Helsetilsynet

Samandrag

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane gjennomførte 12. – 13. november 2014 tilsyn med Stryn kommune.

Tilsynet var ein del av det første landsomfattande tilsynet med folkehelsearbeidet i kommunane som fylkesmennene gjer hausten 2014 etter oppdrag frå Statens helsetilsyn.

Tema for tilsynet var kommunen sitt arbeid med å halde jamleg[1] oversikt over helsetilstanden til innbyggjarane og dei positive og negative faktorane som kan virke inn på denne.

Målsetjinga for tilsynet var å sjå etter at kommunar som ikkje hadde sett i gang systematisk, jamleg oversiktsarbeid, kjem i gang med dette.

Fylkesmennene fekk i tillegg i oppdrag å kartlegge det jamlege oversiktsarbeidet i kommunar der arbeidet var kome i gang, og ut frå denne kartlegginga gje kommunen ei rettleiande vurdering av status for arbeidet.

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane sin konklusjon ved tilsynet:

Det er ikkje avdekka avvik frå krav om jamleg oversiktsarbeid etter folkehelselova.

Kommunen har oppretta ei styringsgruppe for folkehelsearbeidet samansett av rådmannen, helse- og sosialsjef, teknisk sjef, skule- og kultursjef og plan- og næringssjef. Folkehelsekoordinator er sekretær for gruppa. Kommunen har utarbeidd funksjonsomtale for styringsgruppa og for folkehelsekoordinator. Kommunen har også utarbeidd prosedyre for det jamlege oversiktsarbeidet som ligg på Kvalitetslosen.

Folkehelsekoordinator har hovudansvaret for å samordne det fire-årlege oversiktsdokumentet. Dette arbeidet er i gang. Folkehelsekoordinator har henta inn erfaringsbasert kunnskap frå dei ulike einingane, og frå fylkeskommunale og statlege kjelder som er samla i eit utkast til oversiktsdokument. Det er utarbeidd plan for det vidare arbeidet med oversiktsdokumentet.

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane vurderer at kommunen er i oppstartfasen med oversiktsarbeidet. Det jamlege oversiktsarbeidet bør vere del av kommunen si ordinære verksemd. Kommunen bør sikre at arbeidet med å innhente, gjennomgå og vurdere opplysningar har ei tverrsektoriell innretning. Kommunen bør etablere ordningar /arenaer og rutinar for tverrfagleg vurdering av innhenta informasjon med tanke på årsaker og konsekvensar. Kommunen må vere merksam på utviklingstrekk som kan gje sosiale helseskilnader.

Kommunen bør ta stilling til kva område/tema som jamleg skal følgjast med på, og korleis dette skal dokumenterast. Ut frå kommunale utfordringar og ressursar bør kommunen ta stilling til kva opplysningar den treng, kva kunnskapskjelder den må bruke for å få tak i desse og kor ofte den må hente inn desse opplysningane. Kommunen må sikre at tilsette som skal delta i arbeidet med faglege vurderingar vert gjort kjende med dette, og at dei får nødvendig opplæring i regelverket og innføring i arbeidet. Kommunen må sikre samfunnsmedisinsk kompetanse i dette arbeidet.

Tilsynet er avslutta.

Anne Eli Wangen
revisjonsleiar

Bjørg Eikum Tang
revisor

 

 

1. Innleiing

Rapporten er utarbeidd etter tilsyn 12. – 13. november 2014 med Stryn kommune.

Tilsynet var ein del av det landsomfattande tilsynet med kommunane sitt folkehelsearbeid som fylkesmennene gjennomfører hausten 2014 etter oppdrag frå Statens helsetilsyn.

Tema for tilsynet var kommunen sitt arbeid med å halde jamleg oversikt over helsetilstanden til innbyggjarane og dei positive og negative faktorane som kan virke inn på denne.

Fylkesmannen har fått myndigheit til å føre tilsyn med korleis kommunen oppfyller plikter pålagt i eller i medhold av §§ 4–9 og §§ 27–30 i lov om folkehelsearbeid (folkehelselova).

Fylkesmannen sitt tilsynsansvar og myndigheit følgjer av folkehelselova § 31, jf. kommunelova § 10A.

Dette første landsomfattande tilsynet med kommunane sitt folkehelsearbeid har følgjande innretning:

  1. Lovlegkontroll

    Fylkesmannen undersøkjer om kommunen har kome i gang med eit jamleg oversiktsarbeid. Der fylkesmannen konkluderer med avvik, vert kommunen følgd opp til tilhøva er retta.
  2. Rettleiande vurdering av kommunen sitt jamlege oversiktsarbeid:

    I kommunar der fylkesmannen konkluderer med at eit jamleg oversiktsarbeid har kome i gang, skal dette arbeidet kartleggast. Fylkesmannen gjev kommunen ei tilbakemelding i form av ei rettleiande vurdering av status. Kommunane står fritt i høve til om, og i kva grad, dei følgjer opp denne vurderinga.

2. Omtale av verksemda - spesielle forhold

Kommunen er organisert etter ein tre-nivåmodell; med etatssjefar, tenesteleiarar og mellomleiarar. Rådmannen si leiargruppe består av helse- og sosialsjef, teknisk sjef og skule- og kultursjef.

Gjeldande kommuneplan med samfunnsdel vart vedteken 23.10.2013.

Innbyggjartalet i kommunen var 7 134 pr. 01.01.2014. Personar over 80 år utgjer ein relativt stor del av befolkninga (5,4 %). Det er relativt mange innbyggjarar og norskfødde med innvandrarforeldre (13,8 %). Kommunen har ein låg kvinnedel, som kommunen opplever som ei utfordring. Det er befolkningsauke i kommunesenteret (Stryn) og Loen, medan bygdene og tettstadane ikring har nedgang i folketalet.

Kommunen har 9 kommunale barnehagar, 2 ikkje- kommunale barnehagar og 8 grunnskular. Det er vidaregåande skule i kommunen. Privat næringsliv og reiseliv er sentrale næringar. Kommunen har eit aktivt organisasjonsliv. Stryn kommune har partnarskap med fylkeskommunen innan folkehelsearbeid.

Kommunen har tilsett folkehelsekoordinator i 40 % stilling, organisatorisk plassert i staben til helse- og sosialsjef. Det er etablert ei eiga styringsgruppe for folkehelsearbeidet. Styringsgruppa består av rådmannen, helse- og sosialsjef, teknisk sjef, skule- og kultursjef og plan- og næringssjef, med folkehelsekoordinator som sekretær. Kommunen har bestemt at folkehelse skal vere eit satsingsområde, og at folkehelse skal vere gjennomgripande i kommunen sitt arbeid og tenester.

I følgje kommunale planar og intervju med tilsette har kommunen utfordringar knytt til kvaliteten på drikkevatn. Kommunen har også utfordringar knytt til geografi med lange avstandar, og livsstilsutfordringar knytt til inaktivitet, overvekt, tobakksbruk og rus.

3. Gjennomføring

Varsel om tilsyn vart sendt ut 23.06.2014.

Gjennomgang av aktuell informasjon før tilsynsbesøket: Sjå kapittel om dokumentunderlag.

Formøte vart halde 22.10.2014.

Opningsmøte vart halde 12.11.2014.

Intervju

14 personar som vart intervjua.

Gjennomgang av dokumentasjon under tilsynsbesøket: Sjå kapittel om dokumentunderlag.

Sluttmøte vart halde 13.11.2014.

4. Kva tilsynet omfatta

Tilsynet omfatta kommunen sitt arbeid med å halde jamleg oversikt over helsetilstanden til innbyggjarane og dei positive og negative faktorane som kan virke inn på denne (folkehelselova §§ 5, 30, jf. 27, forskrift om oversikt over folkehelsa §§ 3 og 4).

Bakgrunn for valet av jamleg oversiktsarbeid som tilsynstema

Oversikt over helsetilstanden og påverknadsfaktorar er ein naudsynt føresetnad for at kommunane skal ha eit kunnskapsbasert grunnlag for planlegging og tiltak på folkehelseområdet. Kravet til kommunen om å ha slik oversikt var derfor eit naturlig temaval for det første landsomfattande tilsynet med kommunane sitt folkehelsearbeid.

Kommunane skal både ha jamleg oversikt, og kvart fjerde år (neste gang innan hausten 2016) ha utarbeidd eit samla oversiktsdokument som del av grunnlaget for planstrategien sin. Tilsyn med folkehelsearbeidet i kommunen skal vere tilpassa den fireårige plansyklusen i kommunen. Sidan det landsomfattande tilsynet skulle gjennomførast hausten 2014, vart det retta mot kommunane sitt jamlege oversiktsarbeid.

Lovlegkontrollen ved tilsynet

Tilsynet hadde som målsetjing å sjå til at kommunar som ikkje hadde sett i gang systematisk, jamleg oversiktsarbeid, kom i gang med dette. Å ha kome i gang inneber at kommunen gjennom sin internkontroll har lagt til rette for at det jamlege oversiktsarbeidet kan gjennomførast slik folkehelselova og forskrift om oversikt over folkehelsa legg opp til, og at det er aktivitet på området.

Det vart undersøkt

  • om arbeidet hadde ei tilstrekkeleg forankring i kommuneleiinga
  • om det var avklart kva tilhøve det jamleg ville være naudsynt å innhente oppdaterte opplysningar om
  • om det var lagt til rette for å kunne nytte aktuelle sentrale og lokale kunnskapskjelder
  • om det var lagt opp til at arbeidet med å innhente, gjennomgå og vurdere opplysningane hadde ei tverrsektoriell innretning
  • om oppgåvefordelinga var avklart og gjort kjent for involverte einingar/sektorar
  • om det var sørgt for at medarbeidarane hadde tilstrekkelege kunnskapar og dugleik til å utføre oppgåvene sine, og om kommunen hadde sørgt for å ha naudsynt samfunnsmedisinsk kompetanse
  • om kommuneleiinga følgde med på at det jamlege oversiktsarbeidet var kome i gang og at det skjedde aktivitetar på området

Kartlegging og rettleiande vurdering av det jamlege oversiktsarbeidet

I tillegg til sjølve lovlegkontrollen, hadde det landsomfattande tilsynet som målsetjing å bidra til at kommunar som allereie hadde starta opp eit jamleg oversiktsarbeid, vidareutvikla dette. Med utgangspunkt i dei aktuelle lovkrava gjennomførte fylkesmannen i desse kommunane ei kartlegging av kommunen sitt jamlege oversiktsarbeid. Kartlegginga danna grunnlaget for ei tilbakemelding til kommunen i form av ei rettleiande vurdering av status for kommunen sitt jamlege oversiktsarbeid.

Folkehelselova og forskrift om oversikt over folkehelsa overlèt i stor utstrekning til kommunen sjølv å vurdere, ut frå lokale tilhøve og prioriteringar, kva som er naudsynt innhald og omfang av opplysningar og vurderingar i kommunen sin jamlege oversikt.

Aktuelle tema som var ein del av fylkesmannen si kartlegging og vurdering (ikkje uttømmande):

  • kommunen si tilrettelegging/styring
  • kva kommunen hadde avgjort å følgje med på sett opp mot dei folkehelseutfordringane kommunen hadde identifisert
  • om kommunen hadde teke stilling til kva for opplysningar som skulle hentast inn frå kva kjelder og i kva utstrekning opplysningane vart henta inn
  • i kva omfang det vart gjort faglege vurderingar av dei innhenta opplysningane
  • i kva omfang det fanst skriftleg dokumentasjon av opplysningar og vurderingar

5. Funn

Det er ikkje avdekka avvik frå krav om jamleg oversiktsarbeid etter folkehelselova § 5, jf. § 30, og forskrift om oversikt over folkehelsa § 4, jf. § 3.

6. Vurdering av styringssystemet i verksemda

Kommunen si tilrettelegging/styring

Kommunen har etablert strukturar for oversiktsarbeidet med eiga styringsgruppe for folkehelsearbeidet. I styringsgruppa er rådmannen, teknisk sjef, plan og næringssjef, skule- og kultursjef og helse- og sosialsjef. Folkehelsekoordinator er sekretær. Gruppa skal ha møte minst ein gong kvart halvår og elles ved behov. Det er utarbeidd funksjonsomtale for arbeidet til gruppa. Det er utarbeidd prosedyre for kommunen sitt jamlege oversiktsarbeid på Kvalitetslosen.

Folkehelsekoordinator har ansvar for samordning av oversiktsarbeidet. Det er utarbeidd funksjonsomtale for folkehelsekoordinator. Folkehelsekoordinator har fått ansvar for å koordinere arbeidet med utarbeiding av oversiktsdokument. Plan og næringssjef har ansvar for å involvere ulike fagpersonar i planarbeid, i tillegg til fast planlag på fire tilsette.

Kommunen har tilsett kommunelege 1 med ansvar for smittevern, psykososialt kriseteam og medisinskfagleg rådgjeving. Kommunen har ikkje tilsettsett personell med samfunnsmedisinsk kompetanse. Kommunen har i lengre tid arbeidd med å etablere interkommunal ordning for å sikre slik kompetanse. Ny avtale skal opp til politisk handsaming før nyttår. Avtalen skal dekke kommunen sine plikter etter folkehelselova, også knytt til epidemiologiske analysar i oversiktarbeidet.

Vurdering:

Kommunen er i oppstartfasen med oversiktsarbeidet. Det jamlege oversiktsarbeidet bør vere del av kommunen si ordinære verksemd. Kommunen bør legge opp til at arbeidet med å innhente, gjennomgå og vurdere opplysningar har ei tverrsektoriell innretning. Kommunen bør etablere ordningar /arenaer og rutinar for tverrfagleg vurdering av innhenta informasjon med tanke på årsaker og konsekvensar. Kommunen må vere merksam på utviklingstrekk som kan gje sosiale helseskilnader. Kommunen må sikre at tilsette som skal delta i arbeidet med faglege vurderingar får nødvendig opplæring i regelverket og innføring i arbeidet. Kommunen må sikre samfunnsmedisinsk kompetanse i dette arbeidet.

Tema/område kommunen har avgjort å følgje med på, ut frå identifiserte folkehelseutfordringar

Kommunen har starta utarbeiding av eit oversiktsdokument (kunnskapsdokument) der Helsedirektoratet sin rettleiar IS-2110 blir brukt som mal. Kommunen har ikkje teke stilling til kva tema som skal følgjast særskilt med på med grunnlag i utfordingar og ressursar i Stryn kommune. Det er heller ikkje gjort vurderingar av innsamla data med tanke på årsaker og kvensekvensar. Kommunen har utarbeidd plan for det vidare arbeidet med oversiktsdokumentet. Kommunen vil i det vidare arbeidet drøfte og ta stilling til om og eventuelt korleis det jamlege oversiktsarbeidet skal vere knytt til/ danne grunnlag for det 4-årlege oversiktsdokumentet.

Vurdering:

Kommunen bør ta stilling til kva område/tema som jamleg skal følgjast med på, og korleis dette skal dokumenterast.

Om kommunen har teke stilling til kva for opplysningar som skulle hentast inn frå kva kjelder, og i kva utstrekning opplysningane vart henta inn

Kommunen har gjennomført innhenting av erfaringsbasert kunnskap om utfordringar og ressursar frå dei ulike tenesteeiningane. Kommunen har henta inn data frå ulike statlege og fylkeskommunale kjelder. Opplysningane er samla i eit utkast til oversiktsdokument.

Vurdering:

Ut frå kommunale utfordringar og ressursar bør kommunen ta stilling til kva opplysningar den treng, kva kunnskapskjelder den må bruke for å få tak i desse og kor ofte den må hente inn desse opplysningane.

I kva omfang det er gjort faglege vurderingar av dei innhenta opplysningane

Kommunen har ikkje teke stilling til korleis faglege vurderingar av innhenta informasjon skal gjennomførast og kven som skal delta i dette arbeidet. Det er planlagt felles møte med aktuelle leiarar og fagfolk for drøfting av kommunen sitt utfordringsbilde basert på utkast til oversiktsdokument i november /desember 2014.

Vurdering:

Kommunen bør avklare kven som skal bidra i arbeidet med faglege vurderingar av innhenta informasjon og sikre at alle som skal delta i arbeidet er gjort kjende med kva arbeidet inneber og kva oppgåver dei har fått ansvar for.

I kva omfang det fanst skriftleg dokumentasjon av opplysningar og vurderingar

Sektorane har samla ulik dokumentasjon /statistikk for eigne ansvarsområde. Deler blir brukt til årsrapportering. Kommunen har utarbeidd eigen statistikkpakke som vert nytta i kommunal planlegging. Erfaringsbasert kunnskap til bruk i oversiktsarbeid er innhenta og samla frå ulike tenesteområde i eit første utkast til oversiktsdokument (kunnskapsdokument for folkehelse). Kommunen utfører vurderingar av sektorvise data og innhentar faglege vurderingar frå andre tenesteområde i samband med fortløpande planarbeid.

Vurdering:

Kartlegginga i sektorane og tverrfaglege vurderingar i allereie etablerte fora, kan i større grad forankrast i folkehelselova og kravet om jamleg oversikt.

7. Regelverk

8. Dokumentunderlag

Dokumentasjon oversendt i forkant av tilsynet:

  • Organisasjonskart for Stryn kommune
  • Oversikt over tilsette med oppgåver som er tema under tilsynet med folkehelsearbeid
  • Orienteringsnotat om organisering, ansvar og mynde i folkehelsearbeidet, 16.10.2014
  • Tiltaksplan for folkehelsearbeidet i Stryn kommune 2013 – 2014
  • Mandat for folkehelserådet i Stryn kommune
  • Funksjonsomtale – styringsgruppe for folkehelsearbeidet i Stryn kommune
  • Funksjonsomtale – Førebyggingsforum for ungdomsmiljøet i Stryn
  • Stillingsomtale for kommunelege
  • Stillingsomtale for leiande helsesøster
  • Stillingsomtale for folkehelsekoordinator
  • Stillingsomtale for sakshandsamar miljøretta helsevern
  • Stillingsomtale for plan og næringssjef
  • Prosedyre for kommunen sitt jamlege oversiktsarbeid over helsetilstanden blant innbyggjarane og faktorar som påverkar denne
  • Plan for arbeid med å få på plass kommunen sitt første Kunnskapsdokument for folkehelse
  • Brev frå folkehelsekoordinator til ulike samarbeidspartar – innhenting av erfaringskunnskap, med svarskjema og svar frå tenesteeiningar
  • Mal for innhald i kunnskapsdokument
  • Kunnskapsdokument for folkehelse, utkast pr. november 2014.

Dokument som er lasta ned frå kommunen sine nettsider:

  • Kommunal planstrategi 2012 – 2015 Stryn kommune
  • Kommuneplanen 2013 – 2024, Samfunnsdelen Stryn kommune
  • Handlingsdel for samfunnsdel av kommuneplanen, med økonomiplan, 2014 – 2017.
  • Handlingsplan mot vald og trugsmål i nære relasjonar (2011)
  • Kommunedelplan for idrett, fysisk aktivitet og friluftsliv 2013 – 2016
  • Kommunedelplan for vassforsyning 2011 – 2020
  • Kommunedelplan for kultur 2013 – 2016
  • Rusmiddelpolitisk handlingsplan 2012 – 2016
  • Bustadsosial handlingsplan 2010 – 2021
  • Handlingsplan for busetting av flyktningar og innvandrarar i Stryn kommune 2013 – 2017
  • Trafikktryggleiksplan (2009)
  • Kommunedelplan for oppvekst 2014 – 2024 (utkast til offentleg ettersyn)

Dokument som vart utlevert under tilsynet:

  • Frå Kvalitetslosen: prosedyre for kommunen sitt løpande oversiktsarbeid over helsetilstanden blant innbyggjarane og faktorar som påverkar denne.

9. Deltakarar ved tilsynet

I tabellen under er det gjeve ei oversikt over deltakarane på opningsmøtet og sluttmøtet, og over dei personane som vart intervjua.

Deltakere ved tilsynet
Namn Funksjon / stilling Opningsmøte Intervju Sluttmøte

Kari Synnøve Muri

folkehelsekoordinator

X

X

X

Eli-Katrin Kirkeeide

sakshandsamar miljøretta helsevern

X

X

X

Aslaug Hånøy Nygård

pleie og omsorg Stryneområdet

X

X

X

Geirmund Dvergsdal

plan og næringssjef

 

X

X

Britt Tomasgard

leiande helsesøster

X

X

X

Mark Moher Persson

kommunelege I

X

X

X

Kari Tonning

sosialtenesta i NAV

X

X

X

Malin Carlsson

avdelingsleiar for barnehage

X

X

X

Hilde Lødøen

avdelingsleiar for skule

X

X

X

Elisabeth Scheen Bøe

avdelingsleiar ergo/fysioterapi

X

X

X

Jan Bakke Flore

teknisk sjef

X

X

X

Odd Einar Fimreite

skule og kultursjef

X

X

X

Berit Wetlesen

helse og sosialsjef

X

X

X

Per Kristian Storevik

rådmann

X

X

 

Frå Fylkesmannen i Sogn og Fjordane deltok:

Andreas Andersen Rusten, rådgjevar, observatør
Bjørg Eikum Tang, seniorrådgjevar, helse og sosial avdelinga, revisor
Arnt Erik Nordheim, seniorrådgjevar, juridisk avdeling, revisor
Anne Eli Wangen, fylkessjukepleiar, helse og sosialavdelinga, revisjonsleiar

[1] Statens helsetilsyn har avklåra med Helsedirektoratet om å omsetje løpende oversikt til jamleg oversikt.

 


Alle tilsynsrapportene fra det landsomfattende tilsynet

2014 Kommuners folkehelsearbeid

Søk