Helsetilsynet

Samandrag

Fylkesmannen i Vest-Agder gjennomførte 28.oktober 2014 tilsyn med Hægebostad kommune.

Tilsynet er ein del av det første landsomfattande tilsynet med folkehelsearbeidet i kommunane, som fylkesmennene gjer hausten 2014 etter oppdrag frå Statens helsetilsyn.

Tema for tilsynet er kommunen sitt arbeid med å halde jamleg 1 oversikt over helsetilstanden til innbyggjarane og dei positive og negative faktorane som kan verke inn på denne.

Målsetjinga for tilsynet er å sjå etter at kommunar som ikkje har sett i gang systematisk, jamleg oversiktsarbeid, kjem i gang med dette.

Fylkesmannen fekk i tillegg i oppdrag å gje kommunane ei rettleiande vurdering av status i folkehelsearbeidet.

Fylkesmannen sin konklusjon ved tilsynet i Hægebostad:

Det vart påvist følgjande avvik:

Kommunen har ikkje lagt til rettes for eller komme i gang med samla arbeid for jamleg oversikt over helsetilstand og påverknadsfaktorar, jf. folkehelselova §§5 og 30 og folkehelseforskrifta §§ 3 og 4.

Dato: 4.desember 2014

Kristian Hagestad
revisjonsleiar

Marie Christine F. Calisch
revisor

 

1. Innleiing

Rapporten er utarbeidd etter tilsynsbesøk i Hægebostad kommune 28.10.14.

Tilsynet er ein del av det landsomfattande tilsynet med kommunane sitt folkehelsearbeid, som fylkesmennene gjennomfører hausten 2014 etter oppdrag frå Statens helsetilsyn.

Tema for tilsynet var kommunen sitt arbeid med å halde jamleg oversikt over helsetilstanden til innbyggjarane og <lei positive og negative faktorane som kan verke inn på denne.

Fylkesmannen har fått myndigheit til å føre tilsyn med korleis kommunen oppfyller plikter pålagte i eller i medhald av §§ 4-9 og §§ 27-30 i lov om folkehelsearbeid (folkehelselova). Fylkesmannen sitt tilsynsansvar og -myndigheit følgjer av folkehelselova § 31, jf. kommunelova § 10A.

Dette første landsomfattande tilsynet med kommunane sitt folkehelsearbeid har følgjande innretning:

  1. Lovlegkontroll
    Fylkesmannen undersøkjer om kommunen har korne i gang med eit jamleg oversiktsarbeid. Der fylkesmannen konkluderer med avvik, vert kommunen følgd opp til tilhøva er retta.
  2. Rettleiande vurdering av status for kommunen sitt arbeid:
    Fylkesmannen gjev kommunen ei tilbakemelding i form av rettleiande vurdering av status. Kommunane står fritt i høve til om, og i kva grad, <lei følgjer opp denne vurderinga.

2. Skildring av kommunen

Hægebostad kommune er ein landkommune i indre Vest-Agder. Kommunen har i overkant av 1700 innbyggjarar og eit areal på 461 km2, og av dette dekkjer kommunen sine 988 vatn heile

36 km2. I øvre delen ligg sørspissen av Setesdals vesthei verneområde. Vassdraget Lygna set sitt særpreg på kommunen, både som kommunen sitt største vatn - Lygne - i Eiken, og som elv ned igjennom heile dalføret. Vassdraget med alle sideelver og -bekkar er verna.

Det lågaste punktet i kommunen ligg 150 m.o.h" medan det høgste ligg 966 m.o.h. Dette gjev kommunen ein variert og vakker natur med rike moglegheiter for jakt, fiske og friluftsliv.

Kommunen er også særs rik på gamle og unike kulturminne.

Innbyggjarane bur spreidd i kommunen. Det er liten mobilitet i befolkninga. Dei fleste bur i eigne hus. Det er tradisjonelt ein kommune med låge bukostnader, men auka utbygging <lei seinare åra har medført noko endring i så måte.

Kommunikasjonen frå og til kommunen er god. Sørlandsbanen kryssar kommunen med stasjon på Snartemo. Riksveg nr. 42 og 43 dannar hovudfartsårane for biltrafikk gjennom kommunen.

Det er høg andel arbeidsplassar innan eigen kommune. Hægebostad er tradisjonet ei industri bygd og landbruk er ei viktig arbeidsplass. 12% av <lei yrkesaktive arbeider i primærnæringa.

I følgje Folkehelseinstituttets folkehelseprofil for Hægebostad har kommunen høg andel unge uføre, det er mange som brukar kolesterolsenkande legemiddel, og forekomst av sjukdom i muskel- og skjelettsystemet er høgare enn landsgjennomsnittet.

Kommunen si organisering:

Hægebostad kommune – Organisasjonskart

20 % Folkehelsekoordinator (Under helse- og sosial i organisasjonskart – satt inn i teksten her her under redigering)

Kommunen har ikkje eige folkehelseutval.

3. Gjennomføring av tilsynet

Varsel om tilsyn vart sendt ut 6. juli 2014.

Gjennomgang av aktuell informasjon før tilsynsbesøket: Sjå oversikt i kapittel om dokumentunderlag.

Opningsmøte vart halde 28. oktober 2014.

Intervju: Seks personar vart intervjua.

Gjennomgang av dokumentasjon under tilsynsbesøket: Sjå oversikt i kapittel om dokumentunderlag.

Sluttmøte vart halde 28. oktober 2014.

4. Kva tilsynet omfatta

Tilsynet omfatta kommunen sitt arbeid med å halde jamleg oversikt over helsetilstanden til innbyggjarane og dei positive og negative faktorane som kan verke inn på denne (jf. folkehelselova §§ 5, 30, jf. §27, forskrift om oversikt over folkehelsa §§ 3 og 4).

Bakgrunn for valet av jamleg oversiktsarbeid som tilsynstema

Oversikt over helsetilstanden og påverknadsfaktorar er ein naudsynt føresetnad for at kommunane skal ha eit kunnskapsbasert grunnlag for planlegging og tiltak på folkehelseområdet. Kravet til kommunen om å ha slik oversikt var derfor eit naturlig temaval for det første landsomfattande tilsynet med kommunane sitt folkehelsearbeid.

Kommunane skal både ha jamleg oversikt og kvart fjerde år ha utarbeidd eit samla oversiktsdokument som del av grunnlaget for planstrategien sin. Tilsyn med folkehelsearbeidet i kommunen skal vere tilpassa den fireårige plansyklusen i kommunen. Sidan det landsomfattande tilsynet blir gjennomført hausten 2014, vart det retta mot kommunane sitt jamlege oversiktsarbeid.

Lovlegkontrollen ved tilsynet

Tilsynet har som målsetjing å sjå til at kommunar som ikkje hadde sett i gang systematisk jamleg oversiktsarbeid, kjem i gang med dette. Å ha kome i gang inneber at kommunen gjennom sin internkontroll har lagt til rettes for at det jamlege oversiktsarbeidet kan gjennomførast slik folkehelselova og forskrift om oversikt over folkehelsa legg opp til, og at det er aktivitet på området.

Det vart ved tilsynet undersøkt

  • om arbeidet hadde ei tilstrekkeleg forankring i kommuneleiinga
  • om det var avklart kva tilhøve det jamleg ville vere naudsynt å innhente oppdaterte opplysningar om
  • om det var lagt til rettes for å kunne nytte aktuelle sentrale og lokale kunnskapskjelder
  • om det var lagt opp til at arbeidet med å innhente, gjennomgå og vurdere opplysningane hadde ei tverrsektoriell innretning
  • om oppgåvefordelinga var avklart og gjort kjent for involverte einingar/sektorar
  • om det var sørgt for at medarbeidarane hadde tilstrekkelege kunnskapar og dugleik til å utføre oppgåvene sine, og om kommunen hadde sørgt for å ha naudsynt samfunnsmedisinsk kompetanse
  • om kommuneleiinga følgde med på at det jamlege oversiktsarbeidet var korne i gang, og at det skjedde aktivitetar på området 

Rettleiande vurdering

I tillegg til sjølve lovlegkontrollen, har det landsomfattande tilsynet som målsetjing å bidra til vidareutvikling av folkeheksearbeidet gjennom ei tilbakemelding til kommunen i form av rettleiande vurdering av status.

Folkehelselova og forskrift om oversikt over folkehelsa overlet i stor utstrekning til kommunen sjølv å vurdere, ut frå lokale tilhøve og prioriteringar, kva som er naudsynt innhald og omfang av opplysningar og vurderingar i kommunen sin jamlege oversikt.

Aktuelle tema som var ein del av fylkesmannen si kartlegging og vurdering (ikkje uttømmande):

  • kommunen si tilrettelegging/styring
  • kva kommunen hadde avgjort å følgje med på, sett opp mot dei folkehelseutfordringane kommunen hadde identifisert
  • om kommunen hadde teke stilling til kva for opplysningar som skulle hentast inn frå kva for kjelder, og i kva utstrekning opplysningane vart henta inn
  • i kva omfang det vart gjort faglege vurderingar av dei innhenta opplysningane
  • i kva omfang det fanst skriftleg dokumentasjon av opplysningar og vurderingar

5. Fylkesmannen sin konklusjon ved lovlegkontrollen

Ved tilsynet vart det påvist følgjande avvik:

Kommunen har ikkje tilrettelagt for eller komme i gang med samla arbeid for jamleg oversikt over helsetilstand og påverknadsfaktorar jf folkehelselova §§ 5 og 30 og jf folkehelseforskrifta §§ 3 og 4.

Observasjonar som ligg til grunn for avviket

  • Kommunen sitt ansvar etter folkehelselova, forskrift om oversiktsarbeid og kva kravet til oversiktsarbeidet inneber er ikkje godt nok kjent.
  • Det er uklart korleis oversiktsarbeidet skal organiserast, kven som har ansvaret, og korleis arbeidsdelinga er.
  • Rolla til folkehelsekoordinatoren framstod som uklar.
  • Kommunen har ikkje identifisert kva for kjelder som skal brukast for oversiktsarbeidet.
  • Det føreligg deldata i ulike dokument, men ikkje nokon førebels samla dokumentasjon.

Som utdjuping av kulepunkt to vil vi peike på at kravet til korleis oversiktsarbeidet skal organiserast og kva det skal innehalde, går fram av <<Forskrift om oversikt over folkehelse». Rettleiinga til forskrifta, som Helsedirektoratet har utarbeidd, er nyttig for kommunane i det praktiske arbeidet med å imøtekomme krava i forskrifta. Ved tilsynet framkom det at ansvaret for det oversiktsarbeidet som lovverket krev, ikkje var klart oppfatta, ikkje tydeleg politisk og organisatorisk forankra, og det var heller ikkje planlagt når arbeidet skulle startast opp. Vi observerte at det var uklart kven som skulle medverke ioversiktsarbeidet, og kva eit slikt oversiktsdokument skulle innehalde. Vidare var det uklart om kommunen hadde nødvendig kompetanse innan statistikk, analyse og samfunnsmedisin for å kunne ivareta oppgåva.

6. Fylkesmannen si totalvurdering av kommunen sitt folkehelsearbeid på bakgrunn av systemrevisjon og kartleggingstilsyn

I tillegg til systemrevisjon har Fylkesmannen iVest-Agder gjennomført eit kartleggingstilsyn iform av eigenvurderingskjema, som alle kommunane i fylket har fått tilsendt. Kartlegginga tek for seg fleire av dei same punkta som systemrevisjonen, men dekkjer eit vidare felt av folkehelsearbeidet og med særleg fokus på internkontroll.

Ved tilsynet såg Fylkesmannen at det finst ei rekke positive tilhøve, som er viktig å ta med seg vidare i det kommunale folkehelsearbeidet. Vi såg at kommunen hadde fleire dokument med data som kunne brukast vidare i oversiktsarbeidet. Bl.a. la kommunen fram dokumentet Analyse av styringsdata, som kan vere nyttig. Det framkom også at kommunen hadde eigne data frå skulen. Kommunelegen var oppteken av å bruke samledata frå pasientjournalar ved legesenteret.

Kommunen har vare flink til å involvere frivillege lag m.v. i folkehelsearbeid. Det er teke omsyn til medverknad i arbeidet med fleire kommunale planar, bl.a. Trafikksikkerhetsplanen og Plan for idrett, friluftsliv og fysisk aktivitet. Fylkesmannen oppmodar kommunen til å halde fram med denne praksisen i arbeidet med nye kommunale planar. Det framkom av kartleggingstilsynet at eit visst folkehelseperspektiv var ivareteke i kommuneplanen sin samfunnsdel, arealdel og økonomiplan. Samstundes ser vi at omtalen av folkehelsearbeid med tilhøyrande tiltak i stor grad er avgrensa til fysisk aktivitet og ikkje femner til det breiare samfunnsretta folkehelsearbeidet.

Det er stort fokus på fysisk aktivitet og tilrettelegging med universelt utforma turstiar. Dette er flotte tiltak for å gje kommunen sine innbyggjarar moglegheit til aktivitet i kvardagen.

Likestillingsperspektivet er også ivareteke, og vi ser fram til å sjå om aktivitetar kring dette vil gje resultat på sikt. Samstundes vil vi oppfordre kommunen til i vidare arbeid med fokusområda å vere særskild merksam på faktorar som kjem fram av oversiktsarbeidet, både dei som påverkar positivt og dei som har negativ effekt på folkehelsa.

Hægebostad kommune har ein folkehelsekoordinator i 20 % stilling, som også er koordinator og leiar av Frisklivsentralen i 20 % stilling. Folkehelsekoordinator er ein engasjert og motivert person som ønskjer å løfte folkehelsearbeidet i kommunen. Ho er organisatorisk plassert i eining for helse og omsorg, men sit som folkehelsekoordinator også i leiargruppa i kommunen. Det er opp til den enkelte kommunen å avgjere korleis den som skal koordinere folkehelsearbeidet, er organisatorisk plassert, basert på lokale tilhøve. Fylkesmannen finn likevel grunn til å peike på nasjonale rapportar som har vist at fleire av dei kommunane som har lykkast best i folkehelsearbeidet, organisatorisk har folkehelsekoordinator i stab hos rådmannen, gjeme i større stillingsheimel.

Kommunen har eigen Frisklivssentral som tilbyd vegleiing og aktivitet på levevanefeltet. Det er gjort ein jobb med å utvikle plan for denne, og det er positivt at den set fokus på barn og unge.

Under tilsynet blei Fylkesmannen gjort merksam på at kommuneoverlegen skal avslutte sitt arbeidsforhold våren 2015. Vi vil minne kommunen på at i følgje folkehelselova § 27 skal kommunen ha nødvendig samfunnsmedisinsk kompetanse. Vi rår til at det blir teke omsyn til dette ved tilsetting av ny kommuneoverlege. Dersom vedkommande lege ikkje er spesialist i samfunnsmedisin, bør kommunen leggje til rettes for at han/ho kan gjennomføre slik utdanning.

I eigenvurderingsskjema og under tilsynet blei det spurt om rutinar for rapportering av folkehelsearbeidet. I svara er det vist til årsmeldinga frå kommunen. Vi har ikkje hatt høve til å sjå denne og korleis den ivaretek dette aspektet. Vi vil anbefale at kommunen i årsmeldinga får fram samanhengen mellom utviklinga av folkehelsa i kommunen og dei folkehelsetiltaka som er sette i verk, for på den måten å kunne evaluere og justere innsatsen innan folkehelsearbeidet.

Fylkesmannen ser at Hægebostad har eit godt grunnlag for å ta fatt på eit meir systematisk folkehelsearbeid. Det krev at kommunen forankrar dette tydeleg både politisk og organisatorisk, og at fireårsdokumentet for oversiktsarbeidet er klart når ny planstartegi for kommunen skal utarbeidas i starten av neste valperiode. Vi ønskjer Hægebostad lykke til i vidare arbeid med folkehelse i kommunen.

7. Regelverk

Lov 24. juni 2011 nr. 29 om folkehelsearbeid (folkehelseloven) (https://lovdata.no/dokument/NL/lov/2011-06-24-29)

Forskrift 28. juni 2012 nr. 692 om oversikt over folkehelsen (https://lovdata.no/dokument/SF/forskrift/2012-06-28-692)

8. Dokumentunderlag

Dokumentasjon relevant for tilsyn med folkehelse, tilsendt før tilsynet:

  • Organisasjonskart
  • Kommunal planstrategi -perioden 2012-2015
  • Kommuneplan Hægebostad samfunnsdelen- langsiktig del 2013-2023
  • Diverse plankart
  • Eiken kommunedelplan
  • Friluftskart
  • Planforslag- Kommundelplan for idrett, friluftsliv og fysisk aktivitet 2014-2018
  • Trafikksikkerhetsplan 2015-2019
  • Viksomhetsplan Hægebostad Frisklivsentral 2014-2015
  • Folkehelseprofil 2014 for Hægebostad kommune frå Folkehelseinstituttet
  • Virksomhetsplan for Eiken Helsestasjon 2014-2016
  • Årsplan Eiken barnehage 2014-2015
  • Diverse planar og rutinar få Eiken skule og Kollemo skule
  • Stillingsinnstruks for kommuneoverlege
  • Stillingsinnstruks for folkehelsekoordinator
  • Stillingsinnstruks for leiar Frisklivsentralen

Dokumentasjon relevant for tilsyn med folkehelse framkommen under tilsynet:

  • Analyse av styringsdata 2013

9. Deltakarar ved tilsynet

I tabellen under er ei oversikt over deltakarane frå kommunen på opningsmøtet og sluttmøtet, og over dei personane som blei intervjua.

Deltakere ved tilsynet
Navn Funksjon / stilling Åpningsmøte Intervju Sluttmøte

Linda Snartemo

Folkehelsekoordinator

X

X

X

Odd Arve Kvinnesland

Einingsleiar Plan og drift

X

X

X

Atle Eikeland

Rektor

X

X

X

Uwe Malitius

Kommuneoverlege

X

X

X

Jerry Brastad

Einingsleiar Helse og sosial

X

X

X

Ivan Sagebakken

Rådmann

 

X

X

X

Frå Fylkesmannen i Vest-Agder deltok:
Revisjonsleiar: Kristian Hagestad, fylkeslege
Revisor: Marie Christine F. Calisch, seniorrådgivar folkehelse
Medlem: Tom Egerhei, ass. fylkesmann
Medlem: Fredrik Dahl, seniorrådgivar avd. helse- og omsorg

1 Statens helsetilsyn har avklåra med Helsedirektoratet å omsetje løpende oversikt til jamleg oversikt.

 


Alle tilsynsrapportene fra det landsomfattende tilsynet

2014 Kommuners folkehelsearbeid

Søk