Helsetilsynet

Dato for tilsyn: 6. desember 2016

Tilsynsgruppe:
Gro Taraldsen seniorrådgiver
Tord E. Smestad seniorrådgiver
Bente Westrum assisterende fylkeslege

Vestre Slidre:
Martin Sæbu rådmann 
ikke tilstede ordfører/varaordfører
Ove Hamre  beredskapskoordinator
Kathinka Vik kommunalplanlegger
Siw O .Fosheim kommuneoverlege
Stein Ivar Kristiansen CIM ansvarlig
Ragnhild Strømmen Strand kommunalsjef Helse og utvikling 
Einar Helland brannsjef


Føremålet med tilsynet:

Fylkesmannen sine føremål med tilsynet er å identifisere og vurdere rutinar for korleis kommunane kartlegg og tek omsyn til utfordringar og ansvar på samfunnstryggleik og beredskap, innanfor dei forventingar og krav styremaktene har. Kommunen skal arbeide systematisk og overordna med arbeidet med samfunnstryggleik på tvers av sektorane i kommunen for å minske risikoen for tap av liv eller skade på helse, miljø og materielle verdiar. Denne plikta har kommunen som myndigheit innanfor sitt eige geografiske område og som pådrivar overfor andre aktørar.

Følgdene dokumenter ble gjennomgått:

  • Heilskapleg ROS-analyser for Vestre Slidre, vedteken i kommunestyret 17. mars 2016
  • Kommuneplan sin samfunnsdel 1989
  • Kommuneplan sin arealdel 2003
  • Beredskapsplanverk 2016
  • Utfylt statusskjema
  • Beredskapsplan for helsetenesta frå 2016
  • Smittevernplan 2016
  • Beredskapsplan for pandemisk influensa


Regelverk:

Fylkesmannen utfører tilsyn på Sivilbeskyttelseslova §§ 14 og 15 med forskrift, og på Lov om helsemessig- og sosial beredskap, begge jf. Kommuneloven kapittel 10A. Tilsynet er heimla i Forskrift om kommunal beredskapsplikt § 10.

Konklusjon:

Fylkesmannen fann to avvik i samband med beredskapstilsynet i Vestre Slidre kommune. Det eine avviket gjeld heilhetlig ROS. Kommunen sin heilhetlig ROS manglar vurdering av varsling og evakuering og dette er eit krav i forskrift om kommunal beredskapsplikt. Det andre avviket gjeld kommunen sin «beredskapsplan for helsetenesta» som ikkje oppfyller krava til ei plan for helsemessig og sosial beredskap.

Fylkesmannen gir tre merknader. Dette er forhold kor Fylkesmannen meiner at kommunen bør gjere forbetringar.

Hovudinntrykk

Hovudinntrykket er at samfunnstryggleik og beredskap er godt ivareteke i Vestre Slidre kommune. Det var stor deltaking ved tilsynet i frå kommunen si kriseleiing. Dette er svært bra då det er nye personar i fleire stillingar. Vestre Slidre kommune har i 2016 gjennomført både beredskapsøving i regi av Fylkesmannen og tilsyn med samfunnstryggleik og beredskap. Dette har medført auka fokus på området. Dette er bra.

Fleire kommunale planar bær preg av at dei er laga uavhengige av kvarandre og ikkje av eit tverrfageleg miljø. Dette er kommunen no godt i gang med å gjære noko med. Kommuneplanen sin samfunnsdel er gamal og er til revidering no. Deretter følger revidering av kommuneplanen sin arealdel. Dette er ei riktig rekkefølgje. ROS analysen må brukast i planarbeidet. Fylkesmannen meiner at det kan være nyttig for ein beredskapskoordinator at det lagas eit notat om kva oppgåver en slik rolle  skal ha. Det er viktig at denne personen gis tilstrekkeleg myndigheit til å kalle saman aktuelle

personar i kommunen for å ta opp aktuelle tema på området beredskap. Det kan være ein moglegheit til dette no, da ny person startar i jobben som beredskapskoordinator på nyåret.

Kommunane i Valdres samarbeider mykje på mange fagområder som til dømes i brannvesenet, men det er lite samarbeid om planar på beredskap og på planer for helse. Fylkesmannen meiner at kommunane må nytte gevinsten som samarbeid gjev. Etablering av ei nettverksgruppe for beredskapskoordinator i Valdres er ein god ide for eit auka samarbeid.

Tilsynet:

Tema for tilsynet var:

  1. kommunen sin heilskaplege risiko- og sårbarheits analyse (ROS)
  2. samfunnstryggleik og beredskap i samband med planprosessar (kommuneplanar)
  3. kommunen sin evne til å handtere kriser (beredskapsplan) inklusiv helseberedskapsplanverk


Gjennomføringa

På opningsmøtet vart tilsynsplan, bakgrunn og føremål med tilsynet presentert. Tilsynet var lagt opp som eit fellesmøte med alle deltakarene. Det vart gjennomført individuelle samtalar med administrasjonssjef, kommunelege og beredskapskoordinator og påtroppande beredskapskoordinator.


Tema 1 – Kommunal beredskapsplikt - Risiko- og sårbarheits analyse (ROS)

Heimel: Forskrift om kommunal beredskapsplikt §2

Kommunen har revidert sin heilskaplege risiko- og sårbarheits analyse (ROS) i 2016.

Avvik:

Gjeldande overordna ROS oppfyller ikkje minstekrava i forskrift om beredskapsplikt i § 2. ROS Analysen manglar blant anna vurdering av behov for befolkningsvarsling og evakuering. Heimel: Lov om kommunal beredskapsplikt, sivile beskyttelsestiltak og Sivilforsvaret (sivilbeskyttelsesloven) §14 jf. Forskrift om kommunal beredskapsplikt § 2 f.

Merknad:

Vurderingar av sårbarhet i ROS analysen kan beskrivast betre.

Tema 2 – Omsyn til beredskap i samfunnsplanlegginga

Heimel: Forskrift om kommunal beredskapsplikt § 3

Avvik:

Ingen avvik

Merknad:

Ingen merknad

Tema 3 – Kommunen si evne til å handtere kriser – Beredskapsplan for kommunen

Heimel: Forskrift om kommunal beredskapsplikt § 4

Kommunen sin beredskapsplan er oversiktlig og inneheld alle punkt som ein beredskapsplan skal innehalde.

Avvik:

Ingen avvik

Merknad:

Beredskapsrådet sin funksjon bør skildrast i planen for beredskap.

Helseberedskap

Planen for smittevern er oppdatert og bra.

Avvik:

Vestre Slidre kommune si «beredskapsplan for helsetenesta» er ei katastrofeplan for større ulukker/skader og oppfyller ikkje krava til ei plan for helsemessig og sosial beredskap.

Heimel: Lov om helsemessig og sosial beredskap § 2-2, jf. forskrift om krav til beredskapsplanlegging og beredskapsarbeid mv. etter lov om helsemessig og sosial beredskap, folkehelselova § 28, helse- og omsorgstenestelova § 5-2 og lov om sosial tenester i arbeids- og velferdsforvaltninga § 16.

Merknad:

Pandemiplanen bør oppdaterast og kan gjerne innlemmast i planen for smittevern.

Gro Taraldsen
seniorrådgivar 

Tord Smestad
seniorrådgivar