Helsetilsynet

Fylkesmannen i Møre og Romsdal gjennomførte den 10. september 2015 umeld tilsyn med vurdering av samtykkekompetanse og bruk av tvang ved Vanylven omsorgssenter.

Fylkesmannen takker for god mottaking ved Vanylven omsorgssenter, og vonar tilsynet vil bli oppfatta som eit bidrag til forbetringsarbeidet i kommunen.

Tilsynet omfatta følgjande områder:

  • om pasienten sin samtykkekompetanse er vurdert
  • bruk av tvungen helsehjelp
  • om det er fatta vedtak etter pasient- og brukerrettighetsloven kapittel 4A

Førebels rapport er sendt verksemda for justering av faktiske feil. Kommunen har ikkje gjeve tilbakemelding på faktiske feil i rapporten, men har kome med ei plan for arbeidet som er gjort og må gjerast for å rette opp dei avvika som vart avdekt under tilsynet.

Kommunen opplyser at det no er:

  • laga rutinar for kontinuerlig vurdering av samtykkekompetanse, og minimum vurdering av alle 2 gonger pr. år. Fylkesmannen sitt skjema blir brukt.
  • pasientane er no vurdert

I tillegg er det opplyst at:

  • dør frå avdelinga er open frå og med 28.09., og at kommunen vil ha dette som ei forsøksordning. Om det ikkje fungerer vil kommunen lage vedtak om tvungen helsehjelp
  • det er fatta vedtak om tvungen helsehjelp som blir sendt til Fylkesmannen for pasient der det blir ytt somatisk helsehjelp mot pasientens vilje
  • opplæring, informasjon til alle tilsette om lovverket er planlagt gjennomført 28. september 2015
  • innan ein månad blir det utarbeidd skriftlege rutinar på vurdering av tvungen helsehjelp
  • nytilsette skal sikrast informasjon og opplæring på desse rutinane. Praksis er endra frå dags dato. Fylkesmannen sitt skjema vert brukt.

Fylkesmannen vil gjere kommunen merksam på at skjemaet som kommunen her viser til ikkje er utarbeidd av Fylkesmannen i Møre og Romsdal. Samtykkeskjemaet som det blir vist til er henta frå eit anna fylkesmannsembete, og vi ser på det som eit godt utgangspunkt. Skjemaet er elles under revidering, og nytt vil bli lagt ut på heimesida vår når det er klart.

Det er og opplyst frå kommunen at Eli Tefre Nordal er fagleg ansvarleg på avdeling 2. For ordens skuld vil Fylkesmannen minne kommunen om at det ifølgje pasient- og brukerrettighetsloven kapittel 4A-6 skal utpeikast ein person som har det overordna faglege ansvaret. Det går fram av regelverket at: «For å ha mulighet til å ivareta det overordnede faglige ansvaret for helsehjelpen, må den som har dette ansvaret, få kunnskap om når det blir brukt tvang. Det skal derfor alltid sendes kopi av slike vedtak til vedkommende.

Det er naturlig å følge de vanlige ansvarslinjene som er valgt for tjenesten. I noen kommuner er for eksempel det overordnede ansvaret for helsehjelpen lagt til kommunelegen, tilsynslege eller andre. Det må være klart hvem som har det overordnede ansvaret for den aktuelle helsehjelpen i den enkelte tjeneste.»

Vidare går det fram: «Kontrollen i tvangssaker bør lates på et nivå der den overordnede faglige ansvarlige har påvirkning på både økonomiske og personellmessige ressurser. Den overordnede faglige ansvarlige må sikre at eventuell bruk av tvang blir sett i sammenheng med det samlede tjenestetilbudet til personen det gjelder. Vedkommende må også sikres at det blir lagt til rette for minst mulig bruk av tvang».

Fylkesmannen vurderer at det er hensiktsmessige tiltak Vanylven kommune har sett i verk, og planlegg å sette i verk, for å drive i tråd med gjeldande regelverk innafor området for tilsynet. Fylkesmannen ber difor om ei tilbakemelding og leiinga si vurdering av om tiltaka som kommunen no har sett i verk, og planlegg å sette i verk, har hatt ønska effekt innan den 1.12.2015.

Med helsing

Marit Hovde Syltebø (e.f.)
Fung.dir.

Aase Årsbog Dyrset