Hopp til hovedinnhold

Hovedmeny

Historisk arkiv Dette innholdet er arkivert og vil ikke bli oppdatert.

Samandrag

Fylkesmannen i Telemark gjennomførte 20.10. 2014 tilsyn med Vinje kommune.

Tilsynet var ein del av det første landsomfattande tilsynet med folkehelsearbeidet i kommunane, som fylkesmennene gjer hausten 2014 etter oppdrag frå Statens helsetilsyn.

Tema for tilsynet var kommunens arbeid med å halde jamleg [1] oversikt over helsetilstanden til innbyggjarane og dei positive og negative faktorane som kan virke inn på denne.

Målsetjinga for tilsynet var å sjå etter at kommunar som ikkje hadde sett i gang systematisk, jamleg oversiktsarbeid, kjem i gang med dette.

Fylkesmennene fekk i tillegg i oppdrag å kartleggje det jamlege oversiktsarbeidet i kommunar der arbeidet var korne i gang, og ut frå denne kartleggjinga gje kommunen ei rettleiande vurdering av status for arbeidet.

Fylkesmannens konklusjon ved tilsynet:

Fylkesmannen finn ikkje at kommunens arbeid på dette feltet er i strid med krav i folkehelselova og oversiktsforskrifta.

Etter vår vurdering er kommunens arbeid med jamleg oversikt over helsetilstand og påverknadsfaktorar komen godt i gang. Oversiktsarbeidet er enno noko usystematisk, og Fylkesmannen meiner at Vinje kommune kan forbetre styringa (internkontrollen) med oppgåvene etter folkehelselova.

May Trude Johnsen
revisjonsleiar

Roger Jensen
revisor

 

Kristin Bjerkeseth Vindvad
revisor

 

 

1. Innleiing

Rapporten er utarbeidd etter tilsyn 20.10. 2014 med Vinje kommune.

Tilsynet var ein del av det landsomfattande tilsynet med kommunane sitt folkehelsearbeid, som fylkesmennene gjennomfører hausten 2014 etter oppdrag frå Statens helsetilsyn.

Tema for tilsynet var kommunen sitt arbeid med å halde jamleg oversikt over helsetilstanden til innbyggjarane og dei positive og negative faktorane som kan virke inn på denne.

Fylkesmannen har fått myndigheit til å føre tilsyn med korleis kommunen oppfyller plikter pålagt i eller i medhald av §§ 4-9 og §§ 27-30 i lov om folkehelsearbeid (folkehelseloven). Fylkesmannen sitt tilsynsansvar og myndigheit følgjer av folkehelseloven § 31, jf. kommuneloven § 10 A.

Dette første landsomfattande tilsynet med kommunane sitt folkehelsearbeid har følgjande innretning:

1. Lovlegkontroll

Fylkesmannen undersøkjer om kommunen har korne i gang med eit jamleg oversiktsarbeid. Der fylkesmannen konkluderer med avvik, vert kommunen følgd opp til tilhøva er retta.

2. Rettleiande vurdering av kommunen sitt jamlege oversiktsarbeid:

I kommunar der fylkesmannen konkluderer med at eit jamleg oversiktsarbeid har korne i gang, skal dette arbeidet kartleggjast. Fylkesmannen gjev kommunen ei tilbakemelding i form av ei rettleiande vurdering av status. Kommunane står fritt i høve til om, og i kva grad, dei følgjer opp denne vurderinga.

2. Omtale av verksemda - spesielle forhold

Vinje kommune ligg i Vest-Telemark og hadde 3723 innbyggjarar 01.01.2014.

Kommunen er organisert som to-nivåkommune, med rådmann, assisterande rådmann og 17 resultateiningar.

Vinje kommune har forankra folkehelsearbeidet på rådmannsnivå. Folkehelsearbeidet i kommunen er tverrsektorielt, og helse- og omsorgssjef og NAV-leiar har delegert ansvar for oppfølgjing av folkehelselova. Det er etablert eit folkehelseråd som har vore i funksjon frå 2010. Folkehelserådet består av rådmann, folkehelsekoordinator, helse- og omsorgssjef, SLT-koordinator, representant frå planavdelinga og frå kultur, samt ein skulesjef. Kommunen har 20% folkehelsekoordinator og 40% kommuneoverlege, som er organisert i helse- og omsorgseininga. Kommuneoverlegen har i stillingsomtalen som oppgåve å kartleggje helsetilstanden i kommunen og delta i helseplanleggjing, og Folkehelseinstituttets kommuneprofil brukast som grunnlag. Kommunen har også planlagt å bruke kartleggjing gjennom Ungdata i 2015 som grunnlag for kommunalt plan- og utviklingsarbeid knytt til folkehelse og førebyggjande arbeid overfor ungdom.

Kommunen har gjeve ei oversikt over folkehelsa i gjeldande planstrategi, og folkehelserådet har og omtala dette i sine referat til kommunen. I oversiktsdokumentet over folkehelsa i Vinje kommune i 2014 står det at helsetilstanden i kommunen er god. Det er mange positive faktorar som påverkar helsetilstanden, bl.a. nærleik til naturen, rik lokal kultur og aktive idrettsmiljø. Utfordringar kan vere å skape sosiale møteplassar for alle aldrar og leggje til rette for kvardagsaktivitet.

Vinje kommune har i sin kommunale plan.strategi bestemt at det ikkje skal utarbeidast ein eigen plan for folkehelsearbeid, men at folkehelsearbeidet skal innlemmast i øvrig plan.verk. Folkehelsearbeidet er omtala i fl.eire temaplan.ar, årsmeldingar og i Tilstandsrapport frå Vinjeskulen.

3. Gjennomføring

  • Varsel om tilsyn vart sendt ut 07.08. 2014.
  • Formøte vart halde 16.09.2014.
  • Gjennomgang av aktuell informasjon før tilsynsbesøket: Sjå kapittel om dokumentunderlag
  • Opningsmøte vart halde 20.10.2014.
  • Samtalar med seks personar blei gjennomført enkeltvis.
  • Gjennomgang av dokumentasjon under tilsynsbesøket: Sjå oversikt i Sjå kapittel om dokumentunderlag.
  • Sluttmøte vart halde 20.10.2014.

4. Kva tilsynet omfatta

Tilsynet omfatta kommunen sitt arbeid med å halde jamleg oversikt over helsetilstanden til innbyggjarane og <lei positive og negative faktorane som kan virke inn på denne (folkehelseloven §§ 5, 30, jf. 27, forskrift om oversikt over folkehelsen §§ 3 og 4).

Bakgrunn for vaiet av jamleg oversiktsarbeid som tilsynstema

Oversikt over helsetilstanden og påverknadsfaktorar er ein naudsynt føresetnad for at kommunane skal ha eit kunnskapsbasert grunnlag for planlegging og tiltak på folkehelseområdet. Kravet til kommunen om å ha slik oversikt var derfor eit naturlig temaval for det første landsomfattande tilsynet med kommunane sitt folkehelsearbeid.

Kommunane skal både ha jamleg oversikt, og kvart fjerde år (neste gang innan hausten 2016) ha utarbeidd eit samla oversiktsdokument som del av grunnlaget for plan.strategien sin. Tilsyn med folkehelsearbeidet i kommunen skal vere tilpassa den fireårige plan.syklusen i kommunen. Sidan det landsomfattande tilsynet skulle gjennomførast hausten 2014, vart det retta mot kommunane sitt jamlege oversiktsarbeid.

Lovlegkontrollen ved tilsynet

Tilsynet hadde som målsetjing å sjå til at kommunar som ikkje hadde sett i gang systematisk, jamleg oversiktsarbeid, kom i gang med dette. Å ha kame i gang inneber at kommunen gjennom sin internkontroll har lagt til rette for at det jamlege oversiktsarbeidet kan gjennomførast slik folkehelselova og forskrift om oversikt over folkehelsa legg opp til, og at det er aktivitet på området.

Det vart undersøkt

  • om arbeidet hadde ei tilstrekkeleg forankring i kommuneleiinga
  • om det var avklart kva tilhøve det jamleg ville vere naudsynt å innhente oppdaterte opplysningar om
  • om det var lagt til rette for å kunne nytte aktuelle sentrale og lokale kunnskapskjelder
  •  om det var lagt opp til at arbeidet med å innhente, gjennomgå og vurdere opplysningane hadde ei tverrsektoriell innretning
  • om oppgåvefordelinga var avklart og gjort kjent for involverte einingar/sektorar
  • om det var sørgt for at medarbeidarane hadde tilstrekkelege kunnskapar og dugleik til å utføre oppgåvene sine, og om kommunen hadde sørgt for å ha naudsynt samfunnsmedisinsk kompetanse
  • om kommuneleiinga følgde med på at det jamlege oversiktsarbeidet var korne i gang og at det skjedde aktivitetar på området

Kartleggjing og rettleiandende vurdering av det jamlege oversiktsarbeidet

I tillegg til sjølve lovlegkontrollen, hadde det landsomfattande tilsynet som målsetjing å bidra til at kommunar som allereie hadde starta opp eit jamleg oversiktsarbeid, vidareutvikla dette. Med utgangspunkt i dei aktuelle lovkrava gjennomførte Fylkesmannen i desse kommunane ei kartleggjing av kommunen sitt jamlege oversiktsarbeid. Kartleggjinga danna grunnlaget for ei tilbakemelding til kommunen i form av ei rettleiande vurdering av status for kommunen sitt jamlege oversiktsarbeid.

Folkehelseloven og forskrift om oversikt over folkehelsa overlet i stor utstrekning til kommunen sjølv å vurdere, ut frå lokale tilhøve og prioriteringar, kva som er naudsynt innhald og omfang av opplysningar og vurderingar i kommunen sin jamlege oversikt.

Aktuelle tema som var ein del av Fylkesmannen si kartleggjing og vurdering (ikkje uttømmande):

  • kommunen si tilretteleggjing/styring
  • kva kommunen hadde avgjort å følgje med på sett opp mot dei folkehelseutfordringane kommunen hadde identifisert
  • om kommunen hadde teke stilling til kva for opplysningar som skulle hentast inn frå kva kjelder og i kva utstrekning opplysningane vart henta inn
  • i kva omfang det vart gjort faglege vurderingar av dei innhenta opplysningane
  • i kva omfang det fanst skriftleg dokumentasjon av opplysningar og vurderingar

5. Funn

Fylkesmannen finn ikkje at kommunens arbeid på dette feltet er i strid med krav i folkehelselova og oversiktsforskrifta, og det vart difor ikkje påvist avvik.

6. Vurdering av styringssystemet i verksemda

Kartleggjinga har vi gjort ved å gjennomgå dokumenta som er lista i kapittel 8. Opplysningar om helsetilstand, påverknadsfaktorar og tiltak som er omtalte i dokumenta, har vi sett i samband med opplysningar som kom fram i samtalane med leiarar og tilsette 20. oktober 2014.

Det gjerdast mykje godt folkehelsearbeid i Vinje kommune, og kommunen har hatt fokus på friskvern og førebyggjande arbeid i minst 30 år.

Kommunen har satt i gang ei heilhetleg kartleggjing, men er framleis lite systematisk. I det tidlige oversiktsarbeidet bruk.ast mest data frå folkehelsebarometeret til Folkehelseinstituttet. Lokalt framskaffa helsestatistikk har i liten grad vert brukt i utarbeidinga av oversiktsdokument eller i planarbeida, men kommunen har mykje god og relevant lokalkunnskap i <lei einskilde sektorane. Utfordringa er å samle denne kunnskapen og knyte han saman i eit folkehelseperspektiv.

Det kjem også fram at det er uklare rutinar for korleis kunnskap om folkehelsa skal brukas i planarbeidet. Det er samstundes mykje kunnskap og engasjement om folkehelse i <lei ulike einingane, og kommunen har gjennom åra satt i gang mange gode tiltak.

Kommunen har laga ein første versjon av oversiktsdokument «Oversikt over folkehelsa i Vinje kommune», som er utarbeida av kommuneoverlegen i september 2014. Dokumentet tek utgangspunkt i <lei krav som oversiktsforskrifta §3 viser. Kommuneoverlegen har i si stillingsomtale i oppgåve å kartleggje helsetilstanden i kommunen.

Det er ikkje fastlagt rutinar for korleis andre tilsette skal delta i kartleggjing, vurdering og formidling av oversikta, men <lei tilsette som blei intervjua var særs motiverte for å gjere dette systematisk og tverrsektorielt. Etter tilsynet vil kommunen ta tak i<lei sentrale spørsmåla for å få ein effektiv og tilstrekkeleg organisering av det jamlege oversiktsarbeidet.

Vinje kommune har i mange år vore aktiv partner i folkehelsenettverket i Telemark, som fylkeskommunen leiar. Kommunen har mellom anna hatt besøk av statistikar frå fylkeskommunen, som har informert folkehelserådet og leiarmøtet om oversiktsarbeid. Nytt møte er planlagd i november 2014.

I tillegg til tema oversiktsarbeid har kommunen fleire gonger hatt folkehelsearbeid som tema på leiarmøter. Der møtest alle verksemdene i kommunen, som er blitt utfordra av kommunen sin folkehelsekoordinator til å konkretisere sine folkehelsetiltak. Folkehelse synest derfor å ha ei god forankring, både i leiinga og ned i kommuneorganisasjonen. Dette kjem og fram i brei omtale i planstrategien 2012-15. Rådmannen har også i fleire år delteke i folkehelserådet.

7. Regelverk

  • Lov 24. juni 2011 nr. 29 om folkehelsearbeid (folkehelseloven)
  • Forskrift 28. juni 2012 nr. 692 om oversikt over folkehelsen

8. Dokumentunderlag

Korrespondanse mellom Vinje kommune og Fylkesmannen i Telemark:

  • Melding om tilsyn, brev av 07.08.2014 frå Fylkesmannen i Telemark
  • Invitasjon til formøte, brev av 20.08.2014
  • Dokumentasjon -Tilsyn med folkehelsearbeid -Vinje kommune 01.10.14
  • E-brev 09.10.2014 frå Vinje kommune
  • E-brev med vedlegg 09.10.2014 frå Vinje kommune

Dokument som er tilsendt frå Vinje kommune:

  • Kommunens organisering.
  • Stillingsomtale for kommuneoverlege (medisinskfagleg rådgjevar), fagleg leiar av Vinje frisklivssentral, folkehelsekoordinator og fysioterapeut i Vinje kommune.
  • Administrativt delegasjonsreglement
  • Planstrategi for Vinje kommune
  • Kommuneplan 2007-2019, med arealdel og samfunnsdel
  • Kommunedelplan for trafikksikring 2008-2015
  • Plan for idrett, fysisk aktivitet og friluftsliv 2014-2017
  • Felles undervisningsplan for barnehagar og skular i Vinje kommune 2014/2015
  • Fakta om Frisklivssentralen i Vinje
  • Turkart - Syner til folkehelseprofilen for Vinje kommune
  • Oversikt over folkehelsa i Vinje kommune, datert 30.09.2014
  • Årsmelding frå fysioterapiavdelinga 2013
  • Årsmelding for helsesystertenesta i Åmot 2013
  • Partnerskapsavtale. Folkehelseprogram for Telemark 2006-2009. Vinje kommune
  • Referater frå folkehelserådet
  • Oversyn folkehelsetiltak Vinje helse og omsorg september 2013
  • Smittevernplan Vinje kommune

Dokument som var tilsendt tidlegare og dokumenter som var lasta ned frå kommunens nettside:

  • Offentleg høyring av planstrategi for Vinje 2012-2015

Dokument som blei overlevert:

  • Tilstandsrapport for Vinjeskulen 2013-2014
  • Referater frå Folkehelserådet
  • Partnerskapsavtale

9. Deltakarar ved tilsynet

I tabellen under er det gjeve ei oversikt over deltakarane på opningsmøtet og sluttmøtet, og over dei personane som vart intervjua.

Ikke publisert her

Frå Fylkesmannen i Telemark deltok: Ass. fylkeslege May Trude Johnsen, seniorrådgjevar Roger Jensen og seniorrådgjevar Kristin Bjerkeseth Vindvad

[1]  Statens helsetilsyn har avklåra med Helsedirektoratet om å omsetje løpende oversikt til jamleg oversikt.

 


Alle tilsynsrapportene fra det landsomfattende tilsynet

2014 Kommuners folkehelsearbeid

Søk