Oppgåver og organisering – Statens helsetilsyn
Oversikt over oppgåvene
Statens helsetilsyn er den sentrale tilsynsmyndigheita for sosiale tenester, barnevern-, helse- og omsorgstenester og folkehelsearbeid. Oppgåvene omfattar:
- overvaking av tenesteytinga sett i høve til befolkninga sitt behov for tenester og samfunnet sine krav til tenestene
- overordna fagleg tilsynsstyremakt for dei nemnde tenestene
- behandling av enkeltsaker som handlar om alvorleg svikt i helse- og omsorgstenestene og der det er aktuelt med pålegg mot verksemder eller reaksjonar mot helsepersonell
- styring av den klagesaksbehandlinga som gjeld rett til tenester etter mellom anna barnevernloven, sosialtenesteloven, pasient- og brukarrettsloven, helse- og omsorgstenesteloven og folkehelsearbeid
- formidling av tilsynserfaringar til forvaltninga og tenestene
Statens helsetilsyn skal involvere pasienter, brukere og pårørende i alt tilsyn.
Måla for tilsyn og klagebehandling, sjå under Mål og strategiar.
Regelverksutvikling, fagutvikling, gjennomføring av politikk (handlingsprogrammer, handlingsplanar, nytt regelverk m.m.) og publikumsinformasjon ligg ikkje i Statens helsetilsyn. For barnevern ligg desse oppgåvene i Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir) og for helse- og omsorgstenester i Helsedirektoratet.
Overordna tilsynsmyndigheit for statsforvaltarane
Statsforvaltarane er tilsynsmyndigheit for sosiale tenester, barnevern-, helse- og omsorgstenester og folkehelsearbeid i sine fylke. Statsforvaltarane blir styrte i administrative saker (budsjett m.m.) frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet (KMD), Statens helsetilsyn har den faglege styringa. Dette inneber fastsetting av mål og krav innanfor dei rammene departementa set, utvikle metodar og drive opplæring i tilsyn, rettleie om policy og saksbehandling og sjå til at like saker blir behandla likt i heile landet.
Lovgrunnlag for oppdraget – myndigheit lagt til Statens helsetilsyn
Statens helsetilsyn sitt oppdrag går fram av barnevernloven, helsetilsynsloven, sosialtenesteloven og folkehelsearbeid, sjå under Myndigheit lagt til Statens helsetilsyn. Der finst også lov- eller forskriftsheimel for kvar enkelt sakstype der det vert utøvd myndigheit.
Tilsynsoppdraget for Statens helsetilsyn er gjort greie for seinast i Prop. 91 L (2010–2011) om helse- og omsorgstenesteloven, Prop. 90 L (2010–2011) om folkehelseloven, Ot.prp. nr. 69 (2008-2009) om barneverntenester, Ot.prp. nr. 103 (2008–2009) om sosiale tenester.
Overordna departement og oppgåvene for kvart enkelt år
Helse- og omsorgsdepartementet er overordna myndigheit, og Kommunetjenesteavdelingen har etatstyringsansvaret. Arbeids- og sosialdepartementet har styringsansvar for oppgåver som gjeld sosiale tenester og Barne- og familiedepartementet for oppgåver retta mot barnevernet. Etatstyringa skjer etter "Retningslinjer for virksomhetsstyringen i Helse- og omsorgsdepartementet".
For kvart enkelt år får Statens helsetilsyn oppdrag gjennom forslaget frå regjeringa til statsbudsjett (Prop.1 S) og Stortinget si behandling av budsjettet (Innst. 11 S) fra Helse- og omsorgskomiteen. Oppdraget vert formidla gjennom tildelingsbrevet frå Helse- og omsorgsdepartementet.
Tilsynsmyndigheitene er langt på veg uavhengig av løpande politisk styring, og prioriterer i stor grad sjølv kva tenester det skal bli ført tilsyn med og kva tema tilsynet skal omfatte. Denne prioriteringa skjer blant anna på grunnlag av informasjon om risiko og sårbarheit i tenestene.
Personale og budsjett
Statens helsetilsyn hadde ved utgangen av 2019 121 ansatte som utfører ca. 104 årsverk. Utgiftsbevilgning til drift av Statens helsetilsyn var cirka 142 mill. kr i 2019, og løyvingane blir gitt på kap. 748 i statsbudsjettet.
Organisasjon og leiing, organisasjonsnummer
Tilsynsmyndigheitene sin plass i forvaltninga er vist på organisasjonskart over den sentrale statsforvaltninga og statsforvaltarane.
Statens helsetilsyn har fem avdelingar:
Avdeling for barnevern og sosiale tenester (avd. 1)
Avdeling for kommunale helse- og omsorgstenester (avd. 2)
Avdeling for spesialisthelsetenester (avd. 3)
Avdeling for varsel og operativt tilsyn (avd. 4)
Administrasjonsavdelinga (avd. 5).
Brukerrådet i Statens helsetilsyn
Organisasjonskart for Statens helsetilsyn
Statens helsetilsyn blir leia av direktør Jan Fredrik Andresen og assisterande direktør Heidi Merete Rudi. Kommunikasjonsdirektør er Nina Vedholm og juridisk direktør Anders Haugland. Leiargruppa består av desse og dei fem avdelingsdirektørane.
Leiinga har ansvar for mediekontakt, publisering og anna kommunikasjonsarbeid, overvaking av streik og internasjonalt arbeid.
Avdelingsdirektørane er: Børge Tomter, avdeling for barnevern og sosiale tenester (avd. 1), Anne Myhr, avdeling for kommunale helse- og omsorgstenester (avd. 2), Kirsti Marie Stokkeland, avdeling for spesialisthelsetenester (avd. 3), Anders Haugland, fung. avd.dir. avdeling for varsel og operativt tilsyn (avd. 4), Kirsti Hellesylt, administrasjonsavdelinga (avd. 5).
Høgoppløyste bilete av leiargruppa i Statens helsetilsyn
Leiinga i Statens helsetilsyn
Organisasjonsnummer for Statens helsetilsyn er 974 761 394.
Oppgåvefordeling i den sentrale statsforvaltninga
Sjå organisasjonskart for den sentrale statsforvaltninga
Institusjonane i den sentrale statsforvaltninga
Sosiale tenester, barnevern-, helse- og omsorgstenester og folkehelsearbeid hører under tre departement: Arbeids- og sosialdepartementet (sosiale tenester), Barne- og familiedepartementet (barneverntenester) og Helse- og omsorgsdepartementet (helse- og omsorgstenester og folkehelsearbeid), med dei underliggande organa som finns i lenkelista nedanfor.
Arbeids- og sosialdepartementet (ASD)
Arbeids- og velferdsfovaltninga (Nav) (under ASD)
Barne- og familiedepartementet (BFD)
Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir) (under BFD)
Bioteknologirådet (under HOD)
Direktoratet for e-helse (E-helse) (under HOD)
Direktoratet for strålevern og atomsikkerhet (DSA) (under HOD)
Folkehelseinstituttet (FHI) (under HOD)
Fylkesnemndene for barnevern og sosiale saker (under BFD)
Helsedirektoratet (Hdir) (under HOD)
Helse- og omsorgsdepartementet (HOD)
Helseklage Nasjonalt klageorgan for helsetjenesten (under HOD, sekretariata til Pasientskadenemnda, Klagenemnda for behandling i utlandet, Preimplantasjonsdiagnostikknemnda, Statens helsepersonellnemnd, Apotekklagenemnda og Klagesaksbehandling i Helsedirektoratet lagt til Helseklage)
Mattilsynet (under HOD m. fl.)
Norsk pasientskadeerstatning (NPE) (under HOD)
Statens legemiddelverk (SLV) (under HOD)
Samarbeidsavtalar
Samarbeidsavtale mellom norske tilsynsmyndigheter. (pdf) Undertegnet 21.5.2019
Avtale mellom Forsvarsdepartementet og Helse- og omsorgsdepartementet om tilsyn med helsetjenester til norsk personell i militære operasjoner i utlandet. Avtalen gjeld frå 1.1 2016 til 31.12.2018. (Forlenget til 31.12.2019)
Samarbeidsavtale mellom Statens helsetilsyn og Arbeids- og velferdsetaten. Gjeld frå 26.9.2016
Samarbeidsavtale mellom Statens helsetilsyn og Helfo Gjeld frå 11.11.2016
Samarbeidsavtale mellom Statens legemiddelverk og Statens helsetilsyn Gjeld frå 24.4.2015
Samarbeidsavtale mellom Petroleumstilsynet og Statens helsetilsyn (pdf) Gjeld frå 23.11.2017
Sentrale bakgrunnsdokument
Prop. 150 L (2016–2017) Lov om statlig tilsyn med helse- og omsorgstjenesten mv. (helsetilsynsloven)
Prop. 91 L (2010–2011) om helse- og omsorgstenesteloven
Prop 90 L (2010–2011) folkehelseloven
Ot.prp. nr. 103 (2008–2009) om sosiale tenester i Nav, se kap. 5 og 9
Ot.prp. nr. 69 (2008–2009) Om lov om endringer i barnevernloven
Ot.prp. nr. 105 (2001–2002), se særlig kap. 3 og 4
Retningsliner for etatsstyringen i Helse- og omsorgsdepartementet
Budsjett og tildelingsbrev
Helse- og omsorgsdepartementets tildelingsbrev til Statens helsetilsyn for 2021 17.12.2020 (pdf)