Hopp til hovedinnhold

Hovedmeny

Historisk arkiv Dette innholdet er arkivert og vil ikke bli oppdatert.

Samandrag

Fylkesmannen i Møre og Romsdal gjennomførte 25.06.14 – 03.11.14 tilsyn med Skodje kommune.

Tilsynet var ein del av det første landsomfattande tilsynet med folkehelsearbeidet i kommunane som fylkesmennene gjer hausten 2014 etter oppdrag frå Statens helsetilsyn.

Tema for tilsynet var kommunen sitt arbeid med å halde løpande oversikt over helsetilstanden til innbyggjarane og dei positive og negative faktorane som kan virke inn på denne.

Målsetjinga for tilsynet var å sjå etter at kommunar som ikkje hadde sett i gang systematisk, løpande oversiktsarbeid, kjem i gang med dette.   

Fylkesmennene fekk i tillegg i oppdrag å kartleggje det løpande oversiktsarbeidet i kommunar der arbeidet var kome i gang, og ut frå denne kartlegginga gi kommunen ei rettleiande vurdering av status for arbeidet.

Fylkesmannens konklusjon ved tilsynet:

Det vart ikkje påvist avvik under tilsynet

Dato: 03.11.14

Marit Vestad
revisjonsleiar

Marie Eide
revisor

 

1. Innleiing

Rapporten er utarbeidd etter tilsyn 25.06.14 -  03.11.14  med Skodje kommune.

Tilsynet er ein del av det landsomfattande tilsynet med kommunane sitt folkehelsearbeid som fylkesmennene gjennomfører hausten 2014 etter oppdrag frå Statens helsetilsyn.    

Tema for tilsynet er kommunen sitt arbeid med å halde løpande oversikt over helsetilstanden til innbyggjarane og dei positive og negative faktorane som kan påverke denne.

Fylkesmannen har fått myndigheit til å føre tilsyn med korleis kommunen oppfyller plikter pålagt i eller i medhald av §§ 4–9 og §§ 27–30 i lov om folkehelsearbeid (folkehelselova).

Fylkesmannen sitt tilsynsansvar og myndigheit følgjer av folkehelselova § 31, jf. kommunelova § 10A.

Dette første landsomfattande tilsynet med kommunane sitt folkehelsearbeid har følgjande innretning:  

  1. Lovlegkontroll
    Fylkesmannen undersøkjer om kommunen har kome i gang med eit løpande oversiktsarbeid. Der Fylkesmannen konkluderer med avvik, vert kommunen følgd opp til forholda er retta.
  2. Rettleiande vurdering av kommunen sitt løpande oversiktsarbeid:
    I kommunar der Fylkesmannen konkluderer med at eit løpande oversiktsarbeid har kome i gang, skal dette arbeidet kartleggjast. Fylkesmannen gir kommunen ei tilbakemelding i form av ei rettleiande vurdering av status. Kommunane står fritt i høve til om, og i kva grad, dei følgjer opp denne vurderinga.

2. Omtale av kommunen

Skodje kommune har laga ei oversikt over helsetilstanden i kommunen og nedanfor følgjer utdrag frå denne. Omtalen er supplert med faktainformasjon fått i samband med tilsynet.

Skodje kommune har 4300 innbyggarar. Skodje kommune omfattar sju grender med Skodje som største grend. 28 % av innbyggarane i Skodje er under 20 år og berre 8 % er over 70 år. Kommunen har i åra 2003-2013 vore ein folketalsauke med 19,3 %. Det er i Skodje ei jamn fordeling mellom kjønna i alle aldersgrupper. Om lag 7 % av befolkninga i har innvandrarbakgrunn.

I Skodje arbeider om lag 2/3 av dei sysselsette innafor privat sektor og 1/3 innafor offentleg sektor. Arbeidsplassdekninga i 2012 var 63 % og kommunen hadde eit underskot på 833 arbeidsplassar. Dette fører til stor utpendling av arbeidstakarar frå Skodje til nabokommunane. Meir enn 6 av 10 arbeidstakarar var sysselsette utanfor kommunen.

I Skodje kommune er det eit gjennomsnittleg legemeldt sjukefråvær på 5,2 % i andre kvartal 2013. Nivået elles i landet er 5,1 %. Per 30.06.13 heva 231 personar uførepensjon i kommunen, noko som utgjer 8,4 % av innbyggarane i alderen 18-67 år.

Om lag 6 % av hushald i Skodje har ei årlig inntekt på mindre enn 60 % av medianinntekta og er i risiko for å oppleve levekårsfattigdom. Tilsvarande tal for fylket er  8,2 % og for heile landet 9,6 %.

Skodje kommune har fem barnehagar, tre barneskular og ein ungdomskule. Kommunen har full barnehagedekning. I 2012 fullførte 57 % vidaregåande opplæring på normert tid i Møre og Romsdal. I løpet av fem år fullførte 7 av 10 vidaregåande opplæring og er blant dei fylka med høgast gjennomføringsgrad i landet. Folkehelseprofil for Skodje 2014 viser at fråfall i vidaregåande skule er 15 % for ungdomane i kommunen. Tilsvarande tal for fylket er 22 % og i landet elles 25 %.

Ungdataundersøkinga frå 2014 viser at ungdomane i Skodje stort sett er fornøgde med skulekvardagen. Litt over halvparten (59 %) av ungdomen i Skodje deltek på fem eller fleire aktivitetar i ein eller anna fritidsorganisasjon sist månad. Dette er tilnærma likt med landsgjennomsnittet (61 %).  Undersøkinga viser at 39 % av elevane i Skodje dagleg bruker «2 timar eller meir» på datamaskin utanom skolen. Landsgjennomsnittet er 45 %. Det er 57 % som svarer at dei trur at dei vil ta høgare utdanning på universitet eller høgskule. Landsgjennomsnittet er 61 %. Det er 7 % som svarer at dei trur at dei vil bli arbeidsledige. Landgjennomsnittet er 14 %.

I Skodje kommune finns det mykje natur- og friluftsmuligheiter, men relativt få tilrettelagde nærområde, t.d. leike- og rekreasjonsareal, gang- og sykkelvegar.

Kommunen har eit breitt idretts- og kulturtilbod og mange frivillige i ulike lag og organisasjonar. Tradisjonelt står idretten og fotballen sterkast. Gomerhuset i Skodje sentrum har blitt ein naturleg samlingsstad for fleire av laga/organisasjonane som eit lågterskeltilbod for alle. Det er relativt få uorganiserte sosiale møteplassar i kommunen, t.d. få benkar/sitteplassar, ingen sentrumsnære leikeplassar, torg, kafé eller frivilligsentral. Møteplassar  vart etterspurd i samband med ei gjennomført brukar- og attraktivitetsundersøking i 2013.

Kommunen har utarbeidd oversikt over helsetilstanden til innbyggarane i mars 2014. Styringsgruppa for folkehelse peikar på at dei største utfordringane er inaktivitet og usunt kosthald.  Dei største ressursane i kommunen er naturen med mange friluftsområder, samt fagkompetansen i kommuneorganisasjonen.  Helseleiarane sin konklusjon er at dei største utfordringane ligg i manglande fagtilbod på kveld og helg til risikogrupper, samt oppleving av manglande kompetanse i organisasjonen. Dei viktigaste ressursane meiner helseleiarane er naturen og frivillig innsats med eldsjeler som medverkar til å gi et breitt tilbod av fritidsaktivitetar. På lik linje med landet elles har kommunen sett endringar i livsstil, med auka inaktivitet og overvekt i alle aldersgrupper.

Folkehelseprofil for Skodje viser at talet på eldre over 80 år i 2020 er estimert til å vere lågare enn i resten av landet. For tema «helse og sjukdom» er det plager og sjukdom knytt til muskel- og skjelettsystem som skil seg ut til å vere meir utbreidd enn for landet elles. Andel av pasientar med psykiske symptom og lidingar er ikkje eintydig forskjellig frå landsnivå vurdert etter data frå fastlege og legevakt. Hoftebrot behandla i sjukehus ligg over landsgjennomsnittet. Det er lite statistikk på levevanar. For tema innan levevaner, som røyking og overvekt, kan vi ikkje med sikkerheit seie om kommunen ligg dårlegare eller betre enn for landet elles.

For meir utfyllande informasjon om kommunen sjå kommunen si heimeside (https://alesund.kommune.no/).

3. Gjennomføring av tilsynet

Varsel om tilsyn vartsendt ut 25.06.14.

Gjennomgang av aktuell informasjon før tilsynsbesøket: Sjå kapitlet om dokumentasjon.

Opningsmøte vart halde 01.10.14.

Intervju: 9 personar som vart intervjua.

Gjennomgang av dokumentasjon under tilsynsbesøket: Sjå oversikt i kapittel om dokumentasjon.

Sluttmøte vart halde 02.10.14.

4. Kva tilsynet omfatta

Tilsynet omfatta kommunen sitt arbeid med å halde løpande oversikt over helsetilstanden til innbyggjarane og dei positive og negative faktorane som kan påverke denne (folkehelselova §§ 5, 30, jf. 27, forskrift om oversikt over folkehelsa §§ 3 og 4).  

Bakgrunn for valet av løpande oversiktsarbeid som tilsynstema

Oversikt over helsetilstanden og påverknadsfaktorar er ein naudsynt føresetnad for at kommunane skal ha eit kunnskapsbasert grunnlag for planlegging og tiltak på folkehelseområdet. Kravet til kommunen om å ha slik oversikt er derfor eit naturleg temaval for det første landsomfattande tilsynet med kommunane sitt folkehelsearbeid.

Kommunane skal både ha løpande oversikt, og kvart fjerde år (neste gjennomgang  innan hausten 2016) ha utarbeidd eit samla oversiktsdokument som del av grunnlaget for planstrategien sin. Tilsyn med folkehelsearbeidet i kommunen skal vere tilpassa den fireårige plansyklusen i kommunen. Sidan det landsomfattande tilsynet blir gjennomført hausten 2014, blir det retta mot kommunane sitt løpande oversiktsarbeid.

Lovlegkontrollen ved tilsynet

Tilsynet hadde som målsetjing å sjå til at kommunar som ikkje hadde sett i gang systematisk, løpande oversiktsarbeid, kjem i gang med dette. Å ha kome i gang inneber at kommunen gjennom sin internkontroll har lagt til rette for at det løpande oversiktsarbeidet kan gjennomførast slik folkehelselova og forskrift om oversikt over folkehelsa legg opp til, og at det er aktivitet på området.   

Det vart undersøkt:

  • om arbeidet hadde ei tilstrekkeleg forankring i kommuneleiinga,
  • om det var avklart kva forhold det ville være naudsynt å innhente oppdaterte opplysningar om,
  • om det var lagt til rette for å kunne nytte aktuelle sentrale og lokale kunnskapskjelder,  
  • om det var lagt opp til at arbeidet med å innhente, gjennomgå og vurdere opplysningane hadde ei tverrsektoriell innretning,
  • om oppgåvefordelinga var avklart og gjort kjent for involverte einingar/sektorar,
  • om det var sikra at medarbeidarane har tilstrekkeleg kunnskap og dugleik til å utføre oppgåvene sine, og om kommunen har naudsynt samfunnsmedisinsk kompetanse, og
  • om kommuneleiinga følgde med på at det løpande oversiktsarbeidet hadde kome i gang og at det skjedde aktivitetar på området.

Kartlegging og rettleiande vurdering av det løpande oversiktsarbeidet

I tillegg til sjølve lovlegkontrollen, har det landsomfattande tilsynet som målsetjing å bidra til at kommunar som allereie har starta opp eit løpande oversiktsarbeid, vidareutviklar dette. Med utgangspunkt i dei aktuelle lovkrava gjennomfører Fylkesmannen ei kartlegging av kommunen sitt løpande oversiktsarbeid. Kartlegginga dannar grunnlaget for ei tilbakemelding til kommunen i form av ei rettleiande vurdering av status for kommunen sitt løpande oversiktsarbeid.

Folkehelselova og forskrift om oversikt over folkehelsa overlet i stor utstrekning til kommunen sjølv å vurdere, ut frå lokale tilhøve og prioriteringar, kva som er naudsynt innhald og omfang av opplysningar og vurderingar i kommunen si løpande oversikt.

Aktuelle tema som var ein del av Fylkesmannen si kartlegging og vurdering av folkehelsearbeidet (ikkje uttømmande):

  • kommunen si tilrettelegging/styring
  • korleis kommunen følgjer opp dei utfordringane som er identifisert
  • om kommunen hadde teke stilling til kva for opplysningar som skulle hentast inn, frå kva kjelder og i kva utstrekning desse vart henta inn
  • i kva omfang det vart gjort faglege vurderingar av dei innhenta opplysningane
  • i kva omfang det fanst skriftleg dokumentasjon av opplysningar og vurderingar.

5. Fylkesmannen sin konklusjon ved lovlegkontrollen

Det er ikkje påvist lovbrot/avvik i Skodje kommune

6. Fylkesmannen si kartlegging og vurdering av status for kommunen sitt løpande oversiktsarbeid

Folkehelse som tema i kommunal og regional planlegging

Den kommunale planlegginga skal etter plan- og bygningslova samordne både den fysiske, økonomiske, sosiale og kulturelle utviklinga. Kommunal og regional planlegging er i lys av dette eit viktig verktøy for utvikling og styring både av kommunen som samfunn og kommunen som organisasjon. Folkehelse inngår her som eit sentralt tema eller gjennomgåande perspektiv.

Regional og kommunal planstrategi er innført som nye verktøy i plan- og bygningslova (pbl. 2008). I samsvar med pbl. § 10-1 er kommunane pålagt å utarbeide ein kommunal planstrategi i kvar kommunestyreperiode, og seinast eitt år etter konstituering av nytt kommunestyre. Formålet er å klargjere kva planoppgåver kommunen bør starte opp eller vidareføre for å legge til rette for ei ønska utvikling i kommunen. Fylkestinget skal i løpet av den same perioden vedta ein regional planstrategi som skal avklare dei regionale planbehova. Fylkeskommunen bør i samarbeid med kommunane her legge opp til eit opplegg som sikrar samordning.

Viktige føringar for arbeidet med regional og kommunal planstrategi er forankra i Nasjonale forventningar til regional og kommunal planlegging, vedtatt av regjeringa 24.06.11. Forventningsdokumentet omfattar seks hovudtema, der «Helse, livskvalitet og oppvekstmiljø» utgjer eitt av desse.

Eit viktig prinsipp i den nye plan- og bygningslova (pbl. 2008) er ei sterkare kopling mellom samfunnsdelen og arealdelen i kommuneplanen. Kommuneplanen sin samfunnsdel vil med utgangspunkt i den kommunale planstrategien gi overordna mål og føringar for utvikling av kommunen som samfunn og organisasjon. Dette dannar utgangspunkt for arealdelen som i neste omgang gir retning og rammer for den vidare fysiske detaljplanlegginga gjennom område- eller detaljregulering.

Kommuneplanen vil også etter behov gi grunnlag for utarbeiding av kommunedelplanar for bestemte område, tema eller verksemdsområde i kommunen. Kommuneplanarbeidet heng også tett saman med andre planprosessar, styringssystem og rapporteringsverktøy i kommunen. Kommuneplanen skal ha ein handlingsdel som viser korleis planen vidare skal følgjast opp i løpet av neste fireårsperiode, eller meir, og skal gjennomgå ein årleg revisjon. Økonomiplanen etter kommunelova sin § 44 kan inngå i handlingsdelen. Utfordringa for mange kommunar er å utvikle kommuneplansystemet til eit integrert og heilskapleg styringsverktøy for administrative og politiske vurderingar og prioriteringar. Arbeidet med den kommunale planstrategien vil her kunne inngå som eit viktig grep.

Gjennom arbeidet med kommunale planstrategiar ser vi også at kommunane i sterkare grad har retta søkelyset mot ei meir  systematisk, tverrsektoriell og langsiktig planleggingstenking. Dette ser vi m.a. i forhold til tema som folkehelse og levekår. Med den nye folkehelselova og med samhandlingsreforma har kommunane m.a. fått eit større ansvar knytt til førebyggande folkehelsearbeid. Folkehelse og levekår vil slik kunne løftast opp og inngå som eit gjennomgåande perspektiv i den kommunale planlegginga.

Møre og Romsdal fylkeskommune har utarbeidd Regional delplan for folkehelse 2014 – 2017. Planen vil vere eit viktig grunnlag for det samla arbeidet med folkehelse i Møre og Romsdal i regi av og i samarbeid mellom regionale og kommunale styresmakter, institusjonar, organisasjonar og næringsliv. Planen er m.a. forankra i lov om folkehelsearbeid og i plan- og bygningslova. Viktige rammer og føringar for planarbeidet er elles lagt i arbeidet med Regional planstrategi 2012 – 2016 og Fylkesplan 2013 - 2016. Gjennom arbeidet med ein eigen regional delplan for folkehelse, vil det systematiske og samla folkehelsearbeid i Møre og Romsdal få ei viktig forankring. For folkehelsearbeidet rundt om i kommunane vil dette utgjere ein viktig referanse.

Skodje kommune har utarbeidd kommunal planstrategi for perioden 2012 – 2016. Helsetilstand og levekår er her peika ut som viktige innsatsområde for vidare utgreiingar. I inneverande planperiode har kommunen prioritert arbeidet med rullering av kommuneplanen sin samfunnsdel 2014 - 2024. Kommunen har i samband med planarbeidet utarbeidd planprogram  med visjonen; «Skodje, den gode bukommunen med utfordringar, mangfald og trivsel». Folkehelse er i planen utpeika som eitt av sju prioriterte innsatsområde.

Fylkesmannen si kartlegging viser:

  • Folkehelsearbeidet i Skodje har vore forankra i kommuneplanen frå 2007.
  • Skodje kommune har hatt folkehelsekoordinator i 50 % stilling sidan 2009. Stillinga har frå starten vore organisert i sentraladministrasjonen under kommunalsjef/assisterande rådmann. Sidan 2013 har folkehelsekoordinator i tillegg hatt 25 % stilling som plankonsulent og inngår sidan januar 2014 i rådmannen sitt team i funksjon som fagleiar for personal.  Folkehelsekoordinator er sekretær for ungdomsrådet og for styringsgruppa for folkehelse. Ho deltek fast i helseleiarmøte og er medlem av kommunen sin plangruppe, samt arbeidsgruppe for samordna lokale rus- og kriminalitetsførebyggande tiltak.
  • Kommunen oppretta eiga styringsgruppe for folkehelse i 2009, gruppa består av personar frå administrasjonen, kommunestyre/formannskap, frivillige lag og organisasjonar.  Kommunen reviderte mandat og ny samansetjing av styringsgruppa for folkehelse i 2013.
  • Kommunen er med i partnarskap for folkehelse med fylkeskommunen sidan 2009. Ny avtale vedteke i 2013.
  • Kommunen har fleire temaplanar knytt opp mot folkehelse, til dømes temaplan for barnehageområdet 2012-2016, barne- og ungdomsplan 2009-2011, ruspolitisk handlingsplan, bustadsosial handlingsplan 2012-2015, omsorgsplan 2007-2016, psykiatriplan/plan for psykisk helsearbeid 2007-2010 og trafikktryggingsplan.
  • Kommunen har utarbeid kommunal planstrategi 2012-2016 der folkehelse er trekt fram som et viktig satsingsområde.
  • Kommunen er i gang med rullering av kommuneplanen sin samfunnsdel, der folkehelse er et av åtte satsingsområder.
  • Kommunen har vedtatt  kommunedelplan for fysisk aktivitet 2013-2025 med årleg rullert handlingsprogram 2015-2019. Planen legg til rette for et langsiktig og systematisk arbeid for fysisk aktivitet.
  • Kommunen har gjennomført ungdataundersøking i 2014, klassetrinn 8. – 10. Det er gjort ein gjennomgang av dei ulike tema i undersøkinga.  
  • Kommunen har laga ei oversikt over helsetilstanden i kommunen i mars 2014,  bygd på fylkesstatistikken for 2013 og folkehelseprofilen for 2013.
  • Kommunen skal gjennom ei ny runde med kommunal planstrategi i 2015. Dette opnar mellom anna for vurdering av behov for rullering av dei ulike temaplanane.
  • Einingsleiarane rapporterer direkte til rådmannen gjennom årsmeldinga. Folkehelse er eit eige punkt i meldinga.
  • Alle einingane har eiga verksemdsplan.
  • Rådmann har faste kvalitetssamtalar med einingsleiarar der mellom anna folkehelse er tema.
  • Kommunen har årlege møte med frivillige lag og organisasjonar.
  • Kommunen har helsestasjon for ungdom.
  • Kommunen har etablert frisklivssentral i 2011, men denne er vedtatt nedlagt i 2014.
  • Det er etablert allaktivitetshus (Gomerhuset) i 2010.
  • Kommunen har kompetanse- og rekrutteringsplan for 2013.

Vurdering av status:

  • Kommunen har lang og brei erfaring med folkehelsearbeid. Det er lagt vekt på tverrsektoriell og tverrfagleg tilnærming. Kommunen har ei rekke ulike aktivitetar på tvers av alder og målgruppe. Vi ser gjennom dette at kommunen har tydeleg fokus på folkehelsearbeid jf. «Helse i alt vi gjer». Dette er i tråd med kommunen sin visjon «Skodje – den gode bukommunen med mangfald, utfordringar og trivsel». Folkehelse er godt forankra i kommunale planar og styringsdokument. Kommunen er i gang med rullering av kommuneplanen sin samfunnsdel med folkehelse som eit gjennomgåande perspektiv. Dette er etter Fylkesmannen si vurdering eit godt utgangspunkt for langsiktig, tverrfagleg og systematisk folkehelsearbeid i kommunen som organisasjon og samfunn.
  • Folkehelsekoordinator har en sentral plassering i kommuneadministrasjonen og deltek i ulike grupper og fora. Dette sikrar at folkehelseperspektivet er forankra og representert. Dette er ei nøkkelrolle som krev klare og tydelege rutinar når det gjeld arbeidsoppgåver og ansvar. Fylkesmannen tilrår at omfang av arbeidsoppgåver, ansvar og roller i dei ulike fora blir klarare definert. 
  • Gjennom intervju kjem det fram at det er fokus på folkehelsearbeid i barnehage, skule, helse og kultur. Dette omfattar ei rekke ulike tiltak og tilbod. Fylkesmannen saknar likevel ei tydelegare kopling til overordna satsingsområde i den kommunale folkehelsearbeidet slik dette er formulert i kommuneplanen kommuneplana sin samfunnsdel.
  • Ei viktig utfordring for kommunen blir å sikre at kommunen sine planar blir godt kjent nedover i organisasjonen og at det blir sett konkrete mål for folkehelsearbeidet ute i einingane. Einingsleiarane må i dag gjennom årsmelding rapportere om folkehelsearbeidet, både ut frå tiltak for brukarane og dei tilsette. Det blir i liten grad rapportert ut frå mål og måloppnåing. Fylkesmannen meiner derfor det kan vere ein fordel å vidareutvikle systemet for formidling og rapportering på folkehelseområdet.
  • Kommunen skal utarbeide ei skriftleg oversikt over helsetilstanden, jf. §5 i folkehelselova. Oversikta skal omfatte oversikt over befolkningsutvikling, helsetilstand og påverknadsfaktorar som er nødvendig for å synliggjere dei folkehelseutfordringane ein står overfor. Noverande oversikt over helsetilstanden bygger på faktagrunnlag frå folkehelseprofilen for 2013, fylkesstatistikken for 2013, samt informasjon frå styringsgruppa for folkehelse og frå helseleiarmøte. Slik Fylkesmannen ser det bør oversiktdokumentet ha ei breiare tilnærming. Til dømes innspel om kunnskap om faktorar og utviklingstrekk i miljø og lokalsamfunn som kan ha innverknad på befolkninga si helse.
  • I tillegg bør framtidsutsikter for dei fakta som kjem fram vektast som «positive og negative faktorar» som kan verke inn på helsetilstanden i befolkninga. Oversikt over helse og påverknadsfaktorar er ei føresetnad for å fastsette både kortsiktige og langsiktige utfordringar for det vidare systematiske folkehelsearbeidet. 

7. Regelverk

  • Lov 24. juni 2011 nr. 29 om folkehelsearbeid (folkehelseloven) 
  • Forskrift 28. juni 2012 nr. 692 om oversikt over folkehelsen 

8. Dokumentasjon

  • Planprogram frå Skodje kommune – kommuneplan for Skodje 2014-2024 Samfunnsdelen
  • Oversikt over helsetilstanden i Skodje kommune
  • Notat frå rådmannen om organisering av folkehelsearbeidet datert 07.05.10
  • Kopi av saksprotokoll datert 18.12.12 frå kommunestyremøte, tittel kommunal planstrategi 2012-2016
  • Risikoanalyse
  • Årshjul – internkontroll
  • Brev frå Skodje kommune datert 22.08.14
  • Årsmelding kultur 2013
  • Årsmelding barneskule 2013
  • Årsmelding barnehage 2013
  • Årsmelding helseavdelinga 2013
  • Årsrapport God Helse 2013
  • Årsmelding Stette barnehage 2013
  • Årsmelding Skodje barnehage 2013
  • Årsmelding Skodje ungdomskule 2013
  • Årsmelding Stette skule 2013
  • Årsmelding HBO og SOM 2013
  • Årsmelding Valle skule og barnehage 2013
  • Årsmelding Skodje barneskule 2013
  • Årsmelding Storfjorden barnevern
  • Møtereferat frå styringsgruppa for folkehelsa datert 03.02.14
  • Organisasjonskart for Skodje kommune
  • Folkehelseprofil Skodje kommune 2013
  • Verksemdsplan 2014 – Teknisk avdeling
  • Foreldrenettverk – brosjyre
  • Kompetanse- og rekrutteringsplan for Skodje kommune
  • Verksemdsplan 2014
  • Skodje kommune  - årsmelding 2013

9. Deltakarar ved tilsynet

I tabellen under er det gjeve ei oversikt over deltakarane på opningsmøtet og sluttmøtet, og over dei personane som vart intervjua.

Ikkje publisert her

Frå Fylkesmannen i Møre og Romsdal deltok:
Sveinung Dimmen, samordnar/revisor, stab
Marie Eide, sjukepleier/revisor, helse og sosialavdelinga
Kristin Øksenvåg, pedagog/revisor, oppvekst- og utdanningsavdelinga

Marit Vestad, jurist/revisjonsleiar, helse og sosialavdelinga

 


Alle tilsynsrapportene fra det landsomfattende tilsynet

2014 Kommuners folkehelsearbeid

Søk