Hopp til hovedinnhold

Hovedmeny

Historisk arkiv Dette innholdet er arkivert og vil ikke bli oppdatert.

Fylkesmannen i Møre og Romsdal gjennomførte den 10.02.2015 eit ikkje meldt tilsyn med vurdering av samtykkekompetanse og bruk av tvang heimla i pasient- og brukerrettighetsloven kapitel 4A i Ørskog kommune.

Føremålet med tilsynet var å vurdere om verksemda tek hand om dei ulike krav i lovgivinga gjennom sin internkontroll. Revisjonen omfatta undersøking av:

  • om pasienten sin samtykkekompetanse er vurdert
  • bruk av tvungen somatisk helsehjelp
  • om det er fatta vedtak etter pasient- og brukerrettighetsloven kapittel 4A

Ikkje meldt tilsyn er ei form for stikkprøve med avgrensa varigheit. Ikkje meldt tilsyn medfører at verksemda ikkje har hatt høve til å leggje til rette gjennomføringa av tilsynet.

Personalet som er tilstade vil ha dei daglege oppgåver å ta hand overfor pasientane. Det ikkje meldte tilsynet vart gjennomført med samtalar og synfaring.

Under tilsynet vart det avdekt to avvik:

Avvik 1:

Ørskog kommune sikrar ikkje at pasienten sin samtykkekompetanse blir vurdert

Avvik 2

Ørskog kommune sikrar ikkje at det blir fatta vedtak med heimel i pasient- og brukerrettighetslova kapittel 4A når det blir ytt somatisk helsehjelp mot pasienten sin vilje

Ørskog kommunen har gjeve tilbakemelding om tiltak som er sett i verk for å lukke dei avvika som blei avdekt. Mellom anna er det opplyst at alle pasientar ved Ørskog sjukeheim har fått vurdert sin samtykkekompetanse til å avgjere spørsmål om tvungen helsehjelp. Det er og opplyst at det er utarbeidd rutine for vurdering av samtykkekompetanse, og at pasientane blir fortløpande vurdert.

Det er opplyst at det er sett i verk kompetansehevande tiltak for tilsett. Heile personalgruppa har gjennomgått e-læringskurs om pasient- og brukerrettighetsloven kapittel 4A.

Fylkesmannen har vurdert dei tiltak som er sett i verk som tilstrekkeleg. Tilsynet er difor avslutta.

14.12.2015

Med helsing

Christian Bjelke (e.f.)
Fylkeslege/direktør

Aase Årsbog Dyrset

 

Dokumentet er elektronisk godkjent og har ingen signatur.

Kopi:
Statens helsetilsyn Postboks 8128, Dep. 0032 OSLO
Ørskog kommune 6240 ØRSKOG