Helsetilsynet

Oversikt over oppgåvene

Oppgåvene til fylkesmannen, der Statens helsetilsyn er overordna myndigheit, omfattar:

  • planlagt tilsyn: føre tilsyn med sosiale tenester, barnevern-, helse- og omsorgstenester gjennom systemrevisjonar, kartleggingar, besøk med samtaler med bebuarane  og andre metodar. Tilsynet skjer dels som del av landsomfattande tilsyn bestemt av Statens helsetilsyn og dels valt ut frå forholda i fylket
  • enkeltsaker om svikt: behandling av enkeltsaker med spørsmål om svikt i tenestene (tilsynssaker). Slike saker kan opprettast på grunnlag av klager frå pasientar, brukarar eller pårørande, av medieoppslag, meldingar frå arbeidsgjevar, førespurnad frå andre delar av helsetenesta o.a.
  • rettigheitsklager: behandling av klagesaker som gjeld befolkninga sin rett til tenester etter blant anna pasient- og brukarrettsloven, barnevernloven og sosialtenesteloven
  • tvang og makt: overprøve vedtak, behandle klager og nokre andre oppgåver i samband med bruk av tvang og makt overfor menneske med utviklingshemming, menneske utan samtykkekompetanse som motsett seg helsehjelp og barn og ungdom i barneverninstitusjonar 
  • ulike andre oppgåver i samband med barnevern og med smittevern m.m.
  • områdeovervaking
  • formidling av tilsynserfaringar til forvaltninga, tenestene og offentlegheita

I tillegg til oppgåvene som tilsynsmyndigheit, som vert styrt av Statens helsetilsyn, har fylkesmennene mange oppgåver med gjennomføring av statleg politikk m.m. som gjeld sosiale tenester, barnevern-, helse- og omsorgstenester, der overordna myndigheit er Arbeids- og sosialdepartementet (ASD), Barne- og likestillingsdepartementet (BLD), Helse- og omsorgsdepartementet (HOD), Arbeids- og velferdsdirektoratet (AVdir) og Helsedirektoratet (Hdir). Dei oppgåvene fylkesmannen utfører på helseområdet med Helsedirektoratet (Hdir) som overordna myndigheit, bl.a. oppgåver knytta til førerkort, er beskrivne i embetsoppdraget frå Hdir, sjå lenkelista nedanfor, og på fylkesmennene sine nettstader.  

Lovgrunnlag for oppgåvene, myndigheit gitt fylkesmennene og fylkesmannsinstruksen

Lov- eller forskriftsheimel for kvar enkelt sakstype der det vert utøvd myndigheit finst i artikkelen Myndigheit – fylkesmannen.

Fylkesmannen sitt tilsynsoppdrag og myndigheit som klageinstans generelt går fram av

  • barnevernloven § 2-3 (tilsyn)
  • helse- og omsorgstenesteloven § 12-3 (tilsyn)
  • helsetilsynsloven §§ 2 og 3 (tilsyn)
  • sosialtenesteloven § 9 (tilsyn) og §§ 47 og 48 (klagebehandling)

Tilsynsoppdraget for fylkesmennene som gjeld helse- og omsorgstenesta er senest gjort greie for i politisk dokument i Prop. L 91 (2010–2011), sjå del 6 om klage- og tilsynsordningar.

Dei samla oppdraga for fylkesmannen går fram av Fylkesmannsinstruksen. 

Oppgåvene for kvart enkelt år og rapportering av resultat

For kvart enkelt år får fylkesmennene oppdraget gjennom framlegget frå regjeringa til statsbudsjett (Prop.1 S, proposisjonane for HOD, ASD, BLD og KMD) og Stortinget si behandling av budsjettet (Innst. 11 S, 14 S og 16 S) frå Helse- og omsorgskomiteen, Familie- og kulturkomiteen og Kommunal- og forvaltningskomiteen. Oppdraget vert formidla med føringar frå Helse- og omsorgsdepartementet, Barne- og likestillingsdepartementet og Arbeids- og sosialdepartementet gjennom Kommunal- og moderniseringsdepartementet (KMD) sitt embetsoppdrag til fylkesmennene. Statens helsetilsyn sender i tillegg eit eige embetsoppdrag.

Aktivitetar og resultat hos fylkesmennene  og oppnåing av resultatmål blir rapportert i fylkesmannsembetenes årsrapporter og i årsrapport for Statens helsetilsyn, sjå artikkelen Årsrapporter.

Organisering av fylkesmannsembetene

Tilsyn med og klagebehandling som gjeld sosiale tenester, barnevern-, helse- og omsorgstenester i det enkelte fylket blir utført av fylkesmannen, underlagt Statens helsetilsyn. Fylkesmannen i Oslo og Akershus har begge fylka i sin embetskrets.

I kvart fylkesmannsembete finst ein fylkeslege, som skal vere leiar for tilsyns- og klageoppgåvene som gjeld helse- og omsorgstenester (helsetilsynsloven § 1). I de fleste fylkesmannsembeta er oppgåvene som gjeld sosiale tenester, barnevern-, helse- og omsorgstenester samla i ein avdeling. Informasjon om intern organisering av det enkelte embete finst på fylkesmennene sine nettstader, sjå organisasjonskart og dessutan i artikkelen Kontaktinformasjon – fylkesmennene, der det også finns namn på avdelingane og leiing.

Kontaktfylkesmenn og ansvar for tilsyn med fylkesovergripande helseforetak

Helsetilsynsloven seier i § 1 fjerde ledd andre punktum:
”Statens helsetilsyn kan gi den enkelte fylkesmann oppgaver som omfatter et større geografisk område enn eget fylke.”

I tilsynet med helseføretak som dekkjer fleire fylker samarbeider fylkesmennene. Slik ønskjer tilsynsmyndigheitene å opptre samla ovanfor dei som tilsynet rettar seg mot.

For kvar helseregion er fylkesmannen i eitt av fylka i regionen utpeika som kontaktfylkesmann med oppgåve bl.a. å samordne kontakten med det regionale helseføretaket (RHF). Kontaktfylkesmennene er:

Nord: Fylkesmannen i Troms (Fylkesmannen i Troms og Finnmark fra 2019)

Midt-Norge: Fylkesmannen i Trøndelag

Vest: Fylkesmannen i Hordaland (Fylkesmannen i Vestland fra 2019)

Sør-Øst: Fylkesmannen i Oslo og Akershus (Fylkesmannen i Oslo og Viken fra 2019)

Enkelte helseføretak dekkjer meir enn eitt fylke (fylkesovergripande helseføretak). Fylkesmannen i eitt fylke har fått ansvar for tilsyn med helseføretaket (eitt helseføretak – ein tilsynsmyndigheit). Fordelinga er slik:

 

Helseregion

Fylkesovergripande helseføretak

Tilsynsmyndigheit

Sør-Øst

Sykehuset Innlandet HF

Fylkesmannen i Hedmark/Fylkesmannen i Oppland

Sør-Øst

Vestre Viken HF

Fylkesmannen i Buskerud/Fylkesmannen i Oslo og Akershus

Sør-Øst

Sørlandet sykehus HF

Fylkesmannen i Aust- og Vest-Agder

Vest

Helse Fonna HF

Fylkesmannen i Hordaland (egen avtale med Fylkesmannen i Rogaland)

Nord UNN. Universitetssykehuset i Nord-Norge Fylkesmannen i Troms/Fylkesmannen i Nordland

Dei involverte fylkesmennene har begge eit ansvar for at tilsynet framstår samordna og harmonisert.  

Tilsyn med petroleumsverksemda

Fylkesmannen i Rogaland har oppgåver og myndigheit ifm. petroleumsverksemda ved delegert myndigheit slik:

Statens helsetilsyn har bestemt at tilsyn etter petroleumslovgjevinga med installasjonar på land skal utførast av Fylkesmannen i Rogaland, uavhengig av kva fylke installasjonen ligg i.

Fylkesmannen i Rogaland: Helse – offshore

Fylkesmannen i Rogaland: Tilsynsrapporter

Redningstenesta

Helsemyndigheitene sin representasjon i leiinga av Hovudredningssentralane vert ivareteke av Fylkesmannen i Nordland for HRS Nord-Noreg og Fylkesmannen i Rogaland for HRS Sør-Noreg. 

Lenkeliste

Budsjettproposisjonar og embetsoppdrag

Regjeringa sine budsjettproposisjonar som gjeld fylkesmennene:

Andre lenker