Hopp til hovedinnhold

Hovedmeny

Historisk arkiv Dette innholdet er arkivert og vil ikke bli oppdatert.

Samandrag

Denne rapporten gjer greie for dei avvika og merknadene som blei påpeikte innanfor dei områda som blei reviderte. Tilsynet gjaldt følgjande område:

Om pasienten sin samtykkekompetanse er vurdert

Bruk av tvungen helsehjelp

Om det er fatta vedtak etter pasient- og brukerrettighetslova kapittel 4A Under tilsynet blei det avdekt to avvik, det blei ikkje gjeve merknad.

Avvik 1:

Ørskog kommune sikrar ikkje at pasienten sin samtykkekompetanse blir vurdert

Avvik 2

Ørskog kommune sikrar ikkje at det blir fatta vedtak med heimel i pasient- og brukerrettighetslova kapittel 4A når det blir ytt somatisk helsehjelp mot pasienten sin vilje

Dato:  05.03.2015

Aase Årsbog Dyrset
revisjonsleiar/sosionom
Sverre Veiset
revisor/jurist

Thomas Sørflaten
revisor/psykiatrisk sjukepleier

 

 

Dokumentet er elektronisk godkjent og har ingen signatur.

1. Innleiing

Rapporten er utarbeidd etter umeld tilsyn ved Ørskog sjukeheim den 10. februar 2015. Revisjonen går inn som ein del av den planlagde tilsynsverksemda hos Fylkesmannen dette året.

Fylkesmannen er gitt fullmakt til å føre tilsyn med helse- og omsorgstenester etter lov om statlig tilsyn med helse- og omsorgstjenesten m.m. § 2 og lov om kommunale helse- og omsorgstjenester m.m. § 5-9.

Formålet med tilsynet er å vurdere om verksemda tek hand om dei ulike krav i lovgivinga gjennom sin internkontroll. Revisjonen omfatta undersøking om:

  • pasienten sin samtykkekompetanse er vurdert
  • bruk av tvungen helsehjelp
  • det er fatta vedtak etter pasient- og brukerrettighetslova kapittel 4A<

Umeld tilsyn er ei form for stikkprøve med avgrensa varigheit. Umeld tilsyn medfører at verksemda ikkje har hatt høve til å leggje til rette for gjennomføringa av tilsynet. Personalet som er til stades vil ha sine daglege oppgåver å ta hand om overfor pasientane. Det umelde tilsynet blei gjennomført med samtaler og synfaring.

Rapporten handlar om avvik og merknader som er avdekte under tilsynet og gir derfor ingen fullstendig tilstandsvurdering av verksemda sitt arbeid innafor dei områder tilsynet omfatta.

  • Avvik dreier seg om at krav som er gitt i eller i tråd med lov eller forskrift, ikkje er oppfylte
  • Merknad er forhold som ikkje er i strid med krav som er fastsette i eller i tråd med lov eller forskrift, men der tilsynsorganet finner grunn til å påpeke betringspotensial

2. Omtale av verksemda - spesielle forhold

Ørskog sjukeheim har 26 sjukeheimsplassar, fordelt på to avdelingar. Åtte faste plassar og ein korttidsplass på skjerma avdeling og 17 plassar på langtidsavdelinga, herav fire korttidsplassar.

3. Gjennomføring

Det umelde tilsynet blei varsla om lag ein time før ankomst via telefon til konstituert einingsleiar Sissel Nogva Refsnes. Ho orienterte tilsette ved sjukeheimen om tilsynet.

Rådmann, Synnøve Vasstrand Synnes og assisterande rådmann, Janette Osland Steinvik var 6g til stades da varsel om tilsyn blei levert til og gjennomgått med konstituert einingsleiar Sissel Nogva Refsnes

Tilsynsteamet fikk orientering om status innafor området for tilsynet. Det blei orientert om at tilsette mest sannsynleg ikkje har fått opplæring om pasient- og brukerrettighetslovens  kapittel 4A i løpet av dei siste åra.

Tilsynsteamet snakka med:

  • Konstituert einingsleiar Sissel Nogva Refsnes
  • Sjukepleiar Lone Barlindhaug
  • Assistent Margit Elise Mork Valbø

Tilsynsteamet kontrollerte dører i Skjerma avdeling for å undersøkje tilgjengelegheit.

Avslutningsvis oppsummerte tilsynsteamet sine funn og medelte desse til konstituert einingsleiar ved Ørskog sjukeheim.

4. Funn

Avvik 1:

Ørskog kommune sikrar ikkje at pasienten sin samtykkekompetanse blir vurdert.

Avvik frå følgjande krav frå styresmaktene:

  • Pasient- og brukerrettighetslova  § 4-3
  • Internkontrollforskrifta § 4
  • Helse- og omsorgstjenestelova § 3-1

Avviket byggjer på følgjande:

  • Under samtale med tilsette kom det fram at kommunen ikkje har rutine og/eller praksis for vurdering av samtykkekompetanse
  • Under samtale med tilsette kom det fram at samtykkekompetanse berre blir vurdert i enkelte høve
  • Samtykkevurdering blir ikkje alltid dokumentert i journal

Kommentar:
Helsehjelp kan i utgangspunktet berre bli gjeve med pasientens samtykke. For at samtykket skal vere gyldig, må pasienten ha fått naudsynt informasjon om sin helsetilstand og innhaldet i helsehjelpa (informert samtykke). Ein føresetnad for vedtak om tvungen helsehjelp etter pasient- og brukerrettighetsloven  kapittel 4A er at pasienten av helsemessige årsaker er vurdert til ikkje å kunne samtykke til helsehjelpa. Det må fattast ein eigen avgjerd om dette, jf. pasient- og brukerrettighetsloven  § 4-3. Det skal gå fram på kva område pasienten ikkje er samtykkekompetent. Det er samstundes viktig at personale som har ansvar for pasienten er kjent med samtykkevurderinga og innhaldet i denne.

Avvik 2

Ørskog kommune sikrar ikkje at det blir fatta vedtak med heimel i pasient- og brukerrettighetslova kapittel 4A når det blir ytt somatisk helsehjelp mot pasienten sin vilje.

Avvik frå følgjande krav frå styresmaktene:

  • Pasient- og brukerrettighetsloven § 4A-3 sammenholdt med § 4A-5
  • Internkontrollforskriften § 4
  • Helse- og omsorgstjenesteloven § 3-1

Avviket byggjer på følgjande:

  • Under intervju og synfaring kom det fram at dører i avdelinga som fører ut til fellesgang er låst med kodelås
  • Under intervju kom det fram at det blir nytta bord framfor stol for å hindre at pasienten reiser seg
  • Under intervju kom det fram at det i enkelte høve blir nytta tvang for å få gjennomført stell
  • Under intervju kom det fram at tilsette ikkje er kjent med kven som kan fatte vedtak om bruk av tvang etter pasient- og brukerrettighetsloven kapitel 4A
  • Under intervju kom det fram at det i enkelte høve blir meldt avvik der tvang blir nytta i stellesituasjon, utan at det blir følgt vidare opp frå leiinga si side
  • Under intervju kom det fram at tilsette ønskjer opplæring på området for tilsynet

Kommentar:

Føremålet med pasient- og brukerrettighetsloven kapittel 4A er å sikre naudsynt helsehjelp til aktuell pasientgruppe. Regelverket skal i tillegg førebyggje og redusere bruken av tvang gjennom særskilte sakshandsamingsregler og reglar om overprøving og kontroll.

Manglar pasienten samtykkekompetanse, og pasienten gir utrykk for motstand mot tiltaket, skal helsetenesta etter pasient- og brukerrettighetsloven § 4-3 annet ledd fatte tvangsvedtak etter pasient- og brukerrettighetsloven kapittel 4A, dersom øvrige vilkår for dette er oppfylt.

Det å gi helsehjelp til pasientar som motsett seg helsehjelpa er eit alvorleg inngrep i<leira sjølvråderett. For å ivareta pasienten sin rettssikkerheit er det difor viktig at det faktisk fattast vedtak om tvungen helsehjelp og at vedtaka er så grundige som mogleg.

5. Regelverk

  • Lov av 30. mars 1984 nr. 15 om statlig tilsyn med helse- og omsorgstjenesten m.m.
  • Lov av 24. juni 2011 nr. 30 om kommunale helse- og omsorgstjenester m.m.
  • Lov av 2. juli 1999 nr. 64 om helsepersonell m.v.
  • Lov av 2. juli 1999 nr. 63 om pasient- og brukerrettigheter

Følgende forskrifter vil også være sentrale ved tilsynet:

  • Forskrift av 20. desember 2002 nr. 1731 om internkontroll i helse- og omsorgstjenesten
  • Forskrift av 27. juni 2003 nr. 792 om kvalitet i pleie- og omsorgstjenestene
  • Forskrift av 21. desember 2000 nr. 1385 om pasientjournal
  • Forskrift av 12. november 2010 nr. 1426 om en verdig eldreomsorg
  • Forskrift av 14. november 1988 nr. 932 for sykehjem og boform for heldøgns omsorg og pleie

Frå tilsynsorganet deltok:

Revisjonsleiar/sosionom  Aase Årsbog Dyrset, revisor/psykiatrisk  sjukepleier Sverre Veiset og revisor/jurist Thomas Sørflaten