Helsetilsynet

Samandrag

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane gjennomførte 18. – 19. november 2014 tilsyn med Førde kommune.

Tilsynet var ein del av det første landsomfattande tilsynet med folkehelsearbeidet i kommunane som fylkesmennene gjer hausten 2014 etter oppdrag frå Statens helsetilsyn.

Tema for tilsynet var kommunen sitt arbeid med å halde jamleg[1] oversikt over helsetilstanden til innbyggjarane og dei positive og negative faktorane som kan virke inn på denne.

Målsetjinga for tilsynet var å sjå etter at kommunar som ikkje hadde sett i gang systematisk, jamleg oversiktsarbeid, kjem i gang med dette.

Fylkesmennene fekk i tillegg i oppdrag å kartlegge det jamlege oversiktsarbeidet i kommunar der arbeidet var kome i gang, og ut frå denne kartlegginga gje kommunen ei rettleiande vurdering av status for arbeidet.

Fylkesmannen sin konklusjon ved tilsynet:

Det er ikkje avdekka avvik frå krav om jamleg oversiktsarbeid etter folkehelselova.

Ansvaret for folkehelsearbeidet i Førde kommune er lagt til rådmannen. Kommunen har ulike interne møteplassar som mellom anna vert nytta til styring av folkehelsearbeidet. Kommunen har avtale om interkommunalt samarbeid med folkehelseavdelinga i Flora kommune om miljøretta helsevern, smittevern og samfunnsmedisinsk rådgjeving. Folkehelseavdelinga i Flora har på vegner av mellom anna Førde kommune starta prosjekt for utarbeiding av fire- årlege oversiktsdokument, samt system og metodar for å oppdatere dokumentet. Det jamlege oversiktsarbeidet som del av kommunen sitt styringssystem er delmål i prosjektet.

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane vurderer at Førde kommune er kome kort med det systematiske jamlege oversiktsarbeidet. Kommunen bør avklare ansvar og oppgåvedeling mellom folkehelseavdelinga i Flora og eigen organisasjon i oversiktsarbeidet. Kommunen bør også definere og tydeleggjere plassering av ansvar for oppfølging av oversiktsarbeidet i leiargruppa.

Kommunen bør ut frå dei folkehelseutfordringane og ressursane den alt har identifisert ta stilling til kva tema den jamleg skal følgje med på/ha jamleg oversikt over, og kva kunnskapskjelder som er aktuelle å bruke. Ved val av tema bør kommunen ta omsyn til faktorar som kan føre til sosiale skilnader i helse. I det vidare arbeidet må kommunen også ta stilling til korleis og kor ofte den vil hente inn erfaringsbasert kunnskap, og sørge for at denne kunnskapen blir brukt på ein systematisk måte i det jamlege oversiktsarbeidet.

Kommunen må ta stilling til kva fagkompetanse som er nødvendig i den faglege vurderinga, og sikre nødvendig opplæring av tilsette som skal bidra i oversiktsarbeidet. Kommunen bør avklare korleis det tverrfaglege og sektorovergripande perspektivet skal sikrast i vurderinga.

Kommunen bør også ta stilling til korleis det jamlege oversiktsarbeidet skal dokumenterast, og sikre at tilsette som har ansvar og oppgåver i oversiktsarbeidet har felles forståing for korleis kommunen dokumenterer arbeidet.

Tilsynet er avslutta.

Anne Eli Wangen
revisjonsleiar

Bjørg Eikum Tang
revisor

 

1. Innleiing

Rapporten er utarbeidd etter tilsyn 18. – 19. november 2014 med Førde kommune.

Tilsynet var ein del av det landsomfattande tilsynet med kommunane sitt folkehelsearbeid som fylkesmennene gjennomfører hausten 2014 etter oppdrag frå Statens helsetilsyn.

Tema for tilsynet var kommunen sitt arbeid med å halde jamleg oversikt over helsetilstanden til innbyggjarane og dei positive og negative faktorane som kan virke inn på denne.

Fylkesmannen har fått myndigheit til å føre tilsyn med korleis kommunen oppfyller plikter pålagt i eller i medhold av §§ 4–9 og §§ 27–30 i lov om folkehelsearbeid (folkehelselova).

Fylkesmannen sitt tilsynsansvar og myndigheit følgjer av folkehelselova § 31, jf. kommunelova § 10A.

Dette første landsomfattande tilsynet med kommunane sitt folkehelsearbeid har følgjande innretning:

  1. Lovlegkontroll

    Fylkesmannen undersøkjer om kommunen har kome i gang med eit jamleg oversiktsarbeid. Der fylkesmannen konkluderer med avvik, vert kommunen følgd opp til tilhøva er retta.
  2. Rettleiande vurdering av kommunen sitt jamlege oversiktsarbeid:

    I kommunar der fylkesmannen konkluderer med at eit jamleg oversiktsarbeid har kome i gang, skal dette arbeidet kartleggast. Fylkesmannen gjev kommunen ei tilbakemelding i form av ei rettleiande vurdering av status. Kommunane står fritt i høve til om, og i kva grad, dei følgjer opp denne vurderinga.

2. Omtale av verksemda - spesielle forhold

Førde er regionsenter i Sunnfjord, og er den største kommunen i Sogn og Fjordane i innbyggjartal. Kommunen hadde 12 685 innbyggjarar ved årsskiftet. Kommunen har hatt gjennomsnittleg folketalsvekst på 1,4 % i perioden 2006 – 2013, og ventar framleis vekst. Kommunen har ein relativt ung folkesamansetnad. Kommunen har 9 grunnskular, 12 kommunale barnehagar og 3 ikkje kommunale barnehagar. Det er fleire vidaregåande skular i kommunen. Fagskulen i Sogn og Fjordane og Høgskulen i Sogn og Fjordane har avdelingar i Førde. Kommunen har relativt mange sysselsette innan service- og varehandel. Førde har i tillegg mange offentlege arbeidsplassar. Helse Førde Førde sentralsjukehus er den største arbeidsplassen i kommunen med 1400 arbeidsplassar. Arbeidsløysa er låg.

Kommunen er organisert etter ein tilnærma tonivå-modell der mynde i stor grad er delegert ut i organisasjonen, hovudsakeleg til einingsleiarar. Rådmannen si leiargruppe består av ass.rådmann/ kommunalsjef for økonomi, kommunalsjef for barnehage og skule, kommunalsjef for helse og omsorg og kommunalsjef for kultur, teknisk og næring. Ansvaret for folkehelsearbeidet er lagt til rådmannen. Kommunen har ulike interne møteplassar som mellom anna vert nytta til styring av folkehelsearbeidet. Kommunen har tilsett folkehelsekoordinator i 50 % stilling, lagt til eining i rådmannen sin stab. Frå 01.01.2015 blir det tilsett kommuneoverlege i 50 % stilling.

Gjeldande kommuneplan med samfunnsdel vart vedteken 22.05.2014. I følgje samfunnsdelen skal folkehelseperspektivet som eit av fire tverrfaglege perspektiv vere sentralt i kommunen sitt vidare planarbeid. Kommunen har utarbeidd eigne faktadeler med informasjon og statistikk som grunnlag for samfunnsdelen og ny helse og omsorgsplan. Faktagrunnlaget skal oppdaterast etter kvart som ny informasjon /data blir gjort tilgjengeleg.

Kommunen har avtale om interkommunalt samarbeid med folkehelseavdelinga i Flora kommune. Folkehelseavdelinga har oppgåver for Førde kommune når det gjeld miljøretta helsevern, smittevern og samfunnsmedisinsk rådgjeving/folkehelse. Folkehelseavdelinga i Flora har på vegner av mellom anna Førde kommune starta prosjekt for utarbeiding av fire- årlege oversiktsdokument, samt system og metodar for å oppdatere dokumentet. Det jamlege oversiktsarbeidet som del av kommunen sitt styringssystem er delmål i prosjektet.

Dei intervjua opplyste at kommunen har utfordringar knytt til psykisk helse og fedme blant born og unge. Kommunen kjem også dårlegare ut enn landssnittet på tal personskadar behandla i sjukehus og plager knytt til muskel- og skjelettsystemet.

3. Gjennomføring

Varsel om tilsyn vart sendt ut 23.06.2014.

Gjennomgang av aktuell informasjon før tilsynsbesøket: Sjå kapittel om dokumentunderlag.

Opningsmøte vart halde 31.10.2014

Intervju

15 personar som vart intervjua.

Gjennomgang av dokumentasjon under tilsynsbesøket: Sjå kapittel om dokumentunderlag.

Sluttmøte vart halde 19.11.2014

4. Kva tilsynet omfatta

Tilsynet omfatta kommunen sitt arbeid med å halde jamleg oversikt over helsetilstanden til innbyggjarane og dei positive og negative faktorane som kan virke inn på denne (folkehelselova §§ 5, 30, jf. 27, forskrift om oversikt over folkehelsa §§ 3 og 4).

Bakgrunn for valet av jamleg oversiktsarbeid som tilsynstema

Oversikt over helsetilstanden og påverknadsfaktorar er ein naudsynt føresetnad for at kommunane skal ha eit kunnskapsbasert grunnlag for planlegging og tiltak på folkehelseområdet. Kravet til kommunen om å ha slik oversikt var derfor eit naturlig temaval for det første landsomfattande tilsynet med kommunane sitt folkehelsearbeid.

Kommunane skal både ha jamleg oversikt, og kvart fjerde år (neste gang innan hausten 2016) ha utarbeidd eit samla oversiktsdokument som del av grunnlaget for planstrategien sin. Tilsyn med folkehelsearbeidet i kommunen skal vere tilpassa den fireårige plansyklusen i kommunen. Sidan det landsomfattande tilsynet skulle gjennomførast hausten 2014, vart det retta mot kommunane sitt jamlege oversiktsarbeid.

Lovlegkontrollen ved tilsynet

Tilsynet hadde som målsetjing å sjå til at kommunar som ikkje hadde sett i gang systematisk, jamleg oversiktsarbeid, kom i gang med dette. Å ha kome i gang inneber at kommunen gjennom sin internkontroll har lagt til rette for at det jamlege oversiktsarbeidet kan gjennomførast slik folkehelselova og forskrift om oversikt over folkehelsa legg opp til, og at det er aktivitet på området.

Det vart undersøkt

  • om arbeidet hadde ei tilstrekkeleg forankring i kommuneleiinga
  • om det var avklart kva tilhøve det jamleg ville være naudsynt å innhente oppdaterte opplysningar om
  • om det var lagt til rette for å kunne nytte aktuelle sentrale og lokale kunnskapskjelder
  • om det var lagt opp til at arbeidet med å innhente, gjennomgå og vurdere opplysningane hadde ei tverrsektoriell innretning
  • om oppgåvefordelinga var avklart og gjort kjent for involverte einingar/sektorar
  • om det var sørgt for at medarbeidarane hadde tilstrekkelege kunnskapar og dugleik til å utføre oppgåvene sine, og om kommunen hadde sørgt for å ha naudsynt samfunnsmedisinsk kompetanse
  • om kommuneleiinga følgde med på at det jamlege oversiktsarbeidet var kome i gang og at det skjedde aktivitetar på området

Kartlegging og rettleiande vurdering av det jamlege oversiktsarbeidet

I tillegg til sjølve lovlegkontrollen, hadde det landsomfattande tilsynet som målsetjing å bidra til at kommunar som allereie hadde starta opp eit jamleg oversiktsarbeid, vidareutvikla dette. Med utgangspunkt i dei aktuelle lovkrava gjennomførte fylkesmannen i desse kommunane ei kartlegging av kommunen sitt jamlege oversiktsarbeid. Kartlegginga danna grunnlaget for ei tilbakemelding til kommunen i form av ei rettleiande vurdering av status for kommunen sitt jamlege oversiktsarbeid.

Folkehelseloven og forskrift om oversikt over folkehelsa overlèt i stor utstrekning til kommunen sjølv å vurdere, ut frå lokale tilhøve og prioriteringar, kva som er naudsynt innhald og omfang av opplysningar og vurderingar i kommunen sin jamlege oversikt.

Aktuelle tema som var ein del av fylkesmannen si kartlegging og vurdering (ikkje uttømmande):

  • kommunen si tilrettelegging/styring
  • kva kommunen hadde avgjort å følgje med på sett opp mot dei folkehelseutfordringane kommunen hadde identifisert
  • om kommunen hadde teke stilling til kva for opplysningar som skulle hentast inn frå kva kjelder og i kva utstrekning opplysningane vart henta inn
  • i kva omfang det vart gjort faglege vurderingar av dei innhenta opplysningane
  • i kva omfang det fanst skriftleg dokumentasjon av opplysningar og vurderingar

5. Funn

Det er ikkje avdekka avvik frå krav om jamleg oversiktsarbeid i folkehelselova § 5, jf. §§ 30, 27, og forskrift om oversikt over folkehelsa § 4 jf. § 3.

6. Vurdering av styringssystemet i verksemda

Kommunen si tilrettelegging og styring

Folkehelsearbeidet er forankra hjå rådmannen. Folkehelsearbeidet er del i ordinære planprosessar. Kommunen sitt oversiktsarbeid er knytt opp til fasar i planprosessane.

Kommunen har gjort avtale med folkehelseavdelinga i Flora om miljø retta helsevern, smittevern og samfunnsmedisinsk rådgjeving. Folkehelseavdelinga har på vegner av kommunen starta prosjekt med utarbeiding av oversiktsdokument. I det vidare arbeidet skal kommunen peike ut ei arbeidsgruppe av tre tilsette som representerer plan, helse/folkehelse og oppvekst/undervisning som skal samle inn data og erfaringsbasert kunnskap lokalt. Det er ikkje avklart korleis tilsette i kommunen skal bidra med innsamling av data og vurderingar. Kommunen vil implementere oversiktsdokumentet og arbeidet med jamleg oversikt i eige plan- og styringssystem.

Vurdering:

Kommunen er kome kort med det systematiske jamlege oversiktsarbeidet. Kommunen bør avklare ansvar og oppgåvedeling mellom folkehelseavdelinga i Flora og eigen organisasjon i oversiktsarbeidet. Kommunen bør også definere og tydeleggjere plassering av ansvar for oppfølging av oversiktsarbeidet i leiargruppa.

Kva tema/område kommunen har avgjort å følgje med på, ut frå identifiserte folkehelseutfordringar

Kommunen sine folkehelseutfordringar er identifisert i samfunnsdelen. I planarbeidet brukar kommunen data frå statlege, fylkeskommunale og lokale kjelder. Tilsette som arbeider med å koordinere dei overordna planprosessane kjem med framlegg til tema og kva kjelder som skal nyttast. Framlegga vert drøfta og godkjende i leiargruppa.

Einingane følgjer med på utfordringar og faktorar som kan påverke helsetilstanden for grupper innafor eige tenesteområde. Folkehelseavdelinga i Flora skal bidra med å identifisere aktuelle tema/område til oversiktsarbeidet. Kommunen har sjølv ikkje teke stilling til kva tema som er nødvendig å ha jamleg oversikt over, eller kva kunnskapskjelder som er aktuelle å bruke.

Vurdering:

Kommunen bør ut frå dei folkehelseutfordringane og ressursane den alt har identifisert ta stilling til kva tema den jamleg skal følgje med på/ha jamleg oversikt over. Ved val av tema bør kommunen ta omsyn til faktorar som kan føre til sosiale skilnader i helse. Kommunen bør også avklare korleis ansvar og oppgåvedelinga skal vere mellom folkehelseavdelinga i Flora og tilsette i eigen kommune i dette arbeidet.

Innhenting av opplysningar og bruk av kunnskapskjelder

I planarbeidet brukar kommunen alt data frå statlege, fylkeskommunale og lokale kjelder. Tilsette som arbeider med å koordinere planprosessane kjem med framlegg til tema og kva kjelder som skal nyttast. Utanom det overordna planarbeidet har kommunen ikkje teke stilling til kva opplysningar som jamleg skal hentast inn til oversiktsarbeidet, og kva kunnskapskjelder som er aktuelle å bruke.

Vurdering:

Kommunen må ta stilling til kva ulike kunnskapskjelder som er aktuelle å bruke ut frå val av tema. Kommunen bør ta stilling til korleis den vil bruke statistikk/ faktagrunnlag som kommunen alt har på fleire av tenesteområda i oversiktsarbeidet. I det vidare arbeidet må kommunen også ta stilling til korleis og kor ofte den vil hente inn erfaringsbasert kunnskap. Kommunen må sørge for at denne kunnskapen blir brukt på ein systematisk måte i det jamlege oversiktsarbeidet.

I kva omfang det er gjort faglege vurderingar av dei innhenta opplysningane

Kommunen skal som del av prosjektet med utarbeiding av oversiktsdokument peike ut ei arbeidsgruppe som er tiltenkt oppgåver knytt til innhenting og tverrfagleg vurdering av data. Gruppa skal bestå av tre tilsette som representerer plan, helse/folkehelse og oppvekst/undervisning. Gruppa skal samle inn data og erfaringsbasert kunnskap lokalt.

Det er førebels ikkje avklart kven som skal delta i arbeidet. Det er heller ikkje avklart om og korleis andre tilsette i kommunen skal bidra i det jamlege oversiktsarbeidet. Det er ikkje avklart kva kompetanse som er nødvendig i tillegg til samfunnsmedisinsk kompetanse, som blir ivareteke av folkehelseavdelinga i Flora og kommuneoverlege i Førde.

Vurdering:

Kommunen må ta stilling til kva anna fagkompetanse som er nødvendig i den faglege vurderinga, og sikre nødvendig opplæring av tilsette som skal bidra i oversiktsarbeidet.

Kommunen bør avklare kven som skal delta i arbeidet. Kommunen bør også avklare korleis den vil sikre det tverrfaglege og sektorovergripande perspektivet i dette arbeidet.

I kva omfang det fanst skriftleg dokumentasjon av opplysningar og vurderingar

Opplysningar om utvalde tema er dokumenterte i utfordringsnotat til planstrategi og faktadel til samfunnsdel og helse- og omsorgsplan. Tilsette i ulike sektorar har delteke i vurderinga av faktagrunnlaget i desse planprosessane.

Kunnskap /data frå eigne tenesteområde blir brukt ved årsrapportering. Nokre tenesteeiningar har utført og dokumentert eigne kartleggingar. Utfordringar i tenesteområda blir drøfta i einingsbesøk. Det blir skrive referat frå møta.

Vurdering:

Kommunen bør ta stilling til korleis det jamlege oversiktsarbeidet skal dokumenterast og sikre at dokumentasjonen er lett tilgjengeleg. Kommunen bør sikre at tilsette som har ansvar og oppgåver i oversiktsarbeidet har felles forståing for og kjenner til korleis kommunen dokumenterer arbeidet.

7. Regelverk

  • Lov 24. juni 2011 nr. 29 om folkehelsearbeid (folkehelselova)
  • Forskrift 28. juni 2012 nr. 692 om oversikt over folkehelsen

8. Dokumentunderlag

Dokumentasjon oversendt i forkant av tilsynet:

  • Organisasjonskart
  • Administrativt delegeringsreglement
  • Eigenkontrollsystem – orden i eige hus
  • Etablering av interkommunalt samarbeid om miljøretta helsevern, smittevern og samfunnsmedisinsk rådgjeving; vedtak frå Førde bystyre
  • Rapport om oppretting av interkommunalt samarbeid om miljøretta helsevern, smittevern og samfunnsmedisinsk rådgjeving
  • Avtale mellom kommunane Førde og Flora om interkommunal samarbeid knytt til miljøretta helsevern, smittevern og samfunnsmedisinsk rådgjeving
  • Søknad til Fylkesmannen i Sogn og Fjordane om midlar til prosjekt/arbeid med helseovervaking
  • Informasjonsbrev til samarbeidskommunar om prosjektarbeid knytt til helseovervaking
  • Kommunal planstrategi 2012 – 2016
  • Kommunal planstrategi – utfordringsnotat til påbyrja planarbeid
  • Kommuneplanen sin samfunnsdel 2014 – 2026
  • Kommuneplanen sin samfunnsdel 2014 – 2026 – Faktadel
  • Handlingsdel til kommuneplanen 2015 – 2018 (høyringsutkast)
  • Kommuneplanen sin arealdel 2014 – 2026, utdrag frå konsekvensutgreiing og ROS-analyse
  • Helse- og omsorgsplan 2015 – 2026 – Faktadel til påbyrja planarbeid
  • Rusmiddelpolitisk handlingsplan
  • Kulturplan 2013 – 2020
  • Kommunedelplan for fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv 2014 – 2017
  • KS-styringskurs knytt til Samhandlingsreforma: statusrapport for Førde kommune

Dokumentasjon gjennomgått under tilsynsbesøket:

  • Prosjektplan frå interkommunal folkehelseavdeling om samarbeid om helseoversikt
  • Prosjektplan for kommuneplanprosess, Samfunnsdel 2014 – 2016 og arealdel 2014 – 2026
  • Oversikt over status i arbeidet med helseoversikt i Førde kommune pr november 2014

9. Deltakarar ved tilsynet

I tabellen under er det gjeve ei oversikt over deltakarane på opningsmøtet og sluttmøtet, og over dei personane som vart intervjua.

Deltakere ved tilsynet
Namn Funksjon / stilling Opningsmøte Intervju Sluttmøte

Doris Rutledal

folkehelsekoordinator

X

X

 

Jan Helge Dale

rådgjevar samfunnsmedisin

X

X

X

Liv Janne Bell Jonstad

utviklingskoordinator

X

X

X

Magne Kjetil Berg

einingsleiar NAV Førde

X

X

X

Kari Valle

utviklingskoordinator

X

X

X

Elisabeth Solheim

leiar interkommunal folkehelseavdeling

X

X

X

Øystein Høyvik

einingsleiar fagutvikling og koordinering

X

X

X

Asbjørn Knapstad

einingsleiar PPT

X

X

 

Lillian Vassbotten

fagleiar helsestasjon

X

X

 

Odd Harry Strømsli

einingsleiar byggesak og arealforvaltning

X

X

X

Mona Kidøy Svalheim

einingsleiar legesenter og rehabilitering

X

X

X

Trond Ueland

kommunalsjef kultur/teknisk/næring

X

X

X

Helge Sæterdal

kommunalsjef barnehage/skule

X

X

 

Kurt Even Andersen

kommunalsjef helse og omsorg

X

X

X

Ole John Østenstad

rådmann

X

X

X

Steffen Ben Jonstad

controller

X

 

X

Frå Fylkesmannen i Sogn og Fjordane deltok:
Arnt Erik Nordheim, seniorrådgjevar, juridisk avdeling, revisor
Bjørg Eikum Tang, seniorrådgjevar, helse og sosialavdelinga, revisor
Anne Eli Wangen, fylkessjukepleiar, helse og sosialavdelinga, revisjonsleiar
Merete Steen, seniorrådgjevar, Statens helsetilsyn, observatør

[1] Statens helsetilsyn har avklåra med Helsedirektoratet om å omsetje løpende oversikt til jamleg oversikt.

 


Alle tilsynsrapportene fra det landsomfattende tilsynet

2014 Kommuners folkehelsearbeid

Søk