Hopp til hovedinnhold
Innhold 1 Samandrag

Meny

Innhold 1 Samandrag
Rapport fra Helsetilsynet

1. Samandrag

Statsforvaltarane undersøkte i 2020–21 om pasientar som manglar evne til å gi samtykke og som ikkje vil ta imot hjelp, får nødvendig helsehjelp. Vidare at hjelpa så langt det er mogleg, blir gitt utan bruk av tvang. Tilsynet undersøkte om:

  1. Motstand frå pasientar mot helsehjelpa blir fanga opp.
  2. Motstand frå pasientar blir følgt opp med tillitsskapande tiltak.
  3. Samtykkekompetansen til pasientar blir vurdert, og den som er ansvarleg for helsehjelpa, vurderer om helsehjelpa skal gjennomførast med tvang.
  4. Tvungen helsehjelp blir fortløpande evaluert i gjennomføringsperioden.

Tilsynet vart gjennomført i sjukeheimar og i heimebaserte tenester i totalt 55 kommunar. Tilsynet vart gjennomført som systemrevisjon og eigenvurderingar, totalt 30 systemrevisjonar og 27 eigenvurderingar.

Kva fann vi?

Det vart påpeikt lovbrot i 19 av dei 30 systemrevisjonane. Alle kommunane, forutan to, fann avvik frå eitt eller fleire av krava i eigenvurderingane sine. 

Lovbrota avdekker at regelverket gitt i kapittel 4 A i pasient- og brukarrettslova, ikkje er tilstrekkeleg forstått og innarbeidd i tenestene. Vi finn blant anna at:

  • Motstand frå pasienten mot helsehjelpa blir ikkje alltid fanga opp.
  • Samtykkekompetansen til pasienten blir ikkje alltid vurdert.
  • Pasienten tar ofte imot tillitsskapande tiltak, men dei er mangelfullt planlagde, følgde opp og evaluerte av helsepersonellet.
  • Pasienten får ikkje alltid vedtak på tvungen helsehjelp når dei skal ha det.
  • Pasientvedtaket om tvang blir ikkje alltid evaluert.
  • Pasienten møter helsepersonell med mangelfull kunnskap og kompetanse i å bruke regelverket, og manglande felles praksis.
  • Pasienten møter tenester der det kan vere uklart kven som er ansvarleg for helsehjelpa.
  • Pasienten møter tenester med utydelege styringslinjer og ikkje god nok oversikt over risikoområde.

Ein alvorleg konsekvens av desse forholda er at pasientar blir utsette for ulovleg tvang når helsehjelpa blir gitt. Eksempel på dette kjem fram i tilsynet. Dersom det ikkje ligg føre eit vedtak på tvangsbruk, har pasienten heller ikkje eit vedtak å klage på, og står i realiteten utan rettsikkerheit. Mangelfull forståing for korleis regelverket skal praktiserast, fører også til at pasientar risikerer å ikkje få nødvendig helsehjelp, sjølv når dei oppfyller vilkåra for tvang.

Formålet med å gi nødvendig helsehjelp til pasientar utan samtykkekompetanse, og rettsikkerheitsgarantiar til pasientar som tar imot helsehjelp med tvang, blir dermed ikkje oppfylt.

Funna i dette tilsynet vart også avdekte i tilsynet med tvungen somatisk helsehjelp i 2011–2012 (1). Helsetilsynet finn det alvorleg at den same svikten som vart påvist den gongen, framleis er gjeldande ti år etter. Helsetilsynet meiner det er grunn til å stille spørsmål ved om styresmaktene gir tilstrekkeleg faglege føringar og støtte til det vedvarande behovet tenestene har for kompetanseutvikling på temaet tvungen somatisk helsehjelp. Helsetilsynet vil, i nærare dialog med aktuelle fagetatar, følgje opp rapporten og funna i tilsynet.

Helsetilsynet har desse tilrådingane til kommunane:
  • Kommunen må sikre at tilsette har den kunnskapen og kompetansen som er nødvendig, slik at pasientar ikkje blir utsette for ulovleg tvang eller risikerer ikkje å få nødvendig helsehjelp. Dette inneber eit ansvar for å sørgje for opplæring og rettleiing, men også å følgje med på at kompetansehevande tiltak blir gjennomførte og at tiltaka resulterer i at helsepersonellet blir trygga på praktiseringa av regelverket.
  • Kommunen må sikre ei tydeleg plassering av ansvar, oppgåver og myndigheit på området tvungen somatisk helsehjelp. Det må vere klart kven som er ansvarleg for helsehjelpa, og kommunen må sikre at ansvars- og oppgåvefordelinga er kjend for dei tilsette.
  • Kommunen må sikre at nødvendige opplysningar fortløpande blir førte i pasientjournalen og legge til rette for god informasjonsflyt mellom involvert helsepersonell og med den som er ansvarleg for helsehjelpa.

Eit kontinuerleg forbetringsarbeid er nødvendig, slik at pasientar blir sikra nødvendige helsefaglege vurderingar og helsehjelp.  Kommunen må bruke informasjon om eigen praksis, identifisere risiko og setje i verk og følgje med på at dei tiltaka dei set i verk, har ønskt verknad.