Hopp til hovedinnhold

Hovedmeny

Historisk arkiv Dette innholdet er arkivert og vil ikke bli oppdatert.

Samandrag

Fylkesmannen i Oppland har gjennomført tilsyn med arbeidet med jamleg oversikt over helsetilstand og påverknadsfaktorar etter folkehelselova i Skjåk kommune.

Tilsynet var ein del av den planlagde tilsynsverksemda hos Fylkesmannen dette året, og er ein del av eit landsomfattande tilsyn, gjennomført etter oppdrag frå Helsetilsynet.

Målsettinga for tilsynet var å sjå til at kommunar som ikkje hadde satt i gang systematisk, jamleg oversiktsarbeid, kjem i gang med dette.

Fylkesmennene fekk i tillegg i oppdrag å foreta ein kartlegging av det jamlege oversiktsarbeidet i kommunar der det ble påvist at arbeidet var kome i gang, og ut frå denne kartlegginga gje kommunen ein vegledande vurdering av status for arbeidet.

Fylkesmannens konklusjon ved tilsynet:

Skjåk kommune har satt i gang systematisk, jamleg oversiktsarbeid slik folkehelselova og forskrift om oversikt over folkehelselova legg opp til. Det er også pågåande aktivitet på område i kommunen. Det ble difor ikkje avdekka avvik under tilsyn med Skjåk kommune sitt folkehelsearbeid.

Tony Heyerdahl
revisjonsleiar

Guri Rudi
revisor

 

Nina Marie Aas
revisor

 

 

1. Innleiing

Rapporten er utarbeidd etter tilsynsaktivitetar i Skjåk kommune i tida 25. juni 2014– 20.10.2014.

Tilsynet går inn som ein del av den planlagde tilsynsverksemda hos Fylkesmannen i Oppland dette året, og er ein del av et landsomfattande tilsyn, gjennomført etter oppdrag frå Statens Helsetilsyn.

Tema for tilsynet var arbeidet kommunen med jamleg oversikt over befolkninga si helsetilstand og dei positive og negative faktorane som kan ha påverka denne.

Fylkesmannen er gitt myndighet til å føre tilsyn med kommunens etterleving av plikter pålagt i eller i medhald av §§ 4–9 og §§ 27–30 i lov om folkehelsearbeid (folkehelselova). Fylkesmannens tilsynsansvar og myndighet følgjer av folkehelselova § 31, jf. kommunelova § 10A.

Dette første landsomfattande tilsynet med kommunenes folkehelsearbeid har følgjande innretning:

1. Kontroll av lovlydnad:

Fylkesmannen undersøker om kommunen har kome i gang med eit jamleg oversiktsarbeid. Der Fylkesmannen konkluderer med avvik, fylgjes kommune opp til omstende er retta.

2. Vegledande vurdering av kommunens jamlege oversiktsarbeid:

I kommunar der fylkesmannen konkluderer med at eit jamleg oversiktsarbeid har kome i gang, foretas ein kartlegging av dette arbeidet. Fylkesmannen skal gje kommunen ein tilbakemelding i form av ein vegledande vurdering av status. Kommunane står fritt i forhold til om og i kva slags grad dei følgjer opp denne vurderinga.

2. Omtale av verksemda - spesielle forhold

Skjåk er ein kommune og ei fjellbygd i Gudbrandsdalen i Oppland. Kommunen ligg lengst vest i Ottadalen og har 2.280 innbyggjarar. Kommunen er organisert i ein to-nivåmodell, med rådmann som øvste administrative leiar. I tillegg kjem stabsapparatet som skal understøtte drift og utvikling.

Organisasjonskart – Skjåk kommunes administrative oppbygging. Kjelde: http://www.skjaak.kommune.no/snarveier/organisasjon/administrasjon/

Organisasjonskart – Skjåk kommune

Kommunesenteret i Skjåk heiter Bismo og her bur om lag 40 % av innbyggjarane i kommunen. Dei fleste har sitt arbeid i Bismo i industri, handel og tenesteyting.

Dei bygde områda ligg stort sett mellom Lom og Dønfoss, på ei strekning i dalen på 22 km. Bismo ligg midt i dette området. Skjåk har bustadfelt i Bismo, Aurmo og Dønfoss. Innbyggjarane er for det meste samla i Bismo og i Skjåk. Bråtågrenda ligg 20 km vest for Bismo.

Riksveg 15 frå Otta til Stryn, går gjennom bygda. Næraste kommunesenter er Lom med reisetid 15 minuttar i bil. Til Otta er reisetida ca. 1 time og til Stryn ca.1,5 time. Jordbruksareala ligg som ein "buffer" mellom bustadområda i aust og vest.

Det er fleire industribedrifter i Bismo: Interfil lagar ventilasjonsfilter. Glasitt produserer byggemateriale av returglas. Styvo Bismo er ein offshore-bedrift. Skjåk Almenning produserer trelast i furu. Skjåk Hedda hytter er ein hytteprodusent. Elles er arbeidslivet prega av handel og offentleg tenesteyting.

Bygda utanfor bustadområda er prega av landbruk og reiseliv. Store deler av kommunen er no deler av to store nasjonalparkar: Reinheimen nasjonalpark ligg i nord og Breheimen nasjonalpark i sør.

3. Gjennomføring

Varsel om tilsyn bleisendt ut 25. juni 2014. Oversikt over dokument som verksemda har sendt over i samband med tilsynet, er gitt i kapitlet dokumentunderlag.

Opningsmøte blei halde 20. august 2014.

Intervjuar: 5 personar blei intervjua.

Gjennomgang av dokumentasjon under tilsynsbesøket: Se oversikt i kapitlet om dokumentunderlag.

Slutmøte blei halde 21. august 2014.

4. Kva tilsynet omfatta

Tilsynet omfatta kommunens arbeid med jamleg oversikt over befolkninga si helsetilstand og dei positive og negative faktorane som kan påverka denne (folkehelselova §§ 5, 30, jf. 27, forskrift om oversikt over folkehelsa §§ 3 og 4).

Bakgrunn for val av jamleg oversiktsarbeid som tilsynstema

Oversikt over helsetilstand og påverknadsfaktorar er ein nødvendig føresetnad for at kommunane skal ha eit kunnskapsbasert grunnlag for planlegging og tiltak på folkehelseområdet. Kravet til kommunen om å ha slik oversikt var derfor eit naturleg temaval for det første landsomfattande tilsynet med kommunane si folkehelsearbeid.

Kommunane skal både ha jamleg oversikt og kvart fjerde år (neste gang innan hausten 2016) ha utarbeida eit samla oversiktsdokument som del av grunnlaget for sin planstrategi. Tilsyn med folkehelsearbeidet i kommunen skal være tilpassa den fireårige plansyklus i kommunen. Sidan det landsomfattande tilsynet skulle gå føre seg hausten 2014, blei det retta mot kommunenes jamlege oversiktsarbeid.

Kontroll av lovlydnad ved tilsynet

Tilsynet hadde som målsetting å sjå til at kommunar som ikkje hadde satt i gang systematisk, jamleg oversiktsarbeid, kom i gang med dette. Å ha kome i gang inneber at kommunen gjennom sin internkontroll har lagt til rette for at det jamlege oversiktsarbeidet kan gjennomføras slik folkehelselova og forskrift om oversikt over folkehelsa legger opp til, og at det er aktivitet på området.

Det ble mellom anna undersøkt

  • om arbeidet hadde en tilstrekkelig forankring i kommunens leiing
  • om det var avklart kva slags forhold det jamleg ville være naudsynt å innhente oppdaterte opplysningar om
  • om det var lagt til rette for å kunne nytta aktuelle sentrale og lokale kunnskapskjelder
  • om det var lagt opp til at arbeidet med å innhente, gjennomgå og vurdere opplysningane hadde en tverrsektoriell innretning
  • om oppgåvefordeling var avklart og gjort kjent for involverte einingar/sektorar
  • om det var sørgja for at medarbeidarane hadde tilstrekkelige kompetanse og ferdigheiter til å utføre oppgåvene sine, inkludert om kommunen hadde sørgja for å ha naudsynt samfunnsmedisinsk kompetanse
  • om leiinga i kommunen overvaka om det jamlege oversiktsarbeidet var kome i gang og at det gjekk føre seg aktiviteter på området

Kartlegging og vegledande vurdering av det jamleg oversiktsarbeidet

I tillegg til sjølve kontrollen av lovlydnaden, hadde det landsomfattande tilsynet som mål å bidra til at kommunar som allereie hadde starta opp et jamleg oversiktsarbeid, vidareutvikla dette. Med utgangspunkt i dei aktuelle lovkrava tok Fylkesmannen føre seg i disse kommunane ein kartlegging av jamleg oversiktsarbeid i kommunen. Kartlegginga danna grunnlag for ein tilbakemelding til kommunen i form av en vegledande vurdering av status for det jamlege oversiktsarbeidet.

Folkehelselova og forskrift om oversikt over folkehelsa overlet i stor utstrekning til kommunen sjølv å vurdere, ut frå lokale tilhøve og prioriteringar, kva som er naudsynt innhald og omfang av opplysningar og vurderingar i det jamlege oversiktsarbeidet.

Aktuelle forhold som inngikk i kartlegginga og vurderinga frå Fylkesmannen (ikkje uttømmande):

  • tilrettelegging/styring i kommunen
  • kva slags tilhøve kommunen hadde beslutta å følgje med på halde opp mot dei identifiserte folkehelseutfordringane i kommunen
  • om kommunen hadde tatt stilling til kva slags opplysningar som skulle innhentas frå kva slags kjelder og i kva slags utstrekning opplysningane vert henta inn
  • i kva slags omfang det gjekk føre seg faglige vurderingar av innhenta opplysningar
  • i kva slags omfang det låg føre skriftleg dokumentasjon av opplysningar og vurderingar

5. Funn

Skjåk kommune har satt i gang systematisk, jamleg oversiktsarbeid slik folkehelselova og forskrift om oversikt over folkehelseloven legger opp til. Det er i kommunen også pågåande aktivitet på området. Det blei derfor ikkje avdekka avvik under tilsyn med Skjåk kommune sitt folkehelsearbeid. Tilsynet vert difor avslutta når stadfesta rapport ligg føre.

6. Vurdering av styringssystemet i verksemda

Fylkesmannen i Oppland har satt opp nokre kommentarar til arbeidet så langt i Skjåk kommune. Det kan verka kritisk og detaljert, men er meint som råd for å gjere eit godt oversiktsarbeid enda betre.

· Skjåk kommune har komi i gang med eit jamleg oversiktsarbeid. Å ha kome i gang inneber at Skjåk kommune har lagt til rette for at det jamlege oversiktsarbeidet kan gjennomføras slik lova legg opp til, jf. plikta kommunen har til å føre internkontroll i folkehelselova § 30.

  • Kommunen har naudsynt samfunnsmedisinsk kompetanse til å ivareta dei samfunnsmedisinske oppgåvene som lova krev.
  • Skjåk kommune har organisert sitt jamlege oversiktsarbeid gjennom ein regional modell som er lokalt forankra. Arbeidet vert koordinert på regionalt nivå av ein koordinator i samfunnsmedisin. På lokalt nivå er oversiktsarbeidet forankra inn mot sentral leiing (rådmannen). Det er rådmannen i Skjåk kommune som er satt til å være ansvarleg for koordineringa på lokalt nivå. Oversiktsarbeidet har i kommunen også ei forankring inn mot dei instansar som arbeider med plan og utvikling.
  • Kommuneleiinga følgjer med på det jamlege oversiktsarbeidet, men kan i større grad følgje med på at det er ein pågåande aktivitet på dei naudsynte områda.
  • Kommunen har teke stilling til kva slags tilhøve den jamleg trenger å innhente informasjon om innafor kvart av temaa i forskrift om oversikt over folkehelsa § 3, bokstava a - f. «Oversikt over helsetilstand og påvirkningsfaktorer, Skjåk kommune», kap. 2.2, viser at desse faglege vurderingane har vore tema: «Vurderingen av årsaksforhold, konsekvenser og ressurser ble gjennomført på et møte i kommunen 6. mars 2013. Invitasjon til møtet gikk bredt ut i kommunen. Følgende var til stede på møtet: Rådmann/leder plan, samfunn og miljø, leder personal, kompetanse og utvikling, kommuneoverlege, prosjektmedarbeider naturprosjekt og bolystprosjekt, rektor Marlo skule, rektor Skjåk ungdomsskule, tjenesteleder PO. biblioteksjef, leder teknisk drift, leder barneverntjenesten, kulturskolerektor/prosjektleder for de unges arena/ungdomskulturmønstring, leder kultur og oppvekst, miljøvernkonsulent, fysioterapeut, ledende helsesøster, HO-leder/politiker, daglig leder Skjåk Friviljugsentral, tannhelsetjenesten, politi, leder Mental Helse, medlem Skjåk bygdekvinnelag, Eldrerådet – Skjåk seniordans, to fra Rådet for mennesker med nedsatt funksjon, Skjåk, leder LHL Skjåk, LHL likemann trim hjerte/lunge, medlem Skjåk Handikaplag og Skjåk Helselag.»
    Det har vore gruppearbeid på alle tema med drøfting av årsak, konsekvensar og ressursar. I tillegg har oversikten vore drøfta med helsesøster og kommunelege. Skjåk kommune meiner såleis at dei faglege vurderingane som skal gjeras vert gjort og at dette arbeidet skjer i ein kontinuerleg prosess, både i møte som gjeld dei enkelte fagområda og i tverrfaglege/fleirfaglege møte. Fylkesmannen meiner dette skjer i tråd med intensjonane i lova/forskrifta.
  • Kommunen baserer den jamlege oversikta på informasjon frå dei tre hovudkjeldene som er angitt i folkehelselova § 5 a-c. Når det gjeld kjeldebruk saknar Fylkesmannen ytterlegare vurderingar av eige informasjonsbehov/vurdering av lokale tilhøve. Fylkesmannen saknar også meire faglige erfaringsbaserte vurderingar av helsetilstanden og faktorar som påverkar helsa. Det er her sjølvsagt spørsmål om kva slags ambisjonsnivå ein skal leggja seg på. Det er godtgjort at i Skjåk kommune har helsesystre og jordmor bidrege med faglege erfaringsbaserte vurderingar. Det vart under tilsynet i tillegg nemnt at fastlegenane gjennom kommuneoverlegen er utfordra på temaet. I tillegg er det avtala prosessar hausten 2014. Fylkesmannen i Oppland er einig med Skjåk kommune at dei er godt i innafor forventningane knytt til lova med å få faglege erfaringsbaserte vurderingar, og vil halde fram med det.
  • Informasjonen som er innhenta skal gjennomgåas og vurderas fagleg. Dette inneber mellom anna å vurdere om informasjonen er tilstrekkeleg i forhold til kva kommunen har avgjort at den trenger av opplysningar. Det tverrsektorielle perspektivet må ivaretakas i dei faglige vurderingane. Informasjonen skal også vurderas med omsyn til årsaksforhold og konsekvensar. Det tverrsektorielle perspektivet er tidligare omtala som i samsvar med forventningane knytt til lova. Om informasjonen er tilstrekkeleg med tanke på kva kommunen treng, har vore drøfta i ulike fora i tre år. Konklusjonen er at førebels er dette tilstrekkeleg. Vurderinga er gjort av tidlegare leiing og kommunelegen i kommunen, og Fylkesmannen reknar med at dette vert evaluera på passande tid i plansyklusen.
  • Vi ynskjer å peika på at det jamlege oversiktsarbeidet skal vere grunnlag for avgjerder i folkehelsearbeidet som utøvas «frå dag til dag», og for revisjon av planer utanom det det fireårige planløpet, sjå folkehelselova § 6 om mål og planlegging.
  • Vi ynskjer også å nemne at formålet med det jamlege oversiktsarbeidet mellom anna er at kommunen skal ha eit oppdatert og tilstrekkeleg kunnskapsgrunnlag til å kunne vurdere i kva grad pågåande folkehelsetiltak bør justeras eller nye bør settas i gang.
  • Det jamlege oversiktsarbeidet i Skjåk kommune dokumenteras eitt dokument som viser det jamlege oversiktsarbeidet - «Oversikt over helsetilstand og påvirkningsfaktorer», såleis er alt samla i eitt dokument, og den som skal finne fram treng ikkje søkja fleire plassar.

Oppsummeringa frå Fylkesmannen er at Skjåk kommune er godt innafor det som vert forventa ut ifrå krava i lov/forskrift og eit godt fundament for å ta det retta avgjerdene i den vidare syklusen i folkehelsearbeidet.

7. Regelverk

Lov 24. juni 2011 nr. 29 om folkehelsearbeid (folkehelseloven) (https://lovdata.no/dokument/NL/lov/2011-06-24-29)

Forskrift 28. juni 2012 nr. 692 om oversikt over folkehelsa (https://lovdata.no/dokument/SF/forskrift/2012-06-28-692)

8. Dokumentunderlag

  • Organisasjonskart
  • Folkehelseprofiler 2014 Skjåk
  • Folkehelseprofiler for Oppland
  • Internkontroll Folkehelseloven Skjåk kommune
  • Oppfølging Regionplan for helsesamarbeid, mandat for arbeidsgruppe: «Folkehelsegruppe barn og unge – helsefremmende og forebyggende tiltak»
  • Oversikt over helsetilstand og påvirkningsfaktorer Skjåk kommune, mai 2014
  • Kommuneplan for Skjåk 2011-20
  • Vertskommuneavtale
  • Planstrategi for Skjåk kommune 2012-2016
  • Strategisk utviklingsanalyse, Skjåk kommune, juni 2010
  • Kommunal plan for folkehelse, Skjåk kommune 2012-2015
  • Utviklingsplan for grunnskulen
  • Helse- og omsorgsplan for Skjåk kommune 2013-2025.
  • Oversikt over arbeid med utvikling av folkehelseoversikter i Nord-Gudbrandsdal i regi av koordinator i samfunnsmedisin
  • Vegleder til utvikling og bruk Folkehelseoversikten
  • Internkontroll Helsestasjons- og skolehelsetenesta i Skjåk
  • Organisering av kommuneoverlegeforum i Nord-Gudbrandsdal
  • Foreløpig saksliste kommuneoverlegeforum august 2014
  • Invitasjon til «oversiktsdag» i Skjåk kommune
  • Oversikt og plan for koordinator i samfunnsmedisin
  • Internkontroll forebyggende tjenester og tilbud – frisklivstjenester, Skjåk kommune

9. Deltakarar ved tilsynet

I tabellen under er det gitt en oversikt over deltakarane på opningsmøte og slutmøte, og over dei personane som blei intervjua.

Ikkje publisert her

Frå Fylkesmannen i Oppland deltok:

Revisjonsleiar: Seniorrådgjevar Tony Heyerdahl, helse- og sosialavdelinga
Revisorar: Jurist Nina Marie Aas, miljøvernavdelinga.
Folkehelserådgjevar Guri Rudi, helse- og sosialavdelinga.

 


Alle tilsynsrapportene fra det landsomfattende tilsynet

2014 Kommuners folkehelsearbeid

Søk