsrapportene fra det landsomfattende tilsynet

2014 Kommuners folkehelsearbeid

Søk